Rapport frå tilsyn med rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming i Aure kommune 2010
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Sosiale tenester til personar med psykisk utviklingshemming.
- Bruk av tvang eller makt ovanfor personar med psykisk utviklingshemming.
Det blei under tilsynet avdekka eit avvik, og det vart gjeve ein merknad:
Avvik 1:
Aure kommune har ikkje system som sikrar at alle tenestemottakarane får tenester i samsvar med sosialtenestelova § 4-3, jf. § 4-2
Merknad 1:
Aure kommune kan med fordel ha auka fokus på opplæring av tenesteytarane i høve til sosialtenestelova kapittel 4A
Dato: 28.08.2010
Janne Bjørsnøs
revisjonsleiar Aase Årsbog Dyrset
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Aure kommune i perioden 24.03.2009 – 28.08.2010. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Aure kommune har omlag 3.500 innbyggjarar. I følgje tal i Statsbudsjett 2008 bur det 14 personar med psykisk utviklingshemming i Aure kommune.
Administrasjonen i Aure kommune er organisert med rådmann som øvste leiar, og 9 resultateiningar med kvar sin einingsleiarar. Tenestene til personar med psykisk utviklingshemming er hovudsakleg organisert inn under Enhet for habilitering og demensomsorg. Eininga består av 4 avdelingar: Skogan boliger, Solbakken busenter med leiligheter med heldøgns omsorg og bukollektiv, og eit dagsenter.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 24.03.2009. Revisjonen var planlagt gjennomført i 2009, men blei utsett til 2010.
Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte blei halde den 19.04.2010.
Intervju
8 personar blei intervjua.
Sluttmøte blei halde den 20.04.2010.
4. Kva tilsynet omfatta
I dette tilsynet har merksemd vore retta mot om kommunen sikrar at forholda leggjast til rette for tenesteyting med minst mogeleg bruk av tvang og makt jf. § 4A-4 , og om tenestemottakar sitt tenestetilbod etter § 4-2 bokstav a-d blir endra i samsvar med endring i hjelpebehov.
Tilsynet omfattar følgjande område:
- Om kommunen sikrar at tenestemottakar får eit forsvarleg tenestetilbod etter sosialtenestelova § 4-3 jf. § 4-2 bokstav a-d, i samsvar med eventuelle endra hjelpebehov og uavhengig av endra rammer.
- Om kommunen sikrar utføring av tenester etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav a-d for personar med utviklingshemming utan bruk av tvang og makt som er i strid med reglane i kapittel 4A.
5. Funn
Område 1: Sosiale tenester til personar med psykisk utviklingshemming.
Avvik 1:
Aure kommune har ikkje system som sikrar at alle tenestemottakarane får tenester i samsvar med sosialtenestelova § 4-3, jf. § 4-2
Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:
- Sosialtenestelova §§ 4-3, 4-2 og 8-1, jf. Helsedepartementets forskrift av 20.12.02 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten (heretter forkorta internkontrollforskrifta) §§ 3 og 4
Avviket byggjer på følgjande:
- Ved gjennomgang av journal og i intervju kom det fram at kommunen ikkje har system som dokumenterer jamleg evaluering av tildelte tenester
- I intervju kom det fram at enkelte av tenesteytarane ikkje kjenner innhaldet i dei individuelle vedtaka til tenestemottakarane, mellom anna om enkelte har rett til meir hjelp enn andre
- Ved gjennomgang av dokumentasjon kom det fram at vedtak fatta med heimel i § 4-3, jf. § 4-2 manglar:
– Opplysningar om at vedtaka er unnateke offentlegheit
– Opplysningar om underretning av vedtak er sendt til hjelpeverje
– Opplysningar om kva tenester tenestemottakar eventuelt har søkt om
– Vedtak om støttekontakt manglar opplysningar om rette til å sjå saka sine dokument - innsynsretten
Område 2: Bruk av tvang og makt ovanfor personar med psykisk utviklingshemming.
Merknad 1:
Aure kommune kan med fordel ha auka fokus på opplæring av tenesteytarane i høve til sosialtenestelova kapittel 4A
Merknaden byggjer på følgjande:
- I intervju kom det fram at det er uklart for fleire kven som har det daglege ansvaret og kven som har det overordna faglege ansvaret for sosialtenestelova kap. 4A i kommunen – har vært omtala på personalmøte
- I intervju kom det frem at tenesteytarane ikkje har fått tilstrekkleg opplæring i sosialtenestelova kap. 4A – sett video, hatt mye fokus på dette
- I intervju kom det frem at enkelte tenesteytarar ikkje er kjent med at kommunen har prosedyre og eigne skjema for melding av skadeavverjande tiltak i naudsituasjonar
- Ved gjennomgang av dokumentasjon kjem det fram at kommunen si kompetanseplan 2009-2012 (revidert 24.2.2010) i liten grad omhandlar opplæring og kompetansetiltak for personell i omsorga for personar med psykisk utviklingshemming. I delegasjonsskriv datert 01.01.2009 – 31.12.2009 går det fram at ”bruk av kursmidler skal være planlagt og i overenstemmelse med kompetanseplan”
Kommentar:
Av lov om sosiale tenester § 4A-4 går det fram at kommunen plikter å sørgje for at forholda vert lagt til rette for minst mulig bruk av tvang. Det er presisert at tenesteytarane skal sikrast nødvendig opplæring og fagleg rettleiing. Av § 2-1 følgjer det at kommunen skal føre internkontroll for å sikre at krav gjeve i medhald av kapittel 4A vert haldne, og kontrollere at desse tiltaka er tilstrekkjelege. I dette ligg mellom anna at det på dette feltet må vere klårt definerte ansvars- og rapporteringsliner, samt rutinar for rapportering.
6. Regelverk
Myndigheitskrav som står sentralt i samband med tilsynet er:
- Lov om sosiale tenester (sosialtenestelova) av 13.12.91 nr. 81
- Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova) av 10.01.67
- Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta av 20.12.02 nr.1731
- Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta for tenesteyting etter lova av 19.november 1982 nr 66 om helsetenester i kommunane og etter lov av 13.desember 1991 nr 81 om sosiale tenester mv.
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:
Dokumentasjon sendt 22.04.2009
- Oversikt over administrativ organisering i Aure kommune
- Delegasjon av ansvar og myndighet til vernepleier Kjell Åge Ertvåg, fra enhetsleder Kari Aarvåg Goa
- Delegasjon av ansvar og myndighet til vernepleier May Britt Sæterbø, fra enhetsleder Kari Aarvåg Goa
- 12 vedtak om tenester
- Prosedyre/rutiner jf. Lov om sosiale tjenester kapittel 4A
- Delegeringsskriv for perioden 01.01.2009 – 31.12.2009
- Reglement for folkevalgte organ, partssammensatte utvalg og delegeringer, datert 27.10.2005
- Kompetanseplan 2009 – 2012 for fagområde pleie og omsorg
- Skjema for HMS-melding (melding om uønsket hendelse / forbedringsforslag)
- Oversikt over personell ved Solbakken avd. heldøgns omsorg
Dokumentasjon sendt 08.03.2010
- 4 brev/rapportar frå Helse Nordmøre og Romsdal HF om navngjevne tenestemottakarar
- 1 vedtak om tenester
- Kompetanseplan 2009 – 2012 for fagområde pleie og omsorg, forebels dokument datert 24.02.2010
- Oversikt over personell ved Solbakken avd. heldøgns omsorg
- Oversikt over personell ved Skogan Boliger
- Delegasjon av ansvar og myndighet til vernepleier May Britt Sæterbø, fra Enhetsleder Kari Aarvåg Goa, datert 18.06.2009
Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Perm Kapittel 4A Tvang og makt som inneheld:
Lov om sosiale tjenester 4A
Forskrift : Kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
Forskrift: Internkontroll
Prosedyre/rutiner jf. Lov om sosiale tjenester 4A
Veiledning i utfylling av melding om skadeavvergende tiltak i nødsituasjoner
Rundskriv : Lov om sosiale tjenester 4A
Rundskriv: Hjelp til pasienter som motsetter seg helsehjelp (kap. 4A) - Studiehefte (pasientrettighetsloven)
- Info-folder (pasientrettighetsloven)
- Journal for 5 tjenestemottakere
- Årsmelding 2008 Habilitering og demensomsorg
- Årsmelding 2009 Habilitering og demensomsorg
- Delegeringsskriv fra rådmann til enhetsleder for habilitering og demensomsorg for perioden 01.01.2010 – 31.12.2010
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om systemrevisjon, datert 24.03.2009
- Oversending pr. brev av dokumentasjon før tilsyn frå Aure kommune, datert 22.04.2009
- Oversending pr. e-post av dokumentasjon før tilsyn frå Aure kommune, datert 22.04.2009
- Brev om utsetting av tilsyn, datert 08.05.2009
- Brev om nytt tidspunkt for tilsyn, datert 26.10.2009
- Brev om ny utsetting av tilsyn, datert 11.11.2009
- Brev om nytt tidspunkt for tilsyn, datert 29.01.2010
- Program for tilsynet, datert 11.03.2010
- Oversending av dokumentasjon frå Aure kommune, datert 08. 03.2010
- Førebels rapport frå tilsynet, datert 03.06.2010
- E-post med merknader til førebels rapport frå Aure kommune, datert 14.06.2010
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn | Funksjon / stilling | Opningsmøte | Intervju | Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
May Britt Sæterbø |
Vernepleier |
X |
X |
X |
Aud Solvær |
Hjelpepleier |
X |
X |
X |
Turid Bjørnholm |
Miljøarbeider |
X |
X |
X |
Hanne Hagen |
Vernepleier |
X |
X |
X |
Marit Hanne Folde |
Hjelpepleier |
X |
X |
|
Trude Spjøtvold |
Hjelpepleier |
X |
X |
|
Inger A. Husby |
Aktivitetsleder |
X |
X |
X |
Kari Aarvåg Goa |
Enhetsleder |
X |
X |
X |
Martin Olav Fosse |
Rådmann |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Revisjonsleiar rådgjevar Janne Bjørsnøs
Revisor rådgjevar Aase Årsbog Dyrset