Sula kommune - tilsyn med legemiddelhandtering i tenester til eldre - svar på sjølvmeldingstilsyn 2011
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Helsetilsynet i fylket blei frå 01.01.12 integrert på lik linje med andre fagområder i fylkesmannsembetet og opphørte som eigen instans. Fylkesmannen blei etablert som felles klage- og tilsynsinstans, og dette tilsynet blir derfor fulgt opp av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Fylkesmannen viser til brev herfrå, datert 10.10 og 10.11.11, og takker for retur av utfylt spørreskjema.
Tilsynet blei gjennomført ved at kommunen vurderte eigne rutiner for legemiddelhandtering i institusjon og heimetenester opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifa av 1. mai 2008. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.
Sula kommune oversendte sine svar i brev av 08.12.11. Av tilbakemeldinga går det frem at det er avdekt avvik knytta til at kontroll av prosedyrar for legemiddelhandtering ikkje blir utført jevnlig og minst ein gong i året.
Fylkesmannen kan ikkje sjå at Sula kommune har gjeve ei plan for korleis dette skal rettast opp men berre sett ein frist til 31.01.12.
Fylkesmannen ber derfor om å fa ei plan for retting av avvik snarast og seinast innan 05.02.12.
Med hilsen
Christian Bjelke
Direktør/ Fylkeslege
Einar Andersen
Seksjonssjef