Helsetilsynet

 

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvik og merknadar som blei påpeika innanfor dei reviderte områda. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Tilsynet hadde som mål å undersøkje om og korleis kommunen tek hand om ulike krav i lovgivinga som gjeld tenester til eldre som bur heime, under dette også omsorgsbustad. Tema for revisjonen omfatta kommunen si evne til å identifisere, behandle og følgje opp demenssjukdom og ernæringsmessig risiko hos heimebuande eldre.

Revisjonen omfatta internkontroll knytt til dei reviderte områda – at kommunen hadde planlagt, organisert og styrt si verksemd på ein tilfredsstillande måte. Kommunen si leiing skal gjennom sine styringssystem/sin internkontroll sørgje for at verksemda blir drive i tråd med gjeldande lover og forskrifter, for gjennom det å sikre forsvarleg drift. Tilsynet har avdekt at styringssystemet som kommunen har etablert har manglar.

Revisjonen avdekte følgjande:

Avvik:

Giske kommune har ikkje eit system som sikrar systematisk kartlegging av risiko for ernæringsmessig svikt hos heimebuande eldre med vedtak om heimetenester

Dato: 29.11.2010

Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar

Rolf Toven
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Giske kommune i perioden 3.8.2010 – 29.11.2010. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet og Fylkesmannen i Møre og Romsdal dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Statens Helsetilsyn.

Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket er gitt mynde til å føre tilsyn med sosial- og helsetenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6 og lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Målet med systemrevisjon er å vurdere om verksemda gjennom internkontroll tek hand om dei ulike krava i lovgivinga. Revisjonen omfatta :

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgt opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgt

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknadar som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig vurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i, eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i, eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på betringspotensiale

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Giske komme har om lag 7.000 innbyggjarar fordelt på dei fire øyane Vigra, Giske, Godøy og Valderøy – der kommunesentret ligg. Giske kommune har ei yngre befolkning enn landsgjennomsnittet og fylket elles.

Kommunen er organisert i flat struktur med 16 driftseiningar, stabseining og rådmannsteam. Helse- og sosialtenestene til eldre er lagt til Vigra sjukeheim, Giske/Godøy omsorgsdistrikt, Valderøy omsorgsdistrikt og Vigra omsorgsdistrikt. Tilsynet omfatta Valderøy omsorgsdistrikt.

Valderøy omsorgsdistrikt er organisert med einingsleiar og to nestleiarar. Oppmøte for dei ulike tenestene er spreidd rundt på fleire stadar, noko som gjer samhandlinga og oversikta krevjande, men kommunen er i gang med å byggje felles omsorgssenter der ein kan sam-lokalisere fleire. Valderøy omsorgsdistrikt har eit godt samarbeid med legetenesta, faste møte kvar veke mellom leiarane og legetenesta. Tilsette oppgir at legane er tilgjengelig for råd og rettleiing ved behov. Det blir oppgitt at heimetenestene i det reviderte området på tidspunktet for tilsynet ikkje har pasientar med diagnosen demens.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 3.8.2010. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 19.10.2010.

Intervju

9 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapittelet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 20.10.2010.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt kommunen sine tiltak for å identifisere, greie ut og følgje opp heimebuande eldre med demenssjukdom, under dette samarbeid med fastlegane. Tilsynet har sett fokus på:

  • identifisere og følgje opp mogleg utvikling av demens hos heimebuande eldre, avgrensa til dei med vedtak om helse- og sosialtenester. Under dette samarbeid med fastlegane om utgreiing/kartlegging ved spørsmål om demensdiagnose, og om kommunen samarbeider med fastlegane om oppfølging ved demenssjukdom
  • ivaretaking av grunnleggjande behov hos personar med demens
  • identifisere og følgje opp endra behov for tenester hos heimebuande eldre med demens

Tilsynet har vidare undersøkt om kommunen vurderer risiko for ernæringsmessig svikt ved tildeling av teneste, og evt. tiltak for å førebyggje og behandle underernæring hos eldre som mottek tenester. Tilsynet sette fokus på:

  • identifisere ernæringsmessig risiko og underernæring hos pasientar i heimetenesta
  • oppfølging av pasientar i heimetenesta for å førebyggje og behandle underernæring

5. Funn

Avvik:

Giske kommune har ikkje eit system som sikrar systematisk kartlegging av risiko for ernæringsmessig svikt hos heimebuande eldre med vedtak om heimetenester

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Kommunehelsetenestelova § 2-1, jfr. §§ 1-3a og 6-3
  • Kvalitetsforskrifta § 3
  • Internkontrollforskrifta § 4
  • Sosialtenestelova §§ 2-1, 2-3 og 4-3

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det blir ikkje gjort ei systematisk kartlegging og vurdering av ernæringsmessig risiko ved oppstart av heimesjukepleie (systematiske målingar av vekt, KMI og vurdering av vektutvikling og/eller matinntak)
  • Tilsette har ikkje kjennskap til ”Nasjonale faglige retningslinjer for forebygging og behandling av underernæring” (IS-1580)
  • Ved gjennomgang av journalar fann ikkje tilsynet dokumentert kontroll av vekt hos personar der tilsette beskriv dårleg matlyst
  • I journalsystemet er det oppretta tiltaksområde ernæring. Journalnotat inneheld opplysningar om tillaging av mat utan at det var dokumentert faglege vurderingar og konklusjonar om oppfølging og tiltak
  • Leiinga har ikkje etablert systematisk internundervisning eller fungerande system for korleis nye lover/forskrifter og retningsliner skal gjerast kjent for dei tilsette
  • Det er ikkje gjort risikovurdering på området
  • Det blir ikkje meldt avvik i avvikssystemet på området
  • Det er ikkje system for å innhente erfaringar frå brukarane på området

6. Regelverk

  • Lov av 30.03.84, nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten (Tilsynslova)
  • Lov av 19.11.82, nr 66 om helsetjenesten i kommunene (Kommunehelsetenestelova)
  • Lov av 13.12.91, nr 81 om sosiale tjenester (Sosialtenestelova)
  • Lov av 02.07.99, nr 64 om helsepersonell m.v. (Helsepersonellova)
  • Forskrift av 27.06.03 nr 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene (Kvalitetsforskrifta)
  • Forskrift av 20.12.02 nr 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten (Internkontrollforskrifta)
  • Forskrift om pasientjournal 21. desember 2000 nr 1385

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei sendt over frå verksemda då revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Gjennomgang av organisasjonsstruktur
  • Fullmakter frå rådmann - delegeringsreglement
  • Tilsetteoversikt i heimetenestene
  • Turnusplan heimetenestene Giske
  • Tilsette Vigra sjukeheim
  • Turnusplan Vigra sjukeheim
  • Fastlegar – Tilsynslege sjukeheim
  • IK HOS Giske kommune
  • Prosedyrer m.v. omsorg
  • Demensplan – høyringsutkast
  • Verksemdplanar 2010
  • Årsmelding 2009
  • Plan for kompetanseutvikling på høgskulenivå helse og omsorg

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Prosedyrer
    o Samarbeid mellom heimesjukepleien/legekontoret, legemøte
    o Utgreiing av demenssjukdom til brukarane av omsorgstenester
    o Forebygging av underernæring til eldre
    o Kartleggingsbesøk
    o Sakshandsaming i tiltaksmøte
    o Tildeling av omsorgstenester
    o Vedlegg til omsorgstenenster
    o Middagslevering
    o Heimesjukepleie
    o Praktisk bistand
    o Dagtilbod
  • Informasjonshefte for nytilsette i Valderøy omsorgsdistrikt
  • Referatbok gruppemøte HSPL
  • Referatbok gruppemøte Bukollektivet 2010
  • Gruppemøte Praktisk bistand 2010
  • Omsorgsplan for Giske kommune 2010 – 2015
  • Leiaravtale mellom einingsleiar og kommunalsjef
  • Referat frå personalmøter
  • Brukarundersøking i heimetenesta 2004 el. 2007?
  • Perm Rapportering, Verksemdplan, Årsmelding
  • Omsorgsplan for Giske kommune 2010 - 2015

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn med helse- og sosialtenester til eldre sendt 3.8.2010
  • Oppnemning av kontaktperson i Giske kommune, datert 10.8.2010
  • Oversending av dokumentasjon frå kommunen, datert 15.9.2010
  • Program for tilsynet, datert 5.10.2010
  • E-postar i samband med tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Arnhild Myklebust Gjøsund

Nestleiar Valderøy omsorgsdistrikt

X

X

X

Ellinor Hatlø

Sjukepleiar

X

X

 

Gunvor Alnes Dyp

Helsesekretær

X

X

X

Britt Elin Heitmann

Omsorgsarbeidar

X

X

X

Anette Landgraff

Sjukepleiar

X

X

X

Tonja Judith Pantelatos

Kommunelege 1

X

X

X

Ebba Hjellbakk

Einingsleiar

X

X

X

Randi Helen Holmen

Sjukepleiar

 

X

 

Hildegunn Nesset Roald

Einingsleiar

X

   

May Helen Molvær Grimstad

Kommunalsjef

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Åse Hansen, revisor/sjukepleiar
Rolf Toven, revisor/jurist
Aase Årsbog Dyrset, revisjonsleiar/sosionom