Helsetilsynet

Fylkesmannen i Oppland


Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Forsvarleg tildeling av avlastingstenester, lov om sosiale tenester § 4-3, jf. § 4-2 bokstav b.
  • Forsvarleg tildeling av støttekontakttenester, lov om sosiale tenester § 4-3, jf. § 4-2, bokstav c.
  • Sikring av at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkeleg kunnskap og ferigheit innafor det aktuelle området, sosialtenestelova § 2-1 og internkontrollforskrifta § 4, andre ledd bokstav c.

Fylkesmannen har avdekka tre avvik:

  • Nord-Fron kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad utreiing og individuell vurdering av søkjarar ved tildeling av avlastingstenester.
  • Nord-Fron kommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad forsvarleg tildeling av støttekontakttenester.
  • Nord-Fron kommune sikrar ikkje at det skjer ei jamleg individuell oppfølging av avlastarar og støttekontaktar.

Dato: Lillehammer 1. juni 2007

Randi Marthe Graedler
revisjonsleder
Kari Skjønsberg
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nord-Fron kommune i perioden 07.02.07 – 12.04.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2 - 6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Nord-Fron kommune har omlag 5800 innbyggjarar. Oppgåvene i høve til avlastings- og støttekontakttenester er delt mellom Barn og familie og avdeling for heimetenester. Sosiale tenester, psykiatritenesta og konsulent for funksjonshemma er alle lagt under Barn og familie, og fatter vedtak om tildeling av støttekontakttenester. Tenesta er lagt under to verksemdsleiarar og to kommunalleiarar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 07.02.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei ikkje halde.<

Opningsmøte blei halde 11.04.07.

Intervju
13 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 12.04.07.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet undersøkte om kommunen rettar seg etter krav nedfelt i sosialtenestelova og forvaltningslova når det gjeld avlastingstiltak og støttekontakt.

Område 1: Tildeling av avlastningstenester

Det blei her sett på om kommunen gir relevant informasjon til søkjarane, om tildeling av avlasting skjer uavhengig av diagnose og alder, og kompetansen saksbehandlerane har. Relevant utreiing av alle søkjarane, individuell vurdering i den einskilde sak og om kommunen krev vederlag/eigenbetaling ved avlastingstenester blei klarlagt. Det blei og undersøkt om avlasting blir sett i verk så fort som mogleg og om midlertidige og alternative tiltak blir sett i verk der det ikkje er mogleg å gje avlasting med det same.

Område 2: Tildeling av støttekontakttenester

Også her blei det sett på om kommunen gir relevant informasjon til søkjarane og om tildeling av støttekontakt skjer uavhengig av diagnose og alder. Relevant utreiing av alle søkjarar og individuell vurdering i den einskilde sak blei klarlagt. Det blei og undersøkt om støttekontaktordninga blir starta opp så snart som mogleg og om midlertidige og alternative tiltak blir sett inn der det ikkje er mogleg å gje støttekontakt straks.

Område 3: Avlastere og støttekontaktar sine kunnskaper og ferdigheiter

Under dette området undersøkte tilsynet korleis kommunen vurderer kva krav dei skal sette til støttekontaktar og avlastarar. Det blei klarlagt om det blir gitt nødvendig opplæring og rettleiing før støttekontakta startar, om opplæringa er både generell og spesielt om han/ho dei er støttekontakt/avlaster for og om det blir gjett oppfølgjing (opplæring og rettleiining) undervegs i oppdraget. Til slutt blei det sett på om tenesta blir evaluert og om mottakaren og støttekontakt/avlastar blir teke med på evalueringa.

5. Funn

Avvik 1:

Nord-Fron kommune sikrar ikkje i tilstrekkjeleg grad utreiing og individuell vurdering av søkjarar ved tildeling av avlastingstenester.

Avvik frå: Lov om sosiale tenester § 4-3, jf. § 4-2 d, forvaltningslova § 17 og forskrift om internkontroll.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det ligg ikkje føre innarbeidde prosedyrar for å sikre at kravet om relevant utreiing og individuell vurdering blir ivareteke.
  • I 80 % av sakene som blei gått igjennom manglar nedtegning av munnlege søknader/ søknadar som er underskrive av søkjar. Like mange saker er for dårleg utreia. Med dette meines det at det ikkje ligg føre dokumentasjon på at dei vedtak som blir fatta, er vurderte i høve behovet til den einskilde søkjer. Blant anna om kommunen vurderer alternative avlastingsformer utifrå diagnose, alder og andre individuelle behov.
  • Vedtak om avlastingstenester blir ikkje fatta når kommunen mottek henvending om behov, men når tenesta er tilgjengeleg. Dette gjeld særleg ved tildeling av avlasting på Sundheim bu og treningssenter.
  • Kommunen har ikkje innarbeidde prosedyrar for å rette opp forhold ved sakshandsaminga eller praksis ved tildeling av tenestene som ikkje tilfredsstiller krava i lova. Intervju med ansvarlege leiarar i kommunen syner at dei ikkje har informasjon om svikt ved sakshandsaminga og praksis ved tildeling av tenester.

Kommentar:
Avlasting blir innvilga til personar som yter særleg tyngjande omsorgsarbeid. Retten til å få avlasting er knytt til at den som treng omsorga fyller vilkåra i sosialtenestelova § 4-3. Avlasting kan, med utgangspunkt i den som treng omsorga, bli tildelt personar som gir omsorg i alle fasar i livet.

Avvik 2:

Nord-Fron kommune sikrar ikkje i tilstrekkejeleg grad forsvarleg tildeling av støttekontakt.

Avvik frå: Lov om sosiale tenester § 4-3, jf. § 4-2 c og forskrift om internkontroll.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Ansvaret for å informere om kommunen sine støttekontakttenester og korleis tenesta er organisert er ikkje klart og kjent i organisasjonen. Dette gjeld spesielt kven som har ansvaret for å gi informasjon om, og tildeling av tenesta til rusmiddelmisbrukarar og flyktningar.
  • Det ligg ikkje føre innarbeidde, einheitlege prosedyrar for å sikre om kravet om relevant utreiing og individuell vurdering blir ivareteke.
  • Ved gjennomgang av dokumentasjon er det ikkje mogleg å sjå at reglane for sakshandsaming er følgde, blant anna om søkjar har fått tenestene det er søkt om og kva for utreiing som er gjort. I dokumentasjonen som blei gått igjennom, manglar det søknad i 80 % av sakene. Det går heller ikkje fram kva for vurderingar som blir gjort, verken i høve til type teneste, varigheit eller omfang.
  • Kommunen har ikkje innarbeidde prosedyrar for å rette opp forhold ved sakshandsaminga eller praksis ved tildelinga som ikkje tilfredsstiller krava i lova. Intervju med ansvarlege leiarar i kommunen viser at dei ikkje har informasjon om svikt ved sakshandsaming og tenestetildeling.

Kommentar:
Etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c skal sosiale tenester omfatte støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klare gjeremåla i dagleglivet, har krav på hjelp etter § 4-2 bokstav a-d. Kommunen skal føre internkontroll for å sikre at tenestene etter kap. 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift.

Avvik 3:

Nord-Fron kommune sikrar ikkje at det skjer ei jamleg, individuell oppfølging av avlastarar og støttekontaktar.

Avvik frå: Lov om sosiale tenester § 2-1, jf § 2-3, internkontrollforskrifta § 4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det ligg ikkje føre innarbeidde prosedyrar som sikrar at ansvarlege for tenesta gjennomfører jamleg individuell rettleiing og oppfølging av tenesteytarane. Dette gjeld særskilt for området, Tenester for funksjonshemma (TFF).
  • Det kom fram under intervju at oppfølginga av støttekontaktar og avlastarar ikkje har blitt gjennomført slik det blei framstilt av dei ansvarlege.
  • Det ligg ikkje føre innarbeidde prosedyrar som sikrar at svikt i oppfølginga av avlastarar og støttekontaktar blir meldt til ansvarlege for tenesta.

Kommentar:
Etter sosialtenestelova § 2-1, jf. § 2-3 har kommunen ansvar for å gje dei tilsette i sosialtenesta nødvendig opplæring. Sikring av kunnskap og ferdigheiter, blant anna opplæring, har samanheng med kravet til forsvarleg tildeling av tenester.

6. Regelverk

  • Lov av 13. desember 1991 nr 81 om sosiale tenester
  • Forskrift til lov om sosiale tenester av 4. desember 1992 nr 915
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr 173 om internkontroll i sosial og helsetenesta
  • Forskrift om kvalitet i pleie og omsorgstenesta for tenesteyting etter kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova av 1. juli 2003
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Kart over kommunen si organisering
  • Oppsummering av konklusjonar frå omorganisering
  • Delegasjonsreglement
  • Opplæringsplan – kurskatalog
  • Nye satsar for støttekontaktar/avlastarar/tilsynsførarar
  • Regler for støttekontaktar/sjekkliste
  • Søknadsskjema
  • Oppdragsavtale
  • Namneliste
  • Dokument som gjeld avlasting for vaksne

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Det blei gått igjennom omlag 40 mapper på tildeling av avlastings og støttekontakttenester.

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn blei sendt 07.02.07.
  • Dokumentasjon blei sendt over 21.03.07.

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Åste Ringen Sandbu,

Leiar for heimetenesta

x

x

x

Rita Fjellseth

Spesialsjukepleiar, heimesjukepleia

x

x

x

Marita Skåravik

Hjelpepleiar, heimesjukepleia

x

x

x

Eli L. Skjeggestad

Fagansvarleg, heimesjukepleia

x

x

x

Torild Holten

Konsulent for funksjonshemma

x

x

x

Anja Solberg

Psyk. sjukepleiar/saksbehandlar

x

x

x

Iren Skurdal

Verksemdsleiar

x

x

x

Kaja Eide Drønen

Kommunalsjef

x

x

x

Anne Marit Mork

Kommunalsjef

x

x

x

Jeanette Halvorsen

Støttekontakt

x

Kirsten Rasmussen

Støttekontakt

x

Tove Moen

Støttekontakt

x

Christopher Rydland

Støttekontakt/avlastar

x

Anne Beth Blomquist

Sekretær

x


Frå tilsynsorganet deltok:
Kari Skjønsberg
Tone Huuse Svesengen
Are Fjermeros
Randi Marthe Graedler, revisjonsleiar