Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som vart påpeikte innanfor dei reviderte områda.

Systemrevisjonen omhandla bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling. Det vart ikkje funne avvik eller gitt merknad.

Dato: 29.11.11

Berit Roll Elgsaas
revisjonsleiar

Liv Torild Karlsvik
revisor

 

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Kollen ungdomsbase i perioden 19.08.11 - 29.11.11. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barnevernsinstitusjonane etter lov om barnevernstenester § 5-7.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial

2. Omtale av verksemda -spesielle forhold

Kollen ungdomsbase er ein statleg eigd barnevernsinstitusjon som tar imot barn og unge i alderen 13-18 år ved inntak. Institusjonen er godkjent for å ta imot plasseringar med heimel i barnevernslova §§ 4-4 (5), 4-12, 4-24 og 4-26, samt §§ 4-6 og 4-25 dersom intensjonen er langtidsplassering ved Kollen ungdomsbase.

Institusjonen er lokalisert i Vestnes kommune. Institusjonen har to avdelingar med plass til i alt 8 bebuarar. I tillegg har institusjonen ei oppfølgingsavdeling med 2 treningshyblar og som yter timebaserte tenester.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar: Revisjonsvarsel vart sendt ut 19.08.11.

Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 19.10.11.

Intervju: 4 personar vart intervjua.

Sluttmøte vart halde 19.10.11.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var bebuarane sin rett til medisinsk tilsyn og behandling.

Rettigheitsforskrifta § 10 slår fast at den enkelte bebuar har rett til nødvendig medisinsk tilsyn og behandling. Denne retten korresponderer med tilsvarande plikt for institusjonane i kvali­ tetsforskrifta § 7.

Rettigheitsforskrifta §10:

Den enkelte beboer har rett til nødvendig medisinsk tilsyn og behandling under institu sjonsoppholdet.

Kvalitetsforskrifta § 7:

Institusjonen har plikt til å sørge for at beboernes rett til medisinsk tilsyn og behand­ ling ivaretas og skal ha rutiner som sikrer dette. Rutinene skal være tilpasset institusjonens målgruppe.

Institusjonane må sørgje for at den enkelte bebuar får medisinsk tilsyn og behandling når dette er nødvendig. Institusjonen skal å ha skriftlege rutinar som sikrar ivaretaking av dette ansvaret både ved inntak og under opphaldet. Rutinane skavere tilpassa institusjonen og bebuarane/ målgruppa for institusjonen.

Rutinane bør m.a. omtale i kva situasjonar medisinsk tilsyn skal gjennomførast og kven som har ansvaret for å foreta vurderingar av om det er behov for medisinsk tilsyn eller behandling under opphaldet. Dersom bebuarar vert akuttplassert i institusjonen, skal dei tilsjåast av lege før eller seinast i løpet av inntaksdagen. Rutinane bør også omfatte situasjonar der det må visast særleg merksemd, t.d. ved mistanke om rusing, smittsame sjukdommar og suicidal åt­ ferd. Rutinane og omfanget av skriftleggjering av desse må sjåast i samanheng med målgrup­ pa til institusjonen og kor det der fare for svikt.

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller gitt merknader.

Tilsynsorganet har elles merka seg:

Kollen ungdomsbase har rutinar som dekkjar området som er tema for dette tilsynet når det gjeld dei planlagde plasseringane. Dei tilsette fortel samstemt om einsarta praksis på området i tråd med desse rutinane.

Sjølv om institusjonen er kvalitetssikra for å ta imot plasseringar etter akuttheimlane, §§ 4-6 og 4-25, opplyser tilsette og leiinga at dette i tilfelle vil gjelde ungdommar som har vore innom ein annan institusjon først, dei vil aldri blir plassert direkte på Kollen.

6. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon
  • Lov om barneverntjenester (17.juli 1992 nr l 00)
  • Forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling(ll.des. 2003 nr 1564)
  • Forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon (12.des. 2002 nr 1594)
  • Forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjoner (10.juni 2007 nr 1351)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over da revisjonen vart førebudd:

  • Liste over tilsette
  • Plan for opplæringstiltak
  • Rutine for medisinsk tilsyn og behandling
  • Prosedyre ved avrusing _
  • Rutine for handtering av medisin, legemiddel - oppbevaring

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsynet
  • Diverse e-postar om program og gjennomføring av tilsynet

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Janne Årset

Leiar

X

X

X

Åse-Beate Ernstsen

Avdelingsleiar

   

X

Geir Kristian Svendsen

Miljøarbeidar

X

X

X

Maria Korsnes Eriksen

Miljøterapeut

X

X

X

Tore Øverås

Spes.miljøterapeut

 

X

 

Linda Gjelseth

Merkantil

X

   


Frå tilsynsorganet deltok:

Liv Torild Karlsvik og Berit Roll Elgsaas.