Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i Møre og Romsdal syner til brev her, datert 09.09 og 07.10.2010, og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet vart gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimeteneste, opp mot krava legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Nesset kommune har gjennomført tilsynet ved sjukeheimsavdelinga, i korttidsavdeling/heimetenesta ytre distrikt og i heimetenesta indre. Kommunen har meldt tilbake at tilsynet har avdekt manglar i alle tre avdelingane. I sjukeheimsavdelinga er det avdekt svikt i høve til at prosedyrane for legemiddelhandtering skal verte kontrollert jamleg og minst ein gang i året. I korttidsavdeling/heimetenesta ytre distrikt er meldt tilbake svikt i rutinane som skal dokumentere at pasienten har teke legemidlet. I heimetenesta indre er det avdekt at det ikkje er utpeikt ein fagleg rådgjevar som har legemiddelkompetanse. Avdelinga har skriftlege prosedyrar for legemiddelhandtering, men det er ikkje oppdaterte etter ny forskrift. Det er avdekt at verksemdleiar ikkje har vurdert risikotilhøve i legemiddelhandteringa i samsvar med forskrifta. Vidare har avdelinga avdekt svikt i rutinane som skal sikre at personell dokumenterer at pasienten har teke legemidlet og prosedyrane for legemiddelhandtering vert ikkje kontrollertm jamleg og minst ein gong i året. Kvar avdeling i Nesset kommune har utarbeidd ei plan for retting av manglane. Ut frå planane ser det ut som om kommunen er godt i gang med å rette opp manglane og siste tidsfrist kommunen har satt for seg sjølv er 31.01.2011.

Ut frå dette ber Helsetilsynet om ei samla tilbakemelding, innan 15.02.2011, på om tiltaka etter kommunen si vurdering har hatt tilstrekkleg effekt for å sikre tenesta.

Nesset kommune har i tillegg valt å gjennomføre tilsynet i ein avlastningsbustad for barn. Legemiddelhandtering i tenesta for barn fell utanfor dette tilsynet. Dei same reglane for legemiddelhandtering gjeld for avlastningsbustadar som i tenesta til eldre. Vi gjer merksam på at kommunen har svart at det heller ikkje i barnebustaden er utpeikt rådgjevar som har legemiddelkompetanse. Kommunen må rette opp denne mangelen.

Helsetilsynet viser vidare til "Veileder for landsomfattende tilsyn 2009: Kommunale sosial- og helsetjenester til barn i barne- og avlastningsboliger". I punkt 6.2.2. om krav til forsvarleg legemiddelhåndtering utanfor legemiddelhåndteringsforskrifta sitt verkeområde står det: "Når barnet bor i en barne- eller avlastningsbolig er det kommunen som overtar ansvaret for bamets legemidler og håndteringen av disse. Det er ikke foreldrenes ansvar i den tiden barnet oppholder seg i boligen. Dersom barnet undergår medisinsk behandling, og det er nødvendig å dele ut legemidler, inngår
legemiddelhåndtering som en del av den heldøgns omsorgstjeneste kommunen er ansvarlig for å yte."

20.12.2010

Med helsing

Christian Bjelke
Direktør/fylkeslege
Einar Andersen
Seksjonsleiar

 

 

Kopi:
Statens Helsetilsyn
Saksbehandlar: Rådgiver Janne Helen Bjørsnøs