Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvik og merknader som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med psykisk sjukdom tar forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp lang ei tidsline med tre fasar: 1) Oppstartfasen 2) Iverksettingsfasen 3) Oppfølgingsfasen. Kommunen sine oppgåver innanfor kvar av desse fasane har samanheng og kan påverke kvarandre.

Tilsynet vurderte i forhold til oppstartfasen om kommunen sikrar:

  • tilgjengelige sosial-og helseteneste der ein fangar opp behov for tenester, og ved behov henvisar til rett instans
  • forsvarleg utgreiing og planlegging av tenestebehovet i samarbeid med mottakar av tenesten
  • at det fattast avgjerd/vedtak som tilrettelegg for tenester og tiltak.

I forhold til iverksettingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar at:

  • tenester/tiltak vert sett i verk innan forsvarleg tid
  • tenesterltiltak vert sett i verk i tråd med planer, utgreiing og avgjerd
  • kriser og svingingar i sjukdom vert handtert på ein forsvarlig måte

I oppfølgingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar:

  • tilstrekkeleg kontinuitet og stabilitet i tenesteytinga slik at mottakar av tenestene opplever eit kjent løp og tryggleik i sin kvardag
  • at nye/endra tenestebehov vert fanga opp, og at nødvendige endringar blir sett i verk på ein samordna måte.

Brukannedverknad, koordinering, individualisering og forsvarleg tenesteyting var sentrale perspektiv i alle fasane.

Under tilsynet kom det fram at tenesteapparatet har i Sande kommune har god oversikt over tenesteområdet. Dei tilsette fangar opp behov for tenester til psykisk sjuke og henviser dei ved behov til rett instans. Legetenesta har god dialog og eit godt samarbeid med anna personell, og er tilgjengeleg for råd og vegleiing ved behov. Kommunen har etablert faste samarbeidsmøter der ein kan diskutere både enkeltsaker og saker av generell karakter (mellom anna Ressursgruppemøte, ansvarsgruppemøter). Kommunen har stabil bemanning og erfarne medarbeidere.

Det vart ikkje funne avvik eller påpeika merknadar under dette tilsynet.

Dato: 21.6.2010

Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar
Einar Andersen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Sande kommune i perioden 11.3.2010 - 21.6.2010. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen og Helsetilsynet i Møre og Romsdal i dette året, gjennomført etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6. Helsetilsynet i fylket er gjeve tilsvarande fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statlig tilsyn med helsetenesta § 2. Fylkesmannen og fylkeslegen har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar .

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda -spesielle forhold

Sande kommune er ein kommune med i underkant av 2.600 innbyggjarar.

Sande kommune er organisert i flat struktur med rådmann og ei rådmannsgruppe beståande av rådmann og to kommunalsjefar som utgjer kommunen si sentral leiing. Dei to kommunalsjefane har kvar sine ansvarsområde, der ein har eit overordna ansvar for skule, barnehagar og teknisk, og ein har eit overordna ansvar for helse-og sosialtenester, mellom anna eining heimeteneste, eining funksjonshemma, eining sjukeheim og helseavdeling. Under tilsynet var kommunalsjef med hovudansvar for helse-og sosialtenester konstituert som rådmann fram til ny rådmann tek til 1.8.2010.

Tenesteproduksjon foregår i 9 einingar og kvar einingsleiar har budsjett og personalansvar i sine einingar. Psykiatritenesta er plassert i eining for heimetenesta, men det vert ytt tenester i varierande grad til denne pasientgruppa i alle tre einingane i pleie-og omsorgtenestene.

I psykiatritenesta er det 140% stilling som psykiatrisk sjukepleiar. Desse stillingane vert nytta til heimebuande pasientar med psykiske lidingar, samt oppgåver på Sjøkanten dagsenter. På Sjøkanten dagsenter er det tilsett psykiatrisk hjelpepleiar i 100% stilling. Sjøkanten dagsenter er eit lavterskeltilbod der mennesker med ulike behov kan komme innom både på formelt og uformelt grunnlag. Mange har ikkje søkt om tenester før dei kjem, dette vert ordna i ettertid. Kommunen har god erfaring med å ha ei open dør, der det ikkje må føreligge vedtak før første besøket på dagsenteret. Under tilsynet var 40% stilling som psykiatrisk sjukepleiar vakant.

Gjennom heimetenesta vert det gitt tenester på mange områder, i tett samarbeid med psykiatrisk sjukepleiar og lege. Dette gjeld i mange høve medisinering, samtalar, hjelp i kvardagen etc. Støttekontakt vert tildelt via heimetenesta til dei som har andre tenester frå denne eininga.

Nav har og ei rolle i høve til menneske med psykiske lidingar. Dei tildeler støttekontakt til dei som ikkje har tenester frå andre einingar i pleie-og omsorgstenesta. Nav har 6g oppfølging på evt trygderettigheter, økonomisk stønad, bustad etc

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 11.3.2010. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 8.6.20 10.

Intervjuer
8 personar blei intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 9.6.2010.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med psykisk sjukdom får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp lang ei tidsline med tre fasar: l) Oppstartfasen 2) Iverksettingsfasen 3) Oppfølgingsfasen. Kommunen sine oppgåver innanfor kvar av desse fasane har samanheng og kan påverke kvarandre.

Tilsynet vurderte i forhold til oppstartfasen om kommunen sikrar:

  • tilgjengelige sosial-og helseteneste der ein fangar opp behov for tenester, og ved behov henvisar til rett instans
  • forsvarleg utgreiing og planlegging av tenestebehovet i samarbeid med mottakar av tenesten
  • at det fattast avgjerd/vedtak som tilrettelegg for tenester og tiltak.

I forhold til iverksettingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar at:

  • tenester/tiltak vert sett i verk innan forsvarleg tid
  • tenester/tiltak vert sett i verk i tråd med planer, utgreiing og avgjerd
  • kriser og svingingar i sjukdom vert handtert på ein forsvarlig måte

I oppfølgingsfasen vurderte tilsynet om kommunen sikrar:

  • tilstrekkeleg kontinuitet og stabilitet i tenesteytinga slik at mottakar av tenestene opplever eit kjent løp og tryggleik i sin kvardag
  • at nye/endra tenestebehov vert fanga opp, og at nødvendige endringar blir sett i verk på ein samordna måte.

Brukarmedverknad, koordinering, individualisering og forsvarleg tenesteyting var sentrale perspektiv i alle fasane.

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller påpeika merknadar under dette tilsynet.

Følgjande forhold underbyggjer at det ikkje vart gjeve avvik i Sande kommune:

  • Tenesteapparatet har god oversikt. Tilsette fanger opp behov for tenester til psykisk sjuke og henviser ved behov til rett instans
  • Legetenesta har god dialog og eit godt samarbeid med anna personell
  • Legane er tilgjengeleg for råd og vegleiing ved behov
  • Samarbeid med sjukehus og andre instansar vert oppfatta som godt
  • Sande kommune har etablert faste samarbeidsmøter der ein kan diskutere både enkeltsaker og saker av generell karakter (mellom anna Ressursgruppemøte, ansvarsgruppemøter)
  • Gjennomgåande gode beskivingar i journalane og lett å finne dokumentasjon på samhandling i Legetenesta, Nav og Heimetenesta inkl. psykiatrisk sjukepleie
  • Vedtak av nyare dato er konkrete og basert på gode behovskartleggingar og vurderingar
  • Stabil bemanning og erfarne medarbeidere
  • Tilsett har kultur for å ta kontakt med andre tenester ved behov. Lett og ta kontakt med spesialisthelsetenesta og fastlegane
  • Psykiatrisk sjukepleieteneste er ei lita og sårbar teneste. Kommunen har ein praksis der andre tenesteytarar følger opp psykisk sjuke når psykiatrisk sjukepleiar ikkje er til stade
  • Kommunen har eit journalsystem der dagleg tenesteyting vert dokumentert -Gerica. Psykiatrisk sjukepleiar har eige skjerma område, informasjon som skal formidlast til heimesjukepleien vert notert i denne tenesta sitt område
  • Psykiatrisk sjukepleiar og psykiatrisk hjelpepleiar tar jamleg vegleiing frå spesialisthelsetenesta. Volda DPS har jamleg møter med aktuelle tenesteytarar i kommunen

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie-og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial-og helsetjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Delegasjonsreglement for Sande kommune
  • Vidaredelegering av mynde -einingsleiar Kari Johanne Skarmyr
  • Årsmelding 2009 heimetenesta
  • Prosedyre for søknadshandsaming
  • Prosedyre for handsaming av søknadar

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Referatbok frå "Ressursgruppemøte"
  • 10 journalar frå psykiatrisk sjukepleieteneste
  • 9 saksmapper frå Nav/sosialtenesta
  • 10 journalar frå heimetenesta
  • 10 journalar frå fastlege I tillegg fikk tilsynsteamet tilgang til psykiatrisk sjukepleieteneste sitt elektroniske dataverktøy Gerica

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn med helse-og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar i Sande kommune, sendt 11.3.2010
  • Dokumentasjon frå Sande kommune, motteke 7.5.2010
  • Program for tilsyn med helse-og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar i Sande kommune, sendt 25.5.2010
  • E-post i samband med opplysningar om kontaktperson i Sande kommune
  • E-post i samband med program og praktiske ting omkring tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og slurtmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Lisbet Halle

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

X

Trine Pilskog

Nav leiar

X

X

X

Sissel Sætre

Psykiatrisk hjelpepleiar

X

X

X

Hanna Lise Moltubakk

Sakshandsamar Nav

X

X

X

Kari Johanne Skarmyr

Einingsleiar heimetenesta

X

X

X

Stian Endresen

Kommunelege

X

X

X

Bård Dalen

Konst. rådmann

X

X

X

Aud Goksøyr

Sjukepleiar heimetenesta

 

X

 

Frå tilsynsorganet deltok:
Revisor, seksjonsleiar/jurist Einar Andersen
Revisor, rådgivar/sjukepleiar Sverre Veiset
Revisjonsleiar, rådgivar/sosionom Aase Årsbog Dyrset