Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser til våre brev datert 14.juni og 2. august 2013, og takkar for retur av utfylt spørjeskjema. Diverre har det teke lang tid før vi no kjem tilbake for å avslutte dette tilsynet

Tilsynet vart gjennomført som sjølvmeldingstilsyn ved at kommunen vurderte eigne rutinar for legemiddelhandtering i institusjon og heimeteneste opp mot krava i legemiddel­ handteringsforskrifta av 3. april 2008 nr. 320. Kommunen skulle lage en plan for retting dersom det viste seg at ikkje alle krava var oppfylte.

Frå Ulstein kommune mottok vi svar datert 12. september, med utfylte spørjeskjema frå heimesjukepleia og Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter. Av svaret går det fram at heimetenesta og institusjonen har eitt felles medisinrom på sjukeheimen, og at farmasøytisk tilsyn vert gjort samstundes ein gong pr. år, og vidare at ein har samordna dei rutinane som kan vere felles for institusjonen og heimetenesta.

For heimetenesta var det funne avvik ved at det er svart nei på utsegn 9, («Det vert vurdert om det enkelte helsepersonellet har gode nok formelle og reelle kvalifikasjonar ... til å gje ut ferdig istandgjorte legemiddel på ein forsvarleg måte, før han eller ho får dette som oppgåve») og av svaret på utsegn 10 går det fram at i løpet av dei siste 4 vekene har det skjedd at personar som ikkje er vurderte for å dele ut, har delt ut ferdig istandgjorte legemiddel.

I oversendingsbrevet er det vist til at det innført nytt kvalitets- og styringsverkty (Risk Manager), og gamle rutinar er gjennomgått og supplert. Det er og framlagt «Handlingsplan medisinhandtering Ulstein sjukeheim og heimetenestene 2013», der det er eige punkt om opplæring og det inngår eit risikovurderingsskjema som omfattar utdeling av fastmedisin frå dosett/multidose og utdeling av eventuellmedisin.

I dei utfylte spørjeskjema er det for både heimesjukepleia og sjukeheimen funne avvik vedat prosedyrane for legemiddelhandtering ikkje har vore kontrollert jamleg og minst ein gongi året (spørsmål/utsegn nr. 12). Dette er retta opp, og nye prosedyrar datert 12. september2013 var med som vedlegg til brevet. Eit punkt om årleg revisjon av legemiddelhandteringsprosedyraneinngår også i handlingsplanen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal legg til grunn at dei planlagde tiltaka er gjennomført. Tilsynet blir med dette avslutta.

Fylkesmannen takkar for samarbeidet i gjennomføringa av tilsynet.

Med helsing

Cato Innerdal (e.f.)
fung.fylkeslege
Rolf Toven
revisor

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

Kopi:
Statens helsetilsyn Postboks 8128 Dep 0032 OSLO