Sandøy kommune - tilsyn med legemiddelhandtering i tenester til eldre - svar på sjølvmeldingstilsyn 2011
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.
Helsetilsynet i fylket blei frå 01.01.12 integrert på lik linje med andre fagområder i fylkesmannsembetet og opphørte som eigen instans. Fylkesmannen blei etablert som felles klage- og tilsynsinstans, og dette tilsynet blir derfor fulgt opp av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Fylkesmannen viser til brev herfrå, datert 10.10 og 10.11.11, og takker for retur av utfylt spørreskjerna.
Tilsynet blei gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutiner for legemiddelhandtering i institusjon og heimetenester opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifa av 1 mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.
Sandøy kommune oversendte sine svar i brev av 09.12.11. Av tilbakemeldingen går det frem at det er avdekt avvik knytta til at helsepersonell har delt ut ferdig istandgjorte legemidlar utan at det er vurdert kor vidt dei har tilstrekkelege formelle og reelle kvalifikasjonar til å gjere dette på ein forsvarleg måte. I brevet frå kommunen går det frem at det innimellom blir utlevert multidosepakkar i heimar av tilsette som ikkje har gjennomført avslutta prøve i legemiddelhandtering. Likevel slik at multidose blir utlevert og kontrollert av autorisert personell først.
Kommunen opplyser at dette var avvik ein allereie var kjent med og arbeidar med å få retta innan 01.02.12. Kommunen opplyser også at ein må oppdatere nytt skjema for delegert mynde i forhold til nytt regelverk.
Fylkesmannen ber om å få ei tilbakemelding på korleis kommuna har retta avviket knytt til utdeling av legemidlar innan 20.02.12.
Med hilsen
Christian Bjelke
Direktør/ Fylkeslege
Einar Andersen
Seksjonssjef