Helsetilsynet

Helsetilsynet i Møre og Romsdal gjermomførte i perioden 09.09.2010 til 20.12.2010 tilsyn med legemiddelhandtering i tenesta til eldre i Nesset kommune.

Helsetilsynet i fylket blei frå og med 2012 integrert på lik linje med andre fagområde i fylkesmannsembetet og opphøre som eigen instans. Fylkesmarmen blei etablert som felles klage- og tilsynsinstans, og fører tilsyn med barnevern-, sosial- og helsetenesta.

Tilsynet blei gjermomført ved at kommunen svara på spørsmål i eit spørjeskjema om handtering av legemiddel i verksemda og såg sin praksis opp imot krava i lovgjevinga. Helsetilsynet mottok kommune sine svar den 13.12.2010. Nesset kommune hadde gjennomført tilsynet ved sjukeheimsavdelinga, i korttidsavdelinglheimetenesta ytre distrikt og i heimetenesta indre. Kommunen har meldt tilbake at tilsynet har avdekt manglar i alle tre avdelingane. I sjukeheimsavdelinga er det avdekt svikt i høve til at prosedyrane for legemiddelhandtering skal verte kontrollert jamleg og minst ein gang i året. I korttidsavdelinglheimetenesta ytre distrikt er meldt tilbake svikt i rutinane som skal dokumentere at pasienten har teke legemidlet. I heimetenesta indre er det avdekt at det ikkje er utpeikt ein fagleg rådgjevar som har legemiddelkompetanse. Avdelinga har skriftlege prosedyrar for legemiddelhandtering, men det er ikkje oppdaterte etter ny forskrift. Det er avdekt at verksemdleiar ikkje har vurdert risikotilhøve i legemiddelhandteringa i samsvar med forskrifta. Vidare har avdelinga avdekt svikt i rutinane som skal sikre at personell dokumenterer at pasienten har teke legemidlet og prosedyrane for legemiddelhandtering vert ikkje kontrollert jamleg og minst ein gong i året.

Nesset kommune stadfesta i brev datert 11.04.2011 at avvika var retta opp. Det blei i tillegg stadfesta at dei prosedyrane som var endra fungerer og har hatt forventa effekt. Ved ein feil blei ikkje Helsetilsynet si vurdering oversendt til kommunen umidelbart.

Ut frå desse opplysningane vurderer Fylkesmannen at Skodje kommune har sett i verk tilstreklege tiltak for å rette opp mangelen. Tilsynet blir med dette avslutta.

Fylkesmannen takkar for samarbeidet i gjennomføringa av dette tilsynet.

Med hilsen

Christian Bjelke
Direktør/ Fylkeslege

Einar Andersen
Seksjonssjef