Vanylven kommune tilsyn med legemiddelhandtering i tenesta for eldre svar på sjølvmeldingstilsyn 2010
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Helsetilsynet i Møre og Romsdal syner til brev her i frå, datert 09.09 og 01.10.2010, og takkar for retur av utfylt spørjeskjema innan fristen.
Tilsynet vart gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimeteneste, opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.
Vanylven kommune oversendte sine —svar i brev, datert 09.11.2010.
Ved Sone Fiskå er det avdekt at verksemdsleiar ikkje har vurdert risikotilhøve i legemiddelhandteringa slik det er krav om i forskrifta.
Vanylven kommune skulle ut frå dette ha utarbeidd ei plan for retting av denne mangelen. Helsetilsynet kan ikkje sjå å ha mottatt ei slik plan og ber difor om å få den oversendt innan 17. ianuar2011.
For nærmare informasjon om kva plana skal innehalde sjå oversikt over krava i lovgjevinga i høve til det enkelte spørsmål (fasit) som vart oversendt den 01.10.2010.
20.12.2010
Med helsing
Christian Bjelke
Direktør/fylkeslege Einar Andersen
Seksjonsleiar
Kopi:
Statens Helsetilsyn Postboks 8128 0032 OSLO
Saksbehandlar:Rådgiver Janne Helen Bjørsnøs