Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i Møre og Romsdal syner til brev her, datert 09.09 og 01.10.2010, og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet vart gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimeteneste, opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Norddal kommune har meldt tilbake at tilsynet avdekte svikt i rutinane som skal sikre at personell, som har som oppgåve å dele ut istandgjorte legemiddel, observerer at pasienten tek legemidlet og at det blir dokumenter at pasienten har teke legemidlet. Norddal skriv i si tilbakemelding at kommunen er i ferd med å sette i verk tiltak for å rette opp svikten og at tiltaka skal være ferdigstilt innan 15.01.2011.

Ut frå dette ber Helsetilsynet om ei tilbakemelding, innan 25.01.2011 på om tiltaka etter kommunen si vurdering har hatt tilstrekkleg effekt for å sikre tenesta.

20.12.2010

Med helsing

Christian Bjelke
Direktør/fylkeslege
Einar Andersen
Seksjonsleiar

 

 

Kopi:
Statens Helsetilsyn
Saksbehandlar:Rådgiver Janne Helen Bjørsnøs