Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som vart påpeikte innanfor dei områda som vart reviderte.

Systemrevisjonen omhandla bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling.

Det vart ikkje funne avvik.

Det vart gitt ein merknad:

Interaktiv barnevern as, Bolli bofellesskap bør i større grad tilpasse dei skriftlege rutinane sine til den faktiske situasjonen og bebuarane/målgruppa for institusjonen i Molde og Eide, m.a. forholda knytt til legetilsyn ved akuttplasseringar.

Dato: 26.1 0.11

Berit Roll Elgsaa
revisjonsleiar
Liv Toril Karlsvik
revisor

 

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Interaktiv barnevern as, Bolli bofellesskap i perioden 19.08.11 - 26.10.11. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barnevernsinstitusjonane etter lov om barneverntenester § 5-7.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte.
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Bolli bofellesskap er ein privat barnevernsinstitusjon. Det er ein del av Interaktiv Barnevern as og har 3 avdelingar i Molde og Eide kommunar. Dei tre avdelingane er godkjent for til saman 13 bebuarar i alderen 13 til 18 år ved inntak. Institusjonen kan ta imot ungdommar som vert plassert utanfor heimen med heimel i barnevernslova §§ 4-4 (5), 4-6, 4-12, 4-24, 4-25 og 4-26.

 

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 19.08.11.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 05.10.11. Intervju: 4 personar vart intervjua.

Sluttmøte vart halde 05.10.11.

 

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling.

Rettigheitsforskrifta § 10 slår fast at den enkelte bebuar har rett til nødvendig medisinsk tilsyn og behandling. Denne retten korresponderer med tilsvarande plikt for institusjonane i kvalitetsforskrifta § 7.

Rettigheitsforskrifta § l 0:

Den enkelte beboer har rett til nødvendig medisinsk tilsyn og behandling under institusjonsoppholdet.

Kvalitetsforskrifta § 7:

Institusjonen har plikt til å sørge for at beboernes rett til medisinsk tilsyn og behandling ivaretas og skal ha rutiner som sikrer dette. Rutinene skal være tilpasset institusjonens målgruppe.

Institusjonane må sørgje for at den enkelte bebuar får medisinsk tilsyn og behandling når dette er nødvendig. Institusjonen skal å ha skriftlege rutinar som sikrar ivaretaking av dette ansvaret både ved inntak og under opphaldet. Rutinane skal vere tilpassa institusjonen og bebuarane/ målgruppa for institusjonen.

Rutinane bør m.a. omtale i kva situasjonar medisinsk tilsyn skal gjennomførast og kven som har ansvaret for å foreta vurderingar av om det er behov for medisinsk tilsyn eller behandling under opphaldet. Dersom bebuarar vert akuttplassert i institusjonen, skal dei tilsjåast av lege før eller seinast i løpet av inntaksdagen. Rutinane bør også omfatte situasjonar der det må visast særleg merksemd, t.d. ved mistanke om rusing, smittsame sjukdommar og suicidal åt­ ferd. Rutinane og omfanget av skriftleggjering av desse må sjåast i samanheng med målgrup­ pa til institusjonen og kor det er fare for svikt.

 

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik.

Det vart gitt ein merknad:

Interaktiv barnevern as, Bolli bofellesskap bør i større grad tilpasse dei skriftlege rutinane sine til den faktiske situasjonen og bebuarane/målgruppa for institusjonen i Molde og Eide, m.a. forholda knytt til legetilsyn ved akuttplasseringar.

Merknaden byggjer på følgjande:

  • Interaktiv barnevern as, Bolli bofellesskap sine skriftlege rutinar om retten til medisinsk tilsyn og behandling framstår som kompliserte og lite tilgjengelege. Det er også eksempel på målformuleringar nieir enn å vise kven som har ansvar for kva og når dette skal gjerast.
  • Dei tilsette formidlar at det er eit felles ansvar å syte for at bebuarane får nødvendig medisinsk tilsyn og behandling.
  • Dei skriftlege rutinane synest ikkje å vere tilstrekkeleg tilpassa dei situasjonane som er aktuelle for institusjonen i Molde/Eide. Leiar Qpplyste at institusjonen har felles skrift­ lege rutinar med avdelinga i Oslo og at dei er i gang med å revidere rutinane og tilpas­ se dei til situasjonen her.
  • Dei skriftlege rutinane seier ikkje noko om legetilsyn ved akuttplasseringar. Dei tilset­ te er ikkje kjent med at det er tidsfrist for når akuttplassserte ungdommar skal ha lege­ tilsyn.

Kommentar:

Dåverande Barne- og familiedepartement (BFD) gav 25.11.05 presiseringar av regelverket knytt til rettighetsforskrifta- m.a. følgjande om medisinsk tilsyn og behandling:

Det er ikke direkteforskriftfestet, men fremgår av merknaden, at rutinene må innehol­ de bestemmelser om at barn og unge som blir akuttplassert, tilses av lege før inntak, snarest mulig etter inntak eller senest i løpet av inntaksdagen. Det skilles ikke her mellom ulike hjemler for akuttplasseringen, og åpnes heller ikke for en individuell vurdering av behovet for å ti/ses av lege i disse tilfellene.

 

6. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon
  • Lov om barnevernljenester (17.juli 1992 nr 100)
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling ll.des. 2003 nr 1564)
  • Forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon (12.des. 2002 nr 1594)
  • Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjoner (10.juni 2007 nr 1351)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over da revisjonen vart førebudd:

  • Oversikt over tilsette
  • Prosedyrer som angår medisinsk og psykososial tilsyn/behandling
  • Prosedyrer som angår medisiner
  • Rutine ved innskriving i institusjon
  • Innholdsfortegnelsen i prosedyrehåndboken
  • Opplæringsplan for personalet
  • Prosedyre 2.1 om oppfølging ved mistanke om akutt rus
  • Prosedyre 8. 2 om samarbeid med helse- og tannhelseljenesten
  • Prosedyre 10.1 om seksuelle overgrep
  • Prosedyre 11.1 om suicidal atferd
  • Skjemaene "istandgjøring av legemiddel” og "utdeling av legemidler"

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsynet
  • Diverse e-postar om program og gjennomføring av tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Jarle Fure

Fagleg ansvarleg

X

X

X

Geir Martin Vikås

Avdelingsleiar

X

X

X

RamonAraya

Avdelingsleiar

X

 

X

Karianne Havnes

Avdelingsleiar

X

 

X

Trude Løseth

Miljøterapeut

 

X

X

Ellen Sivertsen

Leiande miljøterapeut

 

X

 

Frå tilsynsorganet deltok:
Liv Torild Karlsvik og Berit Roll Elgsaas