Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser til brev herifrå, datert 14. juni og 5. august 2013, og takkar for retur av utfylt spørjeskjema.

Tilsynet blei gjennomført som sjølvmeldingstilsyn ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimeteneste opp mot krava i legemiddelhandteringsforskrifta av 3. april 2008 nr 320. Kommunen skulle lage ei plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Stranda kommune har svart i brev av 11. september 2013. Svara er gitt frå både Stranda sjukeheim og heimetenesta i distrikta Stranda, Sunnylven og Geiranger. Av svarskjemaet går det fram at dei skriftlege prosedyrane for legemiddelhandtering ikkje er oppdaterte, at verksemdsleiar ikkje har vurdert risikotilhøve i legemiddelhandteringa, og at det ikkje ligg føre rutine for jamleg (og minst årleg) kontroll av prosedyrane.

I svaret er det gjort greie for at leiarane for dei aktuelle einingane inngår i ei arbeidsgruppe som arbeider opp mot avvikssystemet i kommunen (RISK Manager) og har møter fire gonger årleg, der oppdatering av prosedyrar stod på møteplanen 30. september 2013,. Det er vidare opplyst at det irman 30. oktober 2013 skal utarbeidast ROS-analyse med påfølgjande tiltaks- og handlingsplan, og endeleg at det skal innførast rutine om årleg kontroll.

Fylkesmannen vurderer det slik at desse planane er tilstrekkeleg til å lukke dei avvika som vart funne ved tilsynet. Tilsynet er med dette avslutta.

Fylkesmannen takkar for samarbeidet i gjennomføringa av dette tilsynet.

15.1.2015

Med helsing

Christian Bjelke (e.f.)
Fylkeslege/Direktør

Sverre Veiset

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur

Kopi: