Helsetilsynet

Helsetilsynet i fylket ble fra 01.01.12 integrert på lik linje med andre fagområder i fylkesmannsembetet og opphørte som eigen instans. Fylkesmannen ble etablert som felles klage- og tilsynsinstans, og dette tilsynet blir derfor fulgt opp av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen viser til brev herfra, datert 10.10 og 10.11.11, og takker for retur av utfylt spørjeskjema.

Tilsynet ble gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutiner for legetniddelhandtering i institusjon og heimeteneste opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 1. mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Haram kommune oversendte sine svar i brev av 29.11.11 og ga oppklarande opplysningar i e-post av 21.12.11. I e-posten blir det opplyst at det eine skjemaet er utfylt av Indre Haram kommune (Vatne sjukeheim og heimeteneste), og det andre av Ytre Haram kommune (Haram omsorgssenter/sjukeheim og heimetenester). Slik fylkesmannen forstår tilbakemeldinga er det eins prosedyrar og praksis ved sjukeheim og heimeteneste i det aktuelle distrikt.

Når det gjeld Indre Haram kommune er det avdekt avvik knytt til at det ikkje er utpeikt ein fagleg rådgivar med legemiddelkompetanse.

I plan for retting av avvik er det opplyst at einingsleiar den 29.11.11 tok kontakt med kommuneoverlegen i Haram med spørsmål om han vil tre inn som fagleg rådgjevar i forhold tillegemiddelkompetanse.

Det er også gjeve ein kommentar til utsegn 12 sjølv om det ikkje er avdekt avvik her.

Når det gjeld Ytre Haram kommune er det avdekt avvik knytta til at einer usikker på om det i verksemda blir delegert vidare til personar utan godkjenning å gje medisin direkte til pasient. Det blir opplyst i plan for retting at dette til dømes kan skje om ein person utan godkjenning mater ein pasient, og får beskjed om å gje medisin til vedkomande samstundes. Ytre Haram kommune opplyser at ein vil gå inn i verksemda og kontrollere forholdet og gjere eventuelle justeringar. Det blir også sagt at dette er avvik på prosedyre og skal meldast i forhold til denne. Når det gjeld tidsplana for retting er denne sett til ei veke frå 29.11.11.

Fylkesmannen ber om å få ei tilbakemelding innan 15.02.12 på om Indre Haram kommune har utpeika ein fagleg rådgjevar med legemiddelkompetanse.

Fylkesmannen ber også om å få oversendt rutinar knytt til avvik som er avdekt ved Ytre Haram kommune innan same dato.

Med hilsen

Christian Bjelke
Direktør/ Fylkeslege

Einar Andersen
Seksjonssjef