Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i fylket blei frå 01.01.12 integrert på lik linje med andre fagområder i fylkesmannsembetet og opphørte som eigen instans. Fylkesmannen blei etablert som felles klage- og tilsynsinstans, og dette tilsynet blir derfor fulgt opp av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen viser til brev herfrå, datert 10.10 og 10.11.11, og takker for retur av utfylt spørreskjema.

Tilsynet blei gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutiner for legemiddelhandtering i institusjon og heimetenester opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifa av 1. mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Herøy kommune oversendte sine svar i brev av 29.11.11. Av tilbakemeldinga går det frem at ein ikkje har avdekt avvik verken ved sjukeheim eller ved heimeteneste. Fylkesmannen kan heller ikkje sjå at det ligg føre avvik ved tenestene.

På bakgrunn av dette finn fylkesmannen å avslutte tilsynet med legemiddelhandtering. Vi vil nytte høvet til å takke for samarbeidet.

Med hilsen

Christian Bjelke
Direktør/ Fylkeslege

Einar Andersen
Seksjonssjef