Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som vart påpeikte innanfor dei områda som vart reviderte.

Systemrevisjonen omhandla bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling.

Det vart ikkje funne avvik.

Det vart gitt ein merknad:

Det må avklarast kva det inneber at Clausenengen ungdomshjem kan ta imot ungdommar etter § 4-6.

Dato: 26.10.11

Berit Roll Elgsaa
revisjonsleiar
Liv Toril Karlsvik
revisor

 

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Clausenengen ungdomshjem i perioden 19.08.11- 26.10.11. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barnevernsinstitusjonane etter lov om barneverntenester § 5-7.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Clausenengen ungdomshjem er ein statleg eigd barnevernsinstitusjon som tek imot barn og unge i alderen 11-18 år ved inntak. I kvalitetsvurdering frå Bufetat tilfredsstiller institusjonen krava for "plasseringer i henhold til barnevernloven §§ 4-4, 5ledd, 4-12, samt 4-6 dersom intensjonen er langtidsplassering ved institusjonen".

Institusjonen held til i ein einebustad i Kristiansund. Det er planlagt å flytte til nye lokale på Frei, men dato er ikkje sett enno.

 

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 19.08.11.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 13.10.11.

Intervju: 4 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 13.10.11.

 

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling.

Rettigheitsforskrifta § 10 slår fast at den enkelte bebuar har rett til nødvendig medisinsk tilsyn og behandling. Denne retten korresponderer med tilsvarande plikt for institusjonane i kvalitetsforskrifta § 7.

Rettigheitsforskrifta § 10:

Den enkelte beboer har rett til nødvendig medisinsk tilsyn og behandling under institusjonsoppholdet.

Kvalitetsforskrifta § 7:

Institusjonen har plikt til å sørge for at beboernes rett til medisinsk tilsyn og behand­ling ivaretas og skal ha rutiner som sikrer dette. Rutinene skal være tilpasset institusjonens målgruppe.

Institusjonane må sørgje for at den enkelte bebuar får medisinsk tilsyn og behandling når dette er nødvendig. Institusjonen skal å ha skriftlege rutinar som sikrar ivaretaking av dette ansvaret både ved inntak og under opphaldet. Rutinane skal vere tilpassa institusjonen og bebuarane/ målgruppa for institusjonen.

Rutinane bør m.a. omtale i kva situasjonar medisinsk tilsyn skal gjennomførast og kven som har ansvaret for å foreta vurderingar av om det er behov for medisinsk tilsyn eller behandling under opphaldet. Dersom bebuarar vert akuttplassert i institusjonen, skal dei tilsjåast av lege før eller seinast i løpet av inntaksdagen. Rutinane bør også omfatte situasjonar der det må visast særleg merksemd, t.d. ved mistanke om rusing, smittsame sjukdommar og suicidal åt­ ferd. Rutinane og omfanget av skriftleggjering av desse må sjåast i samanheng med målgrup­pa til institusjonen og kor det er fare for svikt.

5.Funn

Det vart ikkje funne avvik.

Det vart gitt ein merknad:

Det må avklarast kva det inneber at Clausenengen ungdomshjem kan ta imot ungdommar etter § 4-6.

Merknaden byggjer på følgjande:

  • Clausenengen ungdomshjem er kvalitetssikra for plasseringar etter § 4-6 dersom intensjonen er langtidsplassering ved institusjonen.
  • Dei skriftlege rutinane seier ikkje noko om akuttplasseringar.
  • Tilsette meiner at Clausenengen ungdomshjem ikkje tar imot akuttplasseringar.
  • Ikkje alle tilsette kjenner til om/at det er særlege krav om legetilsyn ved akuttplasseringar.
  • I Sluttmøtet vart det opplyst at Clausenengen ungdomshjem i september 2009 var kvalitetssikra for plasseringar etter berre §§ 4-4 (5) og 4-12. Ved ny gjennomgang i mars 2010 var målgruppa utvida til også å omfatte§ "4-6 dersom intensjonen er langtidsplassering ved institusjonen".!tida mellom desse to gjennomgangane hadde det vore ei plassering av ein bebuar som hadde vore heimla i § 4-6.

Kommentar:

Dåverande Barne- og familiedepartement (BFD) gav 25.11.05 presiseringar av regelverket knytt til rettighetsforskrifta - m.a. følgjande om medisinsk tilsyn og behandling:

Det er ikke direkteforskriftfestet, men fremgår av merknaden, at rutinene må inneholde bestemmelser om at barn og unge som blir akuttplassert, tilses av lege før inntak, snarest mulig etter inntak eller senest i løpet av inntaksdagen. Det skilles ikke her mellom ulike hjemler for akuttplasseringen, og åpnes heller ikke for en individuell vurdering av behovet for å tilses av lege i disse tilfellene.

 

6. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon
  • Lov om barneverntjenester (17.juli 1992 nr l 00)
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling 11.des. 2003 nr 1564)
  • Forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon (12.des. 2002 nr 1594)
  • Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjoner (10. juni 2007 nr 1351)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over da revisjonen vart førebudd:

  • Oversikt over tilsette
  • Rutine ved inntak
  • Kartlegging
  • Oppgaver og retningslinjer for særkontakt
  • Opplæring 2011
  • Førstehjelp ved blødning
  • Utdeling av medikamenter
  • Førstehjelp ved forgifting
  • Alkohol og medikamentforgifting
  • Generelle retningsliner ved forgifting
  • Førstehjelp ved forgifting

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Medisinpenn

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsynet
  • Diverse e-postar om program og gjennomføring av tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Lene Christiansen

Tiltaksleiar

X

X

X

Solgunn Solevåg

Avdelingsleiar

X

X

X

Janne Madsen

Miljøterapeut

X

X

 

Vibeke Schanzenbecher

Miljøterapeut

 

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Liv Torild Karlsvik og Berit Roll Elgsaas.