Helsetilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei eventuelle avvika og merknadene som blei peikt på innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Tilgjenge til legevakt for befolkninga
  • Kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta

Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknadar ved tilsynet.

Dato: 20.desember 2007

Tony Heyerdahl
revisjonsleder
Jens Cristian Bechensten
revisor

 

 

Ingebjørg Wikstrøm
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Nord-Aurdal kommune i perioden 30. oktober 2007 – 20. desember 2007. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Oppland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innan dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å peike på potensial for betring.

I sluttmøtet kan også forhold utanfor avgrensinga av tilsynet takas opp utan at desse blir nemnde i rapporten.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Nord-Aurdal er største kommune i Valdres (ca. 6.400 innb.) der regionsentret Fagernes ligg. Kommunen er ein av kommunane i Valdres Interkommunale legevakt, som elles består av kommunane Etnedal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre og Vang. Vaktdistriktet omfattar i alt 19.000 innbyggjarar og 3.500.000 gjestedøgn. Lengste reisavstand innan legevaktsamarbeidet til legevakt på Fagernes er 80 km. Lengste reisetid innan distriktet er 1 t 20 min. Avstand til sjukehus er110 km. (Kjelde: http://www.gruk.no/article/articleview/ 514/1/ 171/) 

Interkommunal avtale er datert 17.04.2001, og gir vertskapsansvar til Nord-Aurdal kommune, jfr. Kommuneloven kap. 5. Kommunane i Valdres har organisert legevakttenesta etter fylgjande modell, der antall samarbeidande kommunar varierar gjennom døgnet:

 

Tidsrom

Legevaktorganisering i Valdres

08.00 – 15.00

Etnedal kommune

15.00 – 22.00

Sør-Aurdal/Etnedal
Vestre Slidre/Vang
Øystre Slidre/Nord-Aurdal

22.00 – 08.00

Avtale mellom alle dei 6 Valdres- kommunane

15.00 fredag – 08.00 mandag, samt høgtider

På dagtid er legevakta plassert i legekontora i Fagernes, på kveldstid er det ein bemanna legevakt med lege og legevaktmedarbeidar. Vaktsentralen har bemanning heile døgnet. På natta/helg/høgtidar er legevakta bemanna etter langsiktig vaktplan med varierande bemanning.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 30. oktober 2007. Oversikt over dokument som verksemda har vist fram i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei halde 7.november 2007 på Fagernes legesenter.

Opningsmøte blei halde 26. november 2007 på Fagernes legesenter

Intervjuar:
Det blei intervjua 10 personar – i tillegg til Rådmannen og to personar tilknytt legekontoret, er dei øvrige 7 tilknytt den interkommunale legevakta på Fagernes.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved vaktlokala på Fagernes (interkommunal legevakt), samt ved legekontoret/dialyseeining og poliklinikk.

Sluttmøtet blei halde 28. november 2007 på Fagernes legesenter.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet var knytt til to tema:

  • korleis tilgjenge styras frå kommunen si side gjennom heile døgnet, helger og høgtider
  • korleis kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta sikrast

Det var i tilsynet lagt vekt på styring frå kommunen med legevakta, gjennom internkontrollen til den enkelte kommune, samt dei avtalar og/eller prosedyrar som regulerer samarbeidet mellom kommunane utanom dagtid.

5. Funn

Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknadar ved tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov 1982-11-19 nr 66: Lov om helsetjenesten i kommunene
  • Lov 1984-03-30 nr 15: Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)
  • Lov 1999-07-02 nr 63: Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetsloven)
  • Forskrift 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten. (internkontrollforskriften)
  • Forskrift 2000-12-21 nr 1385: Forskrift om pasientjournal (journalforskriften)
  • Forskrift-2005-03-18-252: Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, opplistinga er ikkje uttømmande:

  • Avtale mellom dei 6 Valdreskommunane om interkommunalt legevaktsamarbeid frå 2001
  • Notat frå Valdres kommunerevisjon om interkommunalt samarbeid – styringsmodell, dagsett 11. mai 2007
  • Avtale om felles legevakt mellom Etnedal kommune og Sør-Aurdal kommune, dagsett 23. november 2007
  • Arbeidsbeskriving for vakt på sentralen, dagsett 25. februar 2006
  • Beskriving av korleis dei som vender seg akutt til legevakta, skal ses til av lege utan opphald/drøftes med lege utan opphald, dagsett 27. november 2005
  • Organisasjonskart, Valdres interkommunale legevakt, § 27-subjekt, ikkje dagsett
  • Tilsynet fekk lagt fram ei omfattande mengde styrande dokument i permar; kort kan nemnas: Prognose legedekning (framskriving av alder på deltakande leger), legevaktturnus over 18 veker, oversikt helsevakt, oversikt over jule- og nyttårsturnus, oversikt påskevakter, eks. frå september 2007 – kvalitetssikring av oppfølging av dei som vendar seg til Valdres interkommunale legevakt på natt, ambulansejournalar, fleire namna registreringsskjema for nye legar ved legevakta (utsjekk) og attestasjonar frå kommunelege 1 på at registrering er gjort for vikar og nytilsett, fråsegn frå kvar ny lege om at dei har sett seg inn i regler og organisering av legevakta, eksempel på melding om avvik (vanskar med å få purret ut lege i bakvakt) og oversikt over aktuelle klagar frå pasientar
  • Fleire kliniske prosedyrar for legekontor, legevakt og skadestue, samt vaktsentral
  • Pasientretta dokumentasjon/pasientjournal/journalsystem
  • Frå Valdres interkommunale legevakt ligg føre ein omfattande mengde prosedyrar og styrande dokument

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Oppland:

  • Varsel om tilsyn frå Helsetilsynet i Oppland dagsett 30. oktober 2007

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Svanhild Mosebakken

Rådmannen i Nord-Aurdal

 

X

 

Helle Dunker

Bioingeniør, Fagernes legesenter

X

X

X

Ragna Rolid

Sekretær, Fagernes legesenter

   

X

Tor Inge Kristianslund

Legevaktsjef/lege, Nord-Aurdal kommune

X

X

X

Steinar Strand

Dagleg leiar, Valdres interkommunale legevakt

X

X

X

Per Einar Jahr

Kommunelege 1/helsesjef, Nord-Aurdal kommune

X

X

X

Jonas Eiberg

Legevaktslege

 

X

 

Arne Slette

Legevaktmedarbeider/ Valdres interkommunale legevakt

X

X

 

Anita Rødningen

Legevaktmedarbeider/sykepleier/Valdres interkommunale legevakt

X

X

X

Arild Jacobsen

Kommunelege 1, Øystre Slidre

   

X

Marit Stenseng

Helse- og sosialsjef, Vestre Slidre

X

X

X

Inger Lyberg

Kommunelege 1, Etnedal

 

X

X

Ingebjørg Jonsrud  

Sykepleier, Fagernes legesenter

X

X

x

Sidsel Offergaard Jevne

Kommunelege 1, Vang

X

X

X


Frå tilsynsorganet deltok:
Tony Heyerdahl, Revisjonsleiar
Jens Christian Beckensten, Rådgjevar
Ingebjørg Wikstrøm, Rådgjevar