Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som vart påpeikte innanfor dei om­ råda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Den kommunale barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar, jf. barnevernslova § 4-3
  • evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn, jf. barnevernslova § 4-5.

Barns rett til medverknad står sentralt og er undertema for begge hovudtema. Med­ verknad vil i denne samanhengen seie barnets rett til å bli informert, og til å uttale seg, jf barnevernslova § 6-3.

Det vart gitt to avvik:

1. Smøla kommune sikrar ikkje barns rett til medverknad i barnevernssaka si slik lovverket krev.

2. Smøla kommune sikrar ikkje at evaluering av hjelpetiltak vert gjort i tråd med regelverket.

Dato: 16.8.11

 

Berit Roll Elgsaas
revisjonsleiar

Liv Torild Karlsvik
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved barneverntenesta i Smøla i perioden 10.02.11 - 16.08.2011. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Statens Helsetilsyn.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med barnevernstenesta etter lov om barneverntjenester § 2-3b.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lov­givinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innan­ for de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Smøla kommune er ein øykommune og ligg lengst nord i Møre og Romsdal. Kommunen har 2137 innbyggjarar; etter fleire år med nedgang i folketalet hadde kommunen ved siste oversikt ein liten auke.

Smøla er plassert i kommunegruppe 5, dvs blant små kommunar med høge bundne kostnader pr. innbyggjar og høge frie disponible inntekter.

Barnevernstenesta er lagt til Nav. Det er 1,3 årsverk (fordelt på 3 personar) som er knytt til barnevernet. Det har vore eit langvarig interkommunalt fagleg samarbeid med nabokom­ munen Aure. Det er faste tverrfaglege samarbeidsmøte med BUP, Bufetat og liknande.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 10.02.11. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 15.06.11.

Intervju

3 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet

Dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 16.06.11.

4. Kva tilsynet omfatta

Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Den kommunale barneverntenesta sitt arbeid med undersøkingar, jf. barnevernslova § 4-3
  • evaluering av hjelpetiltak for heimebuande barn, jf. barneverns!lova § 4-5.
  • Barns rett til medverknad står sentralt og er undertema for begge hovudtema. Med­verknad vil i denne samanhengen seie barnets rett til å bli informert, og til å uttale seg, jf barnevernslova § 6-3.

5. Funn

Avvik 1:

Smøla kommune sikrar ikkje barns rett til medverknad i barnevernssaka si slik lovverket krev.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • FNs barnekonvensjon
  • Barnevernslova §§ 6-3
  • Internkontrollforskrifta

Avviket byggjer på følgjande:

  • Barn frå 7 år vert ikkje alltid informert og gitt høve til å uttale seg før det vert teke be­slutningar som gjeld dei.
  • Barnevernstenesta dokumenterer ikkje alltid at dei har snakka med barna, evt kvifor ikkje, eller kva vekt det er lagt på kva barnet meiner.
  • Prosedyren stiller ikkje krav til korleis barna skal involverast i eiga sak.
  • Leiinga følgjer ikkje systematisk opp korleis barna får medverka i saka si.

Kommentar:

Barns rett til å bli hørt er et grunnleggende prinsipp som er nedfelt i FNs barnekonvensjon fra 1989. Retten til å bli hørt gjelder i alle forhold som berører barnet, jf artikkel 12. Dette innebærer at retten ikke er begrenset til noen bestemte sakstyper. Barnekonvensjonen gjelder som norsk lov, og barns rett til å bli hørt vil således være den samme i undersøkelsesfasen som ved evaluering av hjelpetiltak. I begge fasene vil det være den kommunale barnevern­ tjenesten som må legge til rette for barnets deltagelse.

En forutsetning for at barnet skal kunne beslutte om han eller hun vil uttale seg eller hva han eller hun vil uttale seg om, er at barneverntjenesten informerer barnet om saken, jf § 6-3 første ledd. Bestemmelsen presiserer at barn som har fylt 7 år og yngre barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter, skal informeres og gis anledning til å uttale seg før det tas avgjørelser i sak som berører han eller henne. Barnets evne til å danne seg en selvstendig opp­ fatning må vurderes i den grad det er mulig. For yngre barn vil det vanligvis være naturlig å observere dem i deres naturlige miljø.

Informasjon må gis på barnets premisser og tilpasses barnets alder og modenhet. Barnet bør informeres om den aktuelle situasjonen og hva som skal skje i saken. Barnet skal få mulighet til å si hva det mener om situasjonen. Dette kan være et viktig bidrag i å opplyse saken.

Etter barnekonvensjonen artikkel 12 skal barnets synspunkter tillegges behørig vekt i samsvar med dets alder og modenhet. FNs barnekomite viser i sin kommentar til at alderen alene ikke er avgjørende. Blant annet vil erfaringer, miljø, sosiale og kulturelle forventninger bidra til å utvikle barnets evne til å danne seg egne synspunkter. Barnets evne til å forstå den informasjon som blir gitt og oppfatte den situasjon det uttaler seg om vil måtte vurderes i det enkelte tilfelle- se også § 6-3 som forutsetter at barnets modenhet sammen med alder skal vurderes i den enkelte sak. Lov om barn og foreldre§ 31 angir at fra barnet fyller 12 år skal det legges stor vekt på hva barnet mener.

Det å ha rett til å bli hørt betyr ikke at barnets mening skal ha avgjørende betydning. Barnets synspunkt vil inngå som et moment i barneverntjenestens helhetsvurdering. Det kan være andre tungtveiende argumenter som nødvendiggjør en annen løsning. (Frå Statens Helsetilsyn sin rettleiar for dette tilsynet.)

Avvik 2:

Smøla kommune sikrar ikkje at evaluering av hjelpetiltak vert gjort itråd med regelverket. Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Barnevernslova § 4-5
  • internkontrollforskrifta

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det vert ikkje alltid laga tiltaksplan når hjelpetiltak vert sett i verk.
  • I fleire tiltaksplanar er det utydelege og/eller generelle målsettingar, dvs mål som er vanskeleg å evaluere.
  • Evalueringane vert ikkje alltid gjennomført som planlagt (vert ikkje dokumentert).
  • Evalueringane har utilstrekkelege oppsummeringar, manglar dei barnevernsfaglege vurderingane.
  • Prosedyren stiller ikkje krav til korleis evalueringa skal gjennomførast.
  • Leiinga følgjer i liten grad opp korleis evalueringane vert gjennomført.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Når det gjeld styringssystemet for barnevernstenesta, vil vi gi følgjande kommentar: Det vert gjennomført barnevernsmøte ein gong i veka for oppfølging av saker. Barnevernsleiar har fokus på gjennomføring av undersøkingar; etterspør framdrift og det er utarbeidd detaljert prosedyre for dette. Det har (enno) ikkje vare same fokus på oppfølging av hjelpetiltak gjen­ nom tiltaksplanar og evalueringar. Prosedyren for luelpetiltak er også mindre detaljert enn for undersøkingane. Her er arbeidet svakare enn i undersøkingssakene. Der det er eit aktivt leiar­ fokus synest arbeidet å vere betre i samsvar med lovkrava.

7. Regelverk

  • FNs barnekonvensjon
  • Bamevernslova
  • Forvaltningslova
  • Internkontrollforskrifta

8. Dokumentunderlag


Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  1. Organisasjonskart
  2. Prosedyrer for barneverntjenesten, Organisering, ansvar og roller
    - Meldinger til barneverntjenesten
    - Undersøkelser i barneverntjenesten
    - Hjelpetiltak
    - Omsorgsovertakelser
    - Støttekontakter og besøkshjem
    - Interne fagmøter
    - Møter med eksterne samarbeidsparter
    - Fagprogrammet FAM/LIA
  3. Delegasjonsreglement, vedtatt 27.03.03
  4. Omstilling i Smøla kommune, vedtatt 02.11.06
  5. Lokal samarbeidsavtale Smøla kommune og Arbeids- og velferdsetaten i Møre og Romsdal, vedtatt 10.04.08
  6. Plan for styrking av barneverntjenesten i Smøla kommune
  7. Oversikt over personell i barneverntjenesten
  8. Utdrag av Økonomi- og handlingsplan for Smøla kommune for 2011- 2014, vedtatt i 16.12.10 (Fullstendig Økonomi- og handlingsplan er tilgjengelig på kommunens nettside)
  9. Utdrag av Årsmelding Smøla kommune for 2010, til behandling (Årsmelding for 2009 er tilgjengelig på kommunens nettside)
  10. Samarbeidsavtale mellom Smøla kommune og Psykisk poliklinikk for barn og unge, datert 03.06.09
  11. Lovkrav om politiattest for helsepersonell og sosialpersonell i visse typer stillinger
  12. Retningslinjer Tverrfaglig team i Smøla kommune, 2010
  13. Samarbeidsavtale mellom Bufetat og Smøla kommune, datert 19.08.09
  14. Liste over barn med avslutta undersøkelser i 2010
  15. Liste over barn (som bor hjemme hos foreldrene sine) med aktive hjelpetiltak i 2010 eller som ble avsluttet dette året

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 10 undersøkingssaker
  • 10 evalueringssaker

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Diverse e-post med program og nærare om den praktiske gjennomføringa av tilsynet.

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NamnFunksjon / stillingOpningsmøteIntervjuSluttmøte

Kirsten Stensø Skaget

Rådmann

X

X

X

Bente Width Berg

Barnevernsleiar

X

X

X

Astrid Lie Dalseth

Saksbehandlar

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:

Liv Torild Karlsvik og Berit Roll Elgsaas. Jo Kittelsen frå Statens helsetilsyn deltok som ob­servatør.