Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i Møre og Romsdal syner til brev her i frå, datert 09.09 og 07.10.2010, og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet vart gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimetenesta, opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Tingvoll kommune oversendte sine svar i brev datert 15.11.2010. Slik Helsetilsynet forstår svara meiner kommunen at verksemda blir drevet i tråd med regelverket.

Helsetilsynet vil påpeike at det i svar til utsegn 2 frå heimetenesta i Tingvoll kommune går fram at avdelingskoordinatorane, som begge er sjukepleiarar, er peikt ut som faglege rådgjevarar som har legemiddelkompetanse (dvs ein person med medisinfagleg eller farmasifaglege kvalifikasjonar). I legemiddelhandteringsforskrifta § 4 andre ledd er det sagt at legemiddelkompetanse er den kompetansen som lege eller farmasøyt har, jf. forskrifta § 3k. Helsetilsynet kan ikkje sjå at dei som er peikt ut som faglege rådgjevarar i heimetenesta i Tingvoll kommune har naudsynt kompetanse til å være fagleg rådgjevar i høve til legemiddel. Rett svar til utsegn 2 skulle ut frå dette ha vært alternativ c og kommunen skulle ha utarbeidd ei plan for korleis den avdekte mangelen skal rettast opp.

På bakgrunn av dette ber Helsetilsynet i Møre og Romsdal om at Tingvoll kommune snarast rettar opp den avdekte mangelen og gjev tilbakemelding hit innan 01.02.2011 om kva tiltak kommunen har satt i verk.

Med helsing

Christian Bjelke
Direktør, Fylkeslege

Einar Andersen
Seksjonsleiar