Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i Oppland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei eventuelle avvika og merknadene som blei peikt på innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Tilgjenge til legevakt for befolkninga
  • Kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta

Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknadar ved tilsynet.

Dato: 20. desember 2007

Tony Heyerdahl
revisjonsleder
Ingebjørg Wikstrøm
revisor

 

 

Jens Christian Bechensten
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Vestre Slidre kommune i perioden 30. oktober – 20. desember 2007. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Oppland i dette året

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innan dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å peike på potensial for betring.

I sluttmøtet kan også forhold utanfor avgrensinga av tilsynet takas opp utan at desse blir nemnde i rapporten.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Vestre Slidre kommune (ca. 2.300 innb.) ligg mellom Vang og Nord-Aurdal kommunar. Kommunen er ein av kommunane i Valdres Interkommunale legevakt som elles består av kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vang og Etnedal. Vaktdistriktet omfattar i alt 19.000 innbyggjarar og 3.500.000 gjestedøgn. Lengste reisavstand innan legevaktsamarbeidet til legevakt på Fagernes er 80 km. Lengste reisetid er 1 t 20 min. Avstand til næraste sjukehus er 110 km. (Kjelde: http://www.gruk.no/article/articleview/514/1/171/)

Interkommunal avtale er datert 17.04.2001, og gir vertskapsansvar til Nord-Aurdal kommune, jfr. Kommuneloven kap. 5. Kommunane i Valdres har organisert legevakttenesta etter fylgjande modell, der antal samarbeidande kommunar varierar gjennom døgnet:

Tidsrom

Legevaktorganisering i Valdres

08.00 – 15.00

Etnedal kommune

15.00 – 22.00

Sør-Aurdal/Etnedal
Vestre Slidre/Vang
Øystre Slidre/Nord-Aurdal

22.00 – 08.00

Avtale mellom alle dei 6 Valdres- kommunane


15.00 fredag – 08.00 mandag, samt høgtider

På dagtid er legevakta plassert i legekontora i Vestre Slidre kommune, på kveldstid vil det variera mellom legekontora i Vestre Slidre og Vang etter oppsett vaktplan. Bemanninga på kveld er ein lege felles for dei to kommunane og det er ikkje legevaktmedarbeider tilknytt legevakta på kveld, slik det er på dagtid på vekedagar. På natta/helg/høgtidar er legevakta plassert i eigne lokalar på Fagernes.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut30. oktober 2007. Oversikt over dokument som verksemda har vist fram i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei halde 7.november 2007 på Fagernes legesenter. Vestre Slidre kommune var ikkje representert på møtet.

Opningsmøte blei halde 26. november 2007 på Fagernes legesenter

Intervjuar:
5 personar blei intervjua i Vestre Slidre kommune. I tillegg blei det intervjua 7 personar tilknytt legevakta på Fagernes, som ansvarleg for legevakt i Vestre Slidre kommune på natt/helg/høgtid. Det var også intervju med 1 leger i Vang som er tilknytt legevaktsamarbeidet med Vestre Slidre på kveld.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved vaktlokala på Fagernes (interkommunal legevakt), samt ved legekontoret i Vestre Slidre.

Sluttmøtet blei halde 28. november 2007 på Fagernes legesenter.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet var knytt til to tema:

  • korleis tilgjenge styras frå kommunen si side gjennom heile døgnet, helger og høgtider
  • korleis kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta sikrast

Det var i tilsynet lagt vekt på styring frå kommunen med legevakta, gjennom internkontrollen til den enkelte kommune, samt dei avtalar og/eller prosedyrar som regulerer samarbeidet mellom kommunane utanom dagtid.

5. Funn

Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknadar ved tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov 1982-11-19 nr 66: Lov om helsetjenesten i kommunene
  • Lov 1984-03-30 nr 15: Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)
  • Lov 1999-07-02 nr 63: Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetsloven)
  • Forskrift 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten. (internkontrollforskriften)
  • Forskrift 2000-12-21 nr 1385: Forskrift om pasientjournal (journalforskriften)
  • Forskrift-2005-03-18-252: Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, opplistinga er ikkje uttømmande:

  • Avtale mellom dei 6 Valdreskommunane om interkommunalt legevaktsamarbeid frå 2001
  • Notat frå Valdres kommunerevisjon om interkommunalt samarbeid – styringsmodell, dagsett 11. mai 2007
  • Oppsett av vaktliste for leger kl. 15 – 22 og 22 – 08 i vaktsamarbeidene
  • Rutiner ved telefonhenvendelser til legekontor (hastesaker, tilgjengelighet, innmeldte ulykker, helsefaglige vurderingar) dagsett 21. november 2007
  • Prosedyre for utspørring av innringar dagsett 21. november 2007
  • Intern skademelding – skjema
  • Daglegevaktfordeling i Vestre Slidre kommune – leger – 2007/2008
  • Pasientretta dokumentasjon/pasientjournal/journalsystem
  • Frå Valdres interkommunale legevakt ligg føre ein omfattande mengde prosedyrar og styrande dokument

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Oppland:

  • Varsel om tilsyn til Vestre Slidre kommune dagsett 30.oktober 2007
  • Brev frå Vestre Slidre kommune med kvittering om moteke varsel og oppnemning av kontaktperson dagsett 13. november 2007

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Marit Stenseng

Helse- og sosialsjef

X

X

X

Esben T Evensen

Kommunelege 1, Vestre Slidre

X

Siw Fosheim

Fastlege, Vestre Slidre

X

Hege Holmberg

Turnuslege

X

Eva Hamre

Legesekretær

X

Sidsel Offergaard Jevne

Kommunelege 1, Vang kommune - legevaktlege

X

X

X

Tor Inge Kristianslund

Legevaktsjef/lege, Nord-Aurdal kommune

X

X

X

Steinar Strand

Dagleg leiar, Valdres interkommunale legevakt

X

X

X

Per Einar Jahr

Kommunelege 1/helsesjef, Nord-Aurdal kommune

X

X

X

Jonas Eiberg

Legevaktslege

X

Arne Slette

Legevaktmedarbeider/ Valdres interkommunale legevakt

X

X

Anita Rødningen

Legevaktmedarbeider/sykepleier/Valdres interkommunale legevakt

X

X

X


Frå tilsynsorganet deltok:
Tony Heyerdahl, Revisjonsleiar
Jens Christian Bechensten, Rådgjevar
Ingebjørg Wikstrøm, Rådgjevar