Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i Møre og Romsdal syner til brev, datert 09.09 og 07.10.2010, og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet vart gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimeteneste, opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Skodje kommune oversendte sine svar, datert 28.10.2010. Både frå sjukeheimen og frå heimetenesta er det meldt tilbake at tilsynet har avdekt svikt i rutinane som skal sikre at personell dokumenter at pasienten har teke legemidlet. Skodje kommune skulle ut frå dette ha utarbeidd ei plan for retting av denne mangelen.

Helsetilsynet kan ikkje sjå å ha mottatt ei slik plan og ber difor om å få den oversendt innan 17. januar 2011.

For nærmare informasjon om kva plana skal innehalde sjå oversikt over krava i lovgjevinga i høve til det enkelte spørsmål (fasit) som vart oversendt den 01.10.2010.

20.12.2010

Med helsing

Christian Bjelke
Direktør/fylkeslege
Einar Andersen
Seksjonsleiar

 

 

Kopi:

Statens Helsetilsyn

Saksbehandlar:Rådgiver Janne Helen Bjørsnøs