Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal


Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal gjennomførte 7. og 8. juni 2007 tilsyn med helse- og sosialtenester til vaksne med alvorlege psykiske lidingar i Nesset kommune.

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen omfatta kommunen si styring og kontroll med at personar som har alvorlig psykisk sjukdom får individuelt tilrettelagde, samordna og forsvarlege tenester og at tenestemottakarane får medverke. Revisjonen omfatta alle fasar i tenesteytinga frå planlegging og tildeling til iverksetjing, gjennomføring og evaluering av tildelte sosial- og helsetenester.

Nesset kommune er ein liten kommune, og mange avklaringar blir teke fortløpande på ein uformell måte. Tilsette har god kunnskap om dei tenester kommunen kan yte, og gir ved behov informasjon til tenestemottakar om dette.

Internkontrollsystemet er fragmentert og lite tilgjengelig for tilsette. Beskriving av tenester finnes i stor grad på kommunen si internettside. Det er i hovudsak utarbeidd beskriving av stillingar for tenestene som tilsynet omfatta. Enkelte deltenester som tilsynet vurderte har permar med prosedyrar. Desse er av eldre dato, og det går i liten grad fram om desse er oppdatert og gyldig.

Psykiatrisk sjukepleie som skal gis i mottakar sin bustad tildeles ikkje ved enkeltvedtak. Mottakar av tenester med behov for langvarige og koordinerte helse- og/ eller sosialtenester, får i liten grad utarbeidd individuell plan. Kommunen har oppretta ansvarsgrupper for enkelte tenestemottakarar med psykiske lidingar. Desse tenestene blir i liten grad evaluert på ein systematisk og planlagt måte.

Støttekontaktar gis ikkje systematisk opplæring, rettleiing og oppfølging.

Det blei avdekka eit avvik:

Nesset kommunen sikrar ikkje forsvarleg utredning, planlegging og evaluering av tenestebehovet i samarbeid med tenestemottakar.

Einar Andersen
revisjonsleiar

Aase Årsbog Dyrset
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nesset kommune i perioden 13.3. – 13.8.2007. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Målgruppa for tilsynet er vaksne med alvorleg psykisk sjukdom, psykisk sjukdom og rusmiddelmisbruk og psykisk sjukdom og psykisk utviklingshemming. Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6. Helsetilsynet i fylket er gitt tilsvarande fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetenesta § 2. Fylkesmannen og fylkeslegen har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport. Oppfølginga av eventuelle avvik vil bli koordinert.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Nesset kommune har i overkant av 3 000 innbyggarar.

Kommunen er organisert i ni resultateiningar som blir leda av einingsleiarar. I forhold til tilsynet er desse einingane særleg aktuelle: Eining for helse og førebygging (psykiatrisk sjukepleiar, sosialteneste, familievegleiing, ergoterapeut, fysioterapeut), Pleie og omsorg (buteneste, heimeteneste, sjukeheim), Aktivitetssenter og Legetenestene.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 13.3.2007. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 7.6.2007.

Intervju: 13 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 8.6.2007.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp lang ei tidsline med tre fasar: 1) Oppstartfasen 2) Iverksettingsfasen 3) Oppfølgingsfasen. Kommunens oppgåver innanfor kvar av desse har samanheng med og kan påverke dei andre.

Tilsynet vurderte i forhold til oppstartfasen om kommunen sikrar:

  • tilgjengelige sosial- og helseteneste der ein fangar opp behov for tenester, og ved behov henvisar til rett instans
  • forsvarleg utredning og planlegging av tenestebehovet i samarbeid med mottakar av teneste
  • at det fattes avgjerd/vedtak som tilrettelegger for tenester og tiltak.

I forhold til iverksettingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar at:

  • tenester/tiltak vert sett i verk innan forsvarlig tid
  • tenester/tiltak vert sett i verk i tråd med planer, utgreiing og avgjerd
  • kriser og svingingar i sjukdom vert handtert på ein forsvarlig måte

I oppfølgingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar:

  • tilstrekkeleg kontinuitet og stabilitet i tenesteytinga slik at mottakaren av tenestene opplever eit kjent løp og tryggleik i sin kvardag
  • at nye/endra tenestebehov vert fanga opp, og at nødvendige endringar settes i verk på ein samordna måte.

Brukarmedverknad, koordinering, individualisering og forsvarleg tenesteyting var

sentrale perspektiv i alle fasane.

5. Funn

Avvik:

Nesset kommunen sikrar ikkje forsvarleg utredning, planlegging og evaluering av tenestebehovet i samarbeid med tenestemottakar

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Lov om helsetjenesten i kommunene § 2-1, tredje ledd
  • Lov om sosiale tjenester mv § 2-3
  • Forskrift om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

Avviket byggjer på følgjande:

  • Psykiatrisk sjukepleie som skal gis i mottakar sin bustad tildeles ikkje ved enkeltvedtak
  • Mottakar av tenester med behov for langvarige og koordinerte helse- og/ eller sosial- tenester, får i liten grad utarbeidd individuell plan. Kommunen har oppretta ansvarsgrupper for enkelte tenestemottakarar med psykiske lidingar. Intervju og dokumentgjennomgang viser i liten grad at desse tenestene blir evaluert på ein systematisk og planlagt måte
  • Det er oppnemnt ein koordinator i kommunen som skal avgjøre om individuell plan skal utarbeidast. I intervju kom det fram at funksjonen er uklar
  • Intervju og dokumentgjennomgang viser at kommunen i liten grad systematisk kartlegger søkjar/mottakar sin funksjonsevne, ressursar, eventuelt pårørandes bistand, bustadsituasjon m.m. Dette gjelder også tenestemottakaren sine mål, ressursar og behov for tenester
  • Intervju og dokumentgjennomgang viste at kommunen i liten grad evaluerer tenestene på ein planlagt og systematisk måte
  • Intervju og dokumentgjennomgang viste at det ikkje gis systematisk opplæring, rettleiing og oppfølging av støttekontaktar

Tilsynsorganet har elles merka seg:

  • Nesset kommune er ein liten kommune, og tilsette har stor kunnskap om organisasjonen og mange avklaringar blir teke fortløpande på ein uformell måte
  • Tilsette har god kunnskap om dei tenester kommunen kan yte, og gir ved behov informasjon til tenestemottakar om dette
  • Kommunen sikrar forsvarlig handtering av kontaktar uavhengig av kva eining/ delteneste i den kommunale sosial- og helsetenesten kontakten rettes til
  • Samarbeid mellom psykiatrisk sjukepleier og sjukepleier i heimetenesta blir sikra gjennom møter annakvar veke. Tilsvarande samarbeid skal startast opp med heimehjelpen. Samarbeid med andre deltenester gjennomføres ved behov. Fastlege deltar i ansvarsgrupper og har god oversikt over tenestetilbodet til pasientar med psykiske lidingar

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Internkontrollsystemet er fragmentert og lite tilgjengelig for tilsette.

Beskriving av tenester finnes i stor grad på kommunen si internettside. Det er i hovudsak utarbeidd beskriving av stillingar for tenestene som tilsynet omfatta. Enkelte deltenester som tilsynet vurderte har permar med prosedyrar for sine tenester. Desse er av eldre dato, og det går i liten grad fram om desse er oppdatert og gyldig.

Det er i liten grad system som sikrar vedlikehald og oppdatering av internkontrollsystemet. Kommunen har eit system for avvik. Dette var i varierande grad kjent og blir i liten grad nytta i høve til tenesteyting.

Nesset kommune er ein liten kommune, og har ein tradisjon for å ta avklaringar på ein uformell måte. Dette kan vere positivt, men utgjer også ein fare for at endringane ikkje blir gjort kjent for involverte som har eit behov for dette.

7. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Delegasjonsreglement
  • Planar:
    - Strategisk kompetanseplan 2007-2011
    - Kompetanseplan for pleie og omsorg 2006-2008
    - Kompetanseplan for eining for helse og førebygging 2007-2010
    - Ruspolitisk handlingsplan, vedtatt 1.3.2006
    - Opptrappingsplan for psykiatritenesta 2007-2010
  • Årsmelding:
    Nesset kommune for 2006
    Psykiatrisk sjukepleiar for 2006
    Ergoterapitenesta for 2006
  • Prosedyre:
    - Sakshandsaming – klientsakar
    - Klagehandsaming – klientsakar
    - Handsaming av avviksmeldingar
    - Avviksregistreringar
  • Mal for individuell plan
  • Funksjonsbeskriving:
    - Sosionom ved sosialtenesta
    - Psykiatrisk sjukepleiar
  • Beskriving av dei ulike einingane
  • Beskriving av tiltak:
    - Tiltak for rusmisbrukarar
    - Støttekontakt
    - Økonomisk sosialhjelp
    - Individuell plan
    - Psykiatrisk sjukepleiar
    - Sosiale tenester
  • Brosjyre:
    - Eining for helse og førebygging
    - Foreldrekafe
    - Familievegleiar

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Dokumentasjon om 10 tenestemottakarar med alvorlig psykisk sjukdom over lang tid. Dokumenta kom frå psykiatrisk sjukepleiar (10), fastlege (9), sosialtenesten (7), pleie og omsorg/heimetenesta (5), aktivitetssenter (4), familievegleiar (2)
  • Skjema for henvisning til psykiatrisk sjukepleier
  • Samtykkeerklæring for familievegleiar, psykiatrisk sjukepleiar, lege
  • Samtykkeerklæring for individuell plan
  • Informasjonsbrev for venteliste til psykiatrisk sjukepleiar

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn, brev frå Fylkesmannen/Helsetilsynet i Møre og Romsdal av 13.3.2007
  • Brev frå Nesset kommune med etterspurt dokumentasjon, motteke 4.5.2007
  • Brev frå Nesset kommune med ytterlege dokumenter, datert 24.5.2007
  • Diverse e-post kommunikasjon vedrørande program for tilsynet, endeleg program sendt i e-post av 30.5.2007

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Eva Solstad Alme

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

X

Johanne Silseth Bakken

Einingsleiar helse og førebygging

X

X

X

Tove Oppigard

Fysioterapeut

X

X

X

Arild Svendsen

Sosialleiar

X

X

X

Sissel Bugge

Hjelpepleiar i heimetenesta

X

X

Gunnbjørg Morewood

Heimehjelp i heimetenesta

X

X

Oddbjørg Aasen

Sjukepleiar i heimetenesta

X

X

X

Jan Karsten Schjølberg

Einingsleiar pleie og omsorg

X

X

X

Ellen Kristin Gagnat

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

X

Konrad Jamrozy

Einingsleiar legetenesta/ kommunelege I

X

X

Else Midsund

Fungerande einingsleiar aktivitetstenesta

X

X

X

Mari Husan

Ergoterapeut

X

X

Rigmor Brøste Kjersem

Rådmann

X

X

X

Solrun G. Riksfjord

Familievegleiar

X

X

Eli Schjølberg

Avdelingssjukepleiar, heime- tenesta

X


Frå tilsynsorganet deltok:
Revisjonsleiar, underdirektør Einar Andersen
Revisor, rådgivar Sverre Veiset
Revisor, rådgivar Aase Årsbog Dyrset