Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvik og merknadar som blei påpeika innanfor dei reviderte områda. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Målet med tilsynet var å undersøkje korleis kommunen tek hand om ulike krav i lovgivinga som gjeld tenester til eldre som bur heime, under dette også omsorgsbustad. Revisjonen omfatta kommunen sin evne til å identifisere, behandle og følgje opp demenssjukdom og vurdering av risiko for ernæringsmessig svikt hos heimebuande eldre.

Revisjonen omfatta internkontroll knytt til dei reviderte områda — at kommunen hadde planlagt, organisert og styrt si verksemd på ein tilfredsstillande måte. Leiinga i kommunen skal gjennom sine styringssystem/sin internkontroll sørgje for at verksemda blir drive i tråd med gjeldande lover og forskrifter, og gjennom det sikre forsvarleg drift.

Tilsynet har vist at heimetenestene i Stordal kommune har ein god praksis for dei områda som vart reviderte. Samstundes har tilsynet avdekt at ein del av kommunen sitt internkontrollsystem ikkje er oppdatert og systematisert i tråd med forventningane i lov og forskrift.

Det vart ikkje avdekt avvik under dette tilsynet.

Dato: 13.12.2010

Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar 

Rolf Toven
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Stordal kommune i perioden 3.8.2010 — 13.12.2010. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos

Helsetilsynet og Fylkesmannen i Møre og Romsdal dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Statens Helsetilsyn.

Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket er gitt mynde til å føre tilsyn med sosial- og helsetenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6 og lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Målet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda gjennom internkontroll tek hand om ulike krav i lovgivinga. Revisjonen omfatta:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgt

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar/stikkprøver.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er fastsett, i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i, eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på betringspotensiale

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Stordal kommune ligg ved Storfiorden og er ein industri- og landbrukskommune med 1030 innbyggarar, pr. 1.1.2010. Kommunen sitt areal er 247 km2. Størstedelen av buseffinga er konsentrert rundt tettstaden/ kommunesenteret, og langs riksveg 650 som går gjennom kommunen.

Av innbyggarane i Stordal er det 5,4 % som er 80 år og eldre, noko over gjennomsnittet samanlikna med fylket og landet elles - 4,9 % Møre og Romsdal fylke, og 4,5 % heile landet. Av dei i kommunen på 80 år og eldre er det 36,8 % som mottek heimetenester (2006­tal)

Kommunen har etablert legevaktsamarbeid med nabokommunane Ørskog og Skodje. Heimebasert omsorg har fast møte med fastlege/tilsynslege ein gong pr. veke, der ein diskuterer aktuelle pasientar, fastlege kan kontaktas utover det ved behov. Kommuneoverlege tek regelmessig del i internundervisning på Stordalstunet og i heimebasert omsorg. Det siste året har mellom anna både demens og ernæring vore tema.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 3.8.2010. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 2.11.2010.

Intervjuer

8 personar blei intervjua. Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 3.11.2010.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet har undersøkt kommunen sine tiltak for å identifisere, greie ut og følgje opp heimebuande eldre med demenssjukdom, under dette samarbeid med fastlegane. Tilsynet har sett fokus på:

identifisere og følgje opp mogleg utvikling av demens hos heimebuande eldre, avgrensa til dei med vedtak om helse- og sosialtenester. Under dette samarbeid med fastlegane om utgreiing/kartlegging ved spørsmål om demensdiagnose, og om kommunen samarbeider med fastlegane om oppfølging ved demenssjukdom ivaretaking av grunnleggjande behov hos personar med demens identifisere og følgje opp endra behov for tenester hos heimebuande eldre med demens

Tilsynet har vidare undersøkt om kommunen vurderer risiko for emæringsmessig svikt ved tildeling av teneste, og evt. tiltak for å førebyggje og behandle underernæring hos eldre som mottek tenester. Tilsynet sette fokus på:

  • identifisere ernæringsmessig risiko og underemæring hos pasientar i heimetenesta
  • oppfølging av pasientar i heimetenesta for å førebyggje og behandle underernæring

5. Funn

Det vart ikkje avdekt avvik under dette tilsynet.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

For dei områda som tilsynet omfatta har revisjonen vist at heimetenestene i Stordal kommune har ein god praksis. Samstundes har tilsynet avdekt at ein del av kommunen sitt internkontrollsystem ikkje er oppdatert og systematisert i tråd med forventningane i lov og forskrift.

Intemkontrollsystemet etter helse- og sosiallovgivinga har manglar når det gjeld overordna forankring, systemet er fragmentert, og det er delvis uklart kva som er internkontroll etter helse- og sosiallovgivinga og internkontroll etter arbeidsmiljølova. Daglege prosedyrar er kjent og oppbevart tilgjengeleg for alle, men tilsynet fikk også etter kvart utlevert ulike permar innhenta frå forskjellige kontor. Mellom anna fikk tilsynet til gjennomgang "Stordal alders- og sjukeheim Kvalitetssikringsperm". Den permen viser eit intemkontrollsystem etter helse- og sosiallovgivinga. Prosedyrane gjeld ég for heimetenesta. Prosedyrane var ikkje revidert.

Tilsendt organisasjonskart er ikkje i tråd med dagens organisering. Det er uklart for dei tilsette korleis kommunen definerer avvik og praksis for når avvik skal meldast er varierande.

7. Regelverk

  • Lov av 30.03.84, nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten (Tilsynslova)
  • Lov av 19.11.82, nr 66 om helsetjenesten i kommunene (Kommunehelsetenestelova)
  • Lov av 13.12.91, nr 81 om sosiale tjenester (Sosialtenestelova) Lov av 02.07.99, nr 64 om helsepersonell m.v. (Helsepersonellova)
  • Forskrift av 27.06.03 nr 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene (Kvalitetsforskrifta)
  • Forskrift av 20.12.02 nr 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten (Internkontrollforskrifta) Forskrift om pasientjournal 21. desember 2000 nr 1385

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • DelegasjonsregeIment
  • Stillingsbeskrivelser
    Omsorgsleiar
    Avdelingsleiar
    Sjukepleiar
    Hjelpepleiar/helsefagarbeidar
    Pleieassisent
    Heimehjelp
    Kjøkkenleiar/kokk
  • Personaloversikt — heimebasert omsorg
  • Personaloversikt institusjonsbasert omsorg
  • Vaktliste — turnusplan
  • Fastlege — tilsynslege
  • Styringssystem med avviksregistrering
  • Prosedyrar jf. tema for tilsynet
    Søknadskjema pleie- og omsorgsteneste
    Prosedyre for tildeling av institusjonsopphald på Stordalstunet
    Prosedyre for tildeling av omsorgsbolig
    Prosedyre for tildeling av heimeteneste
    Prosedyre for informasjonsflyt og oppgåvefordeling
    HT Servicedeklarasjon for heimetenesta
    Prosedyre for tildeling av omsorgslønn og støttekontakt
    Prosedyre ernæringskartlegging (utan verktøy)
    Prosedyre demenskartlegging (utan verktøy)
    Prosedyre informert samtykke og kap 4A
  • Handlingsplan for omsorgstenesta 2010 — 2013 Årsplan — årshjul
  • Årsmelding 2009 Kompetanseoversikt — kartlegging — plan ofr opplæring
  • Interne revisjonar
  • Brukarundersøkelse

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 10 journalar med forvaltningsvedtak
  • 10 journalar frå heimesjukepIeie
  • Tilgang til elektronisk pasientjournal
  • Profil Perm med dagsplan
  • Medisinkardex
  • Beskjedbok
  • Skjema for kartleggingssamtale HBO
  • "Stordal alders- og sjukeheim Kvalitetssikringsperm"

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn med helse- og sosialtenester til eldre sendt 3.8.2010
  • Oppnemning av kontaktperson i Giske kommune, datert 14.9.2010
  • Oversending av dokumentasjon frå kommunen, datert 15.10.2010
  • Program for tilsynet, datert 18.10.2010
  • E-postar i samband med tilsynet

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Marita Støversen

Avdelingsleiar

X

X

X

Mariann Midtbust

Hjelpepleiar

X

X  

Else Mari Tangen Vad

Omsorgsarbeidar

X X X

Nantaya Nygård

Heimehjelp

  X  

Nina Hauglid

Heimehjelp

X X X

Sindre Klokk

Kommuneoverlege

X X X

Else Midtbust

Omsorgsleiar

X X X

Lars Joranger

Rådmann

X X X

Grete K. Tøsse

Avd. sjukepleiar Stordalstunet

X    

Grethe Nakken

Hjelpepleiar

X    

Anne Marit Johansen

Kjøkkensjef

X   X

Johanne Kvammen

Kokk

X   X

Nina Hauglid

Heimehjelp/assistent

X X X

Gerd Oterhall

Reingjeringsassistent

X   X

Iren Pedersen

Hjelpepleiar

X   X

Elise Sletten

Turnuslege

    X

Renate Johnsen

Assistent

    X

Liv Solveig Fløte

Hjelpepleiar

    X

Catarina Øie

Lærling

    X

Marit Midtbust

Hjelpepleiar

    X

Aud Tafjord

Hjelpepleiar

    X

Frå tilsynsorganet deltok:
Åse Hansen, revisor/sjukepleiar
Rolf Toven, revisor/jurist
Aase Årsbog Dyrset, revisjonsleiar/sosionom