Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av kommunen/bydelen - særlege tilhøve
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Vurdering av verksemda sitt styringssystem
8. Dokumentgrunnlag
9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal gjennomførte i perioden 31.01.08 – 18.08.08 tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Sykkylven kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid.

Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Tilsynet omfatta følgande områder i Sykkylven kommune:

  • Barne- og familietenestene
  • Nav-Sykkylven
  • Heimetenestene

Tilsynet avdekka eit avvik og ein merknad jfr. rapportens kapittel 5.

Avvik 1

Sykkylven kommune har ikkje tilstrekkelege system som sikrar rett hjelp til rett tid for utsette barn med behov for samordna tenester

Merknad 1

Sykkylven kommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld å gjøre kjent kor klargjeringssansvaret er organisert i kommunen, og kva dette ansvaret inneber

Tilsynsstyresmaktene vurderer at det ved tilsynet er avdekka svakheiter i styringssystemet i Sykkylven kommune. Kravet til internkontroll inneber at kommunen si leiing har ansvar for å sikre at lovkrava i sosial-, helse- og barnevernlovgivninga blir etterlevd gjennom systematisk styring og kontinuerlig forbetringsarbeid.

Under tilsynet er det avdekka svakheiter knytta til barneverntenesta mellom anna når det gjeld å overhalde lovpålagde fristar for undersøkingar, utarbeiding av tiltaksplanar og evaluering av tenester/tiltak i barneverntenesta.

Helsestasjonen har sidan 2006 gitt leiinga tilbakemelding om at ein opplever det som vanskeleg at det ikkje er tilgang på elektronisk journal i skulane, og at dette medfører at helsepersonell blir mindre tilgjengeleg i skulane for elevane og lærarane.

Det er vidare avdekka svakheiter knytta til samarbeidet rundt helsestasjon for ungdom, og fråver av lege i skuletenesten både i skulane og ved helsestasjonen.

Når det gjeld avviksrapportering er det lite kultur for å melde avvik i barnevern- og helsetenesta, og det er uklart kva som er å sjå på som avvik.

Det er lite skriftlege rutinar i tenestene, og fleire av dei som blei intervjua ga uttrykk for at enkelte prosedyrer burde vore skriftleggjort.

Sykkylven kommune har hausten 2007 starta med implementering av eit nytt kvalitetssystem i kommunen, Risk Manager, som skal nyttast i alle dei kommunale tenestene. I systemet blir mellom anna rutinar for dei enkelte tenestene lagt inn, og det er også eit system for avvikshandtering. Under tilsynsbesøket blei det opplyst at ein både har hatt og skal ha opplæring i bruk av avviksrapportering.

Gro-Malén Brønnestad
revisjonsleiar

Aase Årsbog Dyrset
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 31.01.08 – 18.08.08 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følg opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Som ledd i førebuingane til tilsynet blei det sendt ut spørjeskjema til eksterne instansar for å få eit heilskapleg bilete av kva for ei samhandling som blir føretatt av kommunen og instansane.

Eksterne instansar som mottok spørjeskjema var PPT, skular og fastlegar.

I tillegg blei Bufetat ved fagteam i Ålesund kontakta pr telefon.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Omtale av kommunen/bydelen - særlege tilhøve

Sykkylven kommune er organisert i flat struktur med rådmann og to kommunalsjefar.

Tenesteproduksjonen er organisert i 21 driftseiningar samt stab og sørvistorg.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 31.01.08. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Formøte vart halde 12.03.08.

Opningsmøte vart halde 10.06.08.

Intervju
14 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Sluttmøte vart halde 12.06.08.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ei samordna måte. Tilsynet omfatta også undersøking av om barnevern- og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 – 23 år. Dette vart gjort ved at det vart undersøkt om kommunen legg til rette slik at tenestene kan gi naudsynt hjelp etter lovgivinga. Det vart og undersøkt om kommunen sikrar, ved å følgje opp og å kontrollere, at praksis samsvarar med dei plikter kommunen har.

Tilsynet undersøkte nærare om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna.

Vidare omfatta tilsynet undersøking av om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det. Som ein del av dette undersøkte tilsynet om det fanst rutinar for samarbeid, faste møtetidspunkt, klar og kjent oppgåvefordeling og liknande. Det vart undersøkt om det blir gjennomført medisinske undersøkingar ved behov, og om sosialtenesta vurderer behov for kontakt med barnevernet i saker der sosialtenesta yter stønad eller bistand til familiar.

Det vart vidare undersøkt om dei tre kommunale tenestene sikrar individuell planlegging når dei utarbeider tiltaksplanar etter barnevernlova eller individuelle planar etter helse- og sosiallovgivinga. Tilsynet undersøkte også om dei tre tenestene, ved behov, samarbeider om å legge til rette og å gjennomføre individuelle planer og tiltaksplanar.

Tilsynet omfatta om dei samla tenestene og tiltaka til det einskilde barnet vert evaluert. Det vart nærare undersøkt om evalueringane omfattar om barn og foreldre medverkar ved evaluering av tenester og tiltak, om man møtes som avtalt, om dei ressursar som er vedteke brukt faktisk blir brukt, om det er klart kven som har teke på seg ansvar for dei ulike oppgåvene, konsekvensar av omorganiseringar og endringar i oppgåvefordeling og om ein har nådd dei måla som er sett for samarbeidet.

Tilsynet undersøkte vidare om kommunane i god tid førebur, og ved behov gjennomfører, overgang frå barnevern til sosialteneste ved 18-23 års alder saman med den aktuelle ungdommen.

Tilsynet undersøkte og om, og på kva måte, leiinga i kommunen/bydelen følgjer med på at tenestene samarbeider om utsette barn og overgangen mellom barnevernet og sosialtenesta. Det vart for eksempel undersøkt om kommunen overvaker at vedtekne tiltak, prosedyrar og oppgåvefordeling er gjennomført i praksis, om tenestene har så god kjennskap til kvarandre at dei brukar kvarandre når det trengs, om det er vurdert kva område i samarbeidet som er sårbare for svikt, og om dei overvakar om tenestene fungerar som dei skal og at tiltaksplanar og individuelle planar blir evaluerte. Det vart og sett på om kommunen har oversikt over klager på dei tre tenestene og gjer bruk av desse til forbetring av tenestene.

Tilsynet undersøkte om kommunen har lagt til rette, ved tilsettingar, kartlegging av kompetansen til dei tilsette, opplæringstiltak og liknande, for at tilsette i dei tre tenestene har tilstrekkeleg kompetanse til å kunne samarbeide når det trengst. Det vart og undersøkt om det er lagt til rette for bruk av tolk når det er naudsynt.

Tilsynet undersøkte om kommunen har system for dokumentasjon som sikrar den informasjonen som er naudsynt for samarbeid mellom tenestene.

5. Funn

Avvik 1:

Sykkylven kommune har ikkje tilstrekkelege system som sikrar rett hjelp til rett tid for utsette barn med behov for samordna tenester

Avvik frå følgande myndigheitskrav:

  • Lov om barneverntjenester § 2-1 siste ledd, §§ 4-5 jfr. 4-4, § 4-15, 3. ledd
  • Forvaltningsloven § 42 og ulovfestet forvaltningsrett
  • Kommunehelsetjenesteloven § 1-3 jfr. § 1-1, § 6-2
  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3
  • Forskrift om kommunens helseframmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten § 2-1
  • Forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester § 4
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4

Avviket byggjer på følgande:

  • Ved intervju går det fram at barnevernet ikkje greier å overhalde dei lovpålagde fristane for undersøkingar.
  • I årsmelding 2007 går det fram at ”Ved rapportering 31.12.2007 var det framleis mange overskridingar av fristar i barnevernet. Fram til neste halvårs rapportering til fylkesmannen ser det ut til at vi får ei vesentleg betring når det gjeld fristoverskridingar, men det er enno ein del lovpålagde oppgåver som ein ikkje klarer å oppfylle. I tillegg skulle det ha vore sett inn meir ressursar på utarbeiding av rutinar og retningsliner for barnevernsarbeid”. Når det gjeld fristoverskridingar går det same fram av årsmeldinga for 2006
  • Ved intervju går det fram at barnevernet ikkje har utarbeidd tiltaksplaner til alle barn med hjelpetiltak. I kommunen si halvårige rapportering til fylkesmannen 2. halvår 2007 går det fram at det er 51 barn med hjelpetiltak, kor 36 har tiltaksplan
  • Ved intervju går det fram at barnevernet ikkje fattar vedtak før ein veit at det aktuelle tiltaket kan skaffes
  • Ved intervju kjem det fram at barnevernet tidvis opplever det som vanskeleg å få utlevert opplysninger frå legetenesta og psykiatritenesta. Det kan også vere problem med å få opplysninger innan fristane, og nokre gonger må barnevernet purre.
  • Det kjem fram at det er ulik oppfatning mellom barnevernet og psykisk helseteneste når det gjeld kva ein plikter å utlevere av opplysninger. I ei sak har barnevernet gitt pålegg til helsepersonell om utlevering av pasientopplysninger. Det framgår av saka at opplysninger ikkje har blitt utlevert. Det framgår ikkje om det er tatt kontakt med barnevernet for eventuelt å få meir konkretisert kva for opplysninger barnevernet treng, og grunnlaget for dette. Det framgår heller ikkje at pålegget om utlevering av opplysninger er påklaga
  • Ved intervju går det fram at barnevernet ikkje alltid evaluerer tiltak, og at tiltak kan fortsette sjølv om dei har synt seg ikkje å ha verkning. I ei sak frå barnevernet går det fram at tenesta over år regelmessig har motteke melding om bekymring av alvorleg karakter for eit barn. Barnevernet har over år iverksett hjelpetiltak uten at det framgår av journal om tiltaka er evaluert, og om dei har hatt ei ønska og naudsam effekt
  • I årsmelding 2007 som gjeld barnevernet og det tverrfaglig samarbeidet går det fram at (…) ”Når det gjeld samarbeid med leger, psykisk helseteam og flyktningekontoret har barnevernet framleis eit stykke arbeid å gjere”
  • Barnevernet har ikke rutiner for å gi tilbakemelding om at melding er mottatt til den som melder bekymring
  • Ved intervju går det fram at barnevernet ikkje har rutiner for å vurdere om det er behov for å involvere fastlege, og at barnevernet sjeldan nytter seg av lege i utredningsfasa
  • Ved intervju går det fram at det ikkje er rutiner for overgang mellom barnevern og Nav
  • Ved intervju går det fram at nokre tilsette i barnevernet har behov for yttarlegare opplæring i bruk av dataverktøyet Bv-Pro. I følgebrev til opplæringsplan barne- og familietjenester 2006-2008 framgår det at ”Fleire fagområde har behov for meir opplæring i bruk av data og fagprogram”
  • Ved intervju går det fram at helsestasjonen ikkje har rutiner for samarbeid med barnevern, PPT og fastlegar
  • Ved intervju går det fram at kommunen ikkje gjennomfører faste årlege møter med fastlegene iht avtalen mellom KS og den norske legeforening
  • Ved intervju går det fram at det er eit problem at helsestasjonen ikkje har tilgang til elektronisk journal når dei er på teneste i skulane. Mangel på elektronisk journal medfører at helsetenesta blir mindre tilstades i skulene.
  • I årsmelding 2007 framgår om helsestasjonen at ”Skulehelsetjenesta har vanskar med å gjennomføre vaksinasjon og andre konsultasjoner ute på skolane fordi alle opplysningar om det enkelte barn ligg på datajournal. Skulane mangler slik datatilknytning, og utan tilgang til nødvendig informasjon må elevane kome til helsestasjonen for vaksinering. Dette fører til meirarbeid for skulane, og helsesøster misser det nære og verdifulle samarbeidet med skule og lærarar”
  • I årsmelding 2006 om helsestasjon går det fram at ”Det haster med å få datatilknytning på skulane(…) på trefftidene veit vi ikkje kven som kjem og har derfor ikkje muligheit for å vite kva som står i journal frå før. Vi gjer ingen fullgod jobb ved å ha det slik”
  • Ved intervju kjem det fram at skulelegen ikkje reiser ut til skulane, noko som medfører at skulelegen ikkje blir inkludert i skulemiljøet
  • Ved intervju går det fram at skulelegen ikkje har vore tilstades på helsestasjonen den siste tida
  • Ved intervju går det fram at samarbeidet rundt helsestasjon for ungdom ikkje fungerar tilfredsstillande
  • Ved intervju kjem det fram at det er lite kultur for å melde avvik, og at det er uklart kva som er å sjå på som avvik
  • Ved intervju kjem det fram at det er lite skriftlege rutiner i tenestene, og fleire gir uttrykk for at enkelte prosedyrer burde vært skriftleggjort

Merknad 1:

Sykkylven kommune har et forbetringspotensiale når det gjeld å gjøre kjent kor klargjeringsansvaret er organisert i kommunen, og kva dette ansvaret inneber

Merknaden bygger på følgande:

  • Ved intervju kjem det fram at tilsette i varierande grad er kjent med klargjeringsansvaret etter sosialtenestelova.
  • Det kjem også fram at det er usikkert om ansvaret er lagt til Nav eller sosial etter omorganiseringa i kommunen

6. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helseframmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven – hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven – koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

7. Vurdering av verksemda sitt styringssystem

Tilsynsstyresmaktene vurderer at det ved tilsynet er avdekka svakheiter i styringssystemet i Sykkylven kommune. Kravet til internkontroll inneber at kommunen si leiing har ansvar for å sikre at lovkrava i sosial-, helse- og barnevernlovgivninga blir etterlevd gjennom systematisk styring og kontinuerlig forbetringsarbeid.

Under tilsynet er det avdekka svakheiter knytta til barneverntenesta mellom anna når det gjeld å overhalde lovpålagde fristar for undersøkingar, utarbeiding av tiltaksplanar og evaluering av tenester/tiltak i barneverntenesta.

Helsestasjonen har sidan 2006 gitt leiinga tilbakemelding om at ein opplever det som vanskeleg at det ikkje er tilgang på elektronisk journal i skulane, og at dette medfører at helsepersonell blir mindre tilgjengeleg i skulane for elevane og lærarane.

Det er vidare avdekka svakheiter knytta til samarbeidet rundt helsestasjon for ungdom, og fråver av lege i skuletenesten både i skulane og ved helsestasjonen.

Når det gjeld avviksrapportering er det lite kultur for å melde avvik i barnevern- og helsetenesta, og det er uklart kva som er å anse som avvik.

Det er lite skriftlege rutinar i tenestene, og fleire av dei som blei intervjua ga uttrykk for at enkelte prosedyrer burde vore skriftleggjort.

8. Dokumentgrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen/bydelen knytt til dagleg drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Kommunens internettsider
  • Organisasjonskart
  • Delegeringsreglement
  • Videredelegering innen barnevernet
  • Tildeling av tilvisningsmyndighet
  • Rådmannen si årsmelding 2006
  • Årsmelding 2006
  • Plan for psykisk helsearbeid 2007–2010
  • Tilskudd til psykisk helsearbeid
  • Artikkel fra Sunnmørsposten vedrørende helsestasjon
  • Opplæringsplan for barne- og familietjenestene 2006-2008
  • Opplæring høst 2007 og vår 2008
  • Retningslinjer for utarbeiding av individuell plan
  • Diverse brosjyrer o.l. om individuell plan
  • Sykkylven legesenter – offentlige funksjoner
  • Flytskjema for avviksbehandling – Riskmanager
  • Kommunebarometer
  • Fagteam ved skoler og barnehager
  • Rapport fra prosjektgruppe : forebyggende tiltak og kompetanseheving rettet mot barn og familier i risikosonen
  • Rådmannens framlegg til vedtak vedrørende rapporten
  • KRUS- rusforebyggende arbeid i kommunene
  • Forslag til prosedyrer vedrørende støttekontakt
  • Diverse skjema vedrørende støttekontakt
  • Samarbeidsavtale mellom Nav Møre og Romsdal og Sykkylven kommune
  • Delegasjon av myndighet vedrørende etablering av Nav-kontor
  • Søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp
  • Brosjyre ”Tverrfaglig team ved Sykkylven vidaregåande skule”
  • Årsmelding 2007

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Delegering av mynde – stedfortreder i barneverntenesta av 05.06.08
  • Oversikt over fordeling av ansvar for skoler mellom ansatte ved helsestasjon
  • Oversikt over samarbeid mellom helsestasjon og andre etater/tjenester
  • Oversikt over tjenestetilbudet ved psykisk helsearbeid i Sykkylven kommune - fra intranett
  • Oversikt over samarbeid/veiledning mellom psykisk helseteam og andre instanser
  • Brukerundersøkelse utført av psykisk helse 2008
  • Sjekkliste for kontakt med bruker/pasient fra psykisk helseteam
  • Skjema for samtykkeerklæring
  • Rutiner for psykisk helseteam
  • Søknadsskjema for psykisk helseteam
  • Systematisk kvalitetssikring i psykisk helseteam
  • 10 journaler fra psykisk helsetjeneste
  • 10 journaler fra skolehelsetjenesten
  • 12 saksmapper fra Nav
  • 18 saksmapper fra barneverntjenesten

I tillegg fekk tilsynsstyresmaktene tilgang til barneverntenesta sitt elektroniske dataverktøy Bv Pro og helsestasjonen sitt elektroniske journalsystem.

Det blei også gitt ein presentasjon av kommunen sitt kvalitetssystem Risk Manager.

Korrespondanse mellom kommunen/bydelen og Fylkesmannen:

  • Varselbrev blei sendt kommunen den 31.01.08
  • Program for tilsynsdagane blei sendt den 26.05.08
  • Diverse e-postar og telefonsamtalar mellom kommunen ved kontaktpersonen og revisjonsleiar

9. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Liv Berit Alme

Nav-leiar

X

X

X

Berit Bjørlo

Sosialkonsulent

X

X

X

Annlaug Lervåg

Helsesøster

X

X

X

Åse-Marie Michalsen

Psykiatrisk sykepleier

X

X

X

Astrid Breivik

Helsesøster

X

X

X

Evy H. Andersen

Barnevernkonsulent

X

X

X

Anita M. Nakken

Barnevernkonsulent

X

X

Solfrid H. Utgård

Heimetenestene

X

X

X

Arild Vadseth

Eininsleiar

X

X

X

Erling Solsletten

Rådmann

X

X

X

Eldrid Sourza

Kommunalsjef

X

X

X

Anne Vikebakk

Miljøarbeider/flyktningekontoret

X

X

X

Susie D. Lien

Barnevernkonsulent

X

X

X

Inger Marte Sævik

Heimetenesta

X

Aud Berit Wedum

Helsesøster

X

Eli Karin Walle

Rådgiver, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

X

Hilde V. Bjørnestad

Barnevernkonsulent

X

X


Fra tilsynsstyresmaktene deltok:
Revisjonsleiar, rådgivar Gro-Malén Brønnestad
Revisor, rådgivar Åse Elin Hansen
Revisor, rådgivar Aase Årsbog Dyrset

Deltakarar på formøtet i Sykkylven kommune den 12.03.08:

  • Astrid Breivik, fagleiar helsestasjon
  • Susie D. Lien, fagleiar barnevern
  • Anders G. Myking, psykiatrisk sykepleier/psykisk helseteam
  • Arild Vadseth, einingsleiar
  • Liv Berit Alme, Nav-leiar
  • Eldrid Sourza, kommunalsjef
  • Anna Lisa Drabløs, rådgiver stab
  • Svein Erik Welle, kommunelege II
  • Sudarshan Bathia, kommunelege I

Frå tilsynsstyresmaktene deltok dei same personane som på opning- og sluttmøtet.