Rapport frå tilsyn med bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling ved Husafjellheimen 2011
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som vart påpeikte innanfor dei områda som vart reviderte.
Systemrevisjonen omhandla bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling. Det vart ikkje funne avvik.
Det vart gitt ein merknad:
Husafjellheimen bør ta med at ved akuttplasseringar skal ungdommane få legetilsyn før eller seinast i løpet av inntaksdagen i dei skriftlege rutinane sine.
Dato: 25.10.11
Berit Roll Elgsaas
revisjonsleiar Liv Toril Karlsvik
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Husafjellheimen i perioden 18.08.11 - 25.10.11. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.
Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barnevernsinstitusjonane etter lov om barnevernstenester § 5-7.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Husafjellheimen er ein statleg eigd barnevernsinstitusjon som tek imot barn og unge i alderen 11-18 år ved inntak. I kvalitetsvurdering datert 26.05.11 tilfredsstiller institusjonen krava for "plasseringer i henhold til barnevernloven §§ 4-4, 5 ledd, 4-12, samt 4-6 dersom intensjonen er langtidsplassering ved institusjonen".
Institusjonen er p.t. midlertidig godkjent for å ta imot inntil 8 ungdommar, den midlertidige godkjenninga gjeld for perioden 13.09.-07.10.11. Normalt er Husafjellheimen godkjent for inntil 6 ungdommar. Husafjellheimen disponerer to treningshyblar.
Husafjellheimen held til i ein einebustad i eit veletablert bustadområde om lag 5 km frå Ålesund sentrum.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel hvart sendt ut 17.08.11.
Oversikt over dokument i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte vart halde 21.09.11.
Intervju: 4 personar vart intervjua.
Sluttmøte vart halde 21.09.11.
4. Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling.
Rettigheitsforskrifta § 10 slår fast at den enkelte bebuar har rett til nødvendig medisinsk tilsyn og behandling. Denne retten korresponderer med tilsvarande plikt for institusjonane i kvalitetsforskrifta § 7.
Rettigheitsforskrifta § 10:
Den enkelte beboer har rett til nødvendig medisinsk tilsyn og behandling under institusjonsoppholdet.
Kvalitetsforskrifta § 7:
Institusjonen har plikt til å sørge for at beboernes rett til medisinsk tilsyn og behandling ivaretas og skal ha rutiner som sikrer dette. Rutinene skal være tilpasset institusjonens målgruppe.
Institusjonane må sørgje for at den enkelte bebuar får medisinsk tilsyn og behandling når dette er nødvendig. Institusjonen skal å ha skriftlege rutinar som sikrar ivaretaking av dette ansvaret både ved inntak og under opphaldet. Rutinane skal vere tilpassa institusjonen og bebuarane/ målgruppa for institusjonen.
Rutinane bør m.a. omtale i kva situasjonar medisinsk tilsyn skal gjennomførast og kven som har ansvaret for å foreta vurderingar av om det er behov for medisinsk tilsyn eller behandling under opphaldet. Dersom bebuarar vert akuttplassert i institusjonen, skal dei tilsjåast av lege før eller seinast i løpet av inntaksdagen. Rutinane bør også omfatte situasjonar der det må visast særleg merksemd, t.d. ved mistanke om rusing, smittsame sjukdommar og suicidal åt ferd. Rutinane og omfanget av skriftleggjering av desse må sjåast i samanheng med målgrup pa til institusjonen og kor det er fare for svikt.
5. Funn
Det vart ikkje funne avvik.
Det vart gitt ein merknad:
Husafjellheimen bør ta med at ved akuttplasseringar skal ungdommane få legetilsyn før eller seinast i løpet av inntaksdagen i dei skriftlege rutinane sine.
Merknaden byggjer på følgjande:
- Dei skriftlege rutinane seier ikkje noko særskilt om akuttplasseringane og legetilsyn.
- Tilsette veit ikkje om det er forskjell på akuttplasseringar og planlagde plasseringar når det gjeld kor tid legetilsyn skal finne stad.
- Akuttplasseringar skjer svært sjeldanved Husafjellheimen; det har vore ei slik plassering sidan 2004.
Kommentar:
Dåverande Barne- og familiedepartement (BFD) gav 25.11.05 presiseringar av regelverket knytt til rettighetsforskrifta- m.a. følgjande om medisinsk tilsyn og behandling:
Det er ikke direkte forskriftfestet, men fremgår av merknaden, at rutinene må innehol de bestemmelser om at barn og unge som blir akuttplasser!, ti/ses av lege før inntak, snarest mulig etter inntak eller senest i løpet av inntaksdagen. Det skilles ikke her mellom ulike hjemler for akuttplasseringen, og åpnes heller ikke for en individuell vurdering av behovet for å ti/ses av lege i disse tilfellene.
Fylkesmannen finn sidan akuttplasseringar er så sjeldne (og når dei først skjer, må det agerast umiddelbart), er det viktig at dei skriftlege rutinane er utforma slik at tilsette raskt kan finne kva reglar som gjeld og kan handle i samsvar med dette.
6. Regelverk
- FNs barnekonvensjon
- Lov om barneverntjenester (17.juli 1992 nr l00)
- Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling (11.des. 2003 nr 1564)
- Forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon (12.des. 2002 nr 1594)
- Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjoner (10.juni 2007 nr 1351)
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over da revisjonen vart førebudd:
- Opplæringsplan 2011
- Prosedyrar/rutinar knytt til tilsynstema:
Rutiner for å sikre ungdommens fysiske og psykiske helse
Medisinskjema
Rutine: Førstehjelp og forebyggende smitte ved inst.
Rutiner ved skader/selvskading
Prosedyre ved suicidal adferd - Prosedyrar/rutinar for avvikshandtering
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:
- Varsel om tilsynet
- Diverse e-postar om program og gjennomføring av tilsynet
8. Deltakarar ved tilsynet
Revisjonen fann stad same dag som institusjonen hadde personalmøte. Alle tilsette var derfor tilstades på opnings- og sluttmøtet.
Tabellen under syner kva personar som vart intervjua:
Namn | Funksjon / stilling | Opningsmøte | Intervju | Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Mette Tranvåg Øren |
Leiar |
X |
X |
X |
Barbara Hansen |
Miljøarbeidar |
X |
X |
X |
Camilla Svendsen |
Miljøterapeut |
X |
X |
X |
Leif Christian Tomren |
Miljøterapeut |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Kjell Iversen (observatør), Liv Torild Karlsvik og Berit Roll Elgsaas.