Rapport frå tilsyn med legevakttenesta i kommunen og deltaking i interkommunal legevakt - Vang kommune (2007)
Helsetilsynet i Oppland
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei eventuelle avvika og merknadene som blei peikt på innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:
- Tilgjenge til legevakt for befolkninga
- Kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta
Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknadar ved tilsynet.
Dato: 20. desember 2007
Tony Heyerdahl
revisjonsleder Ingebjørg Wikstrøm
revisor
Jens Christian Beckensten
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Vang kommune i perioden 30. oktober – 20. desember 2007. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Oppland i dette året
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innan dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å peike på potensial for betring.
I sluttmøtet kan også forhold utanfor avgrensinga av tilsynet takas opp utan at desse blir nemnde i rapporten.
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Vang kommune (ca. 1.600 innb.) dannar eine ytterkant i legevaktsamarbeidet i Valdres, som elles består av kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre og Etnedal. Vaktdistriktet omfattar i alt 19.000 innbyggjarar og 3.500.000 gjestedøgn. Lengste reisavstand til LV-sentralen på Fagernes er 80 km. Lengste reisetid er 1 t 20 min. Avstand til næraste sjukehus er 110 km. (Kjelde: http://www.gruk.no/article/articleview/514/1/171/)
Interkommunal avtale er datert 17.04.2001, og gir vertskapsansvar til Nord-Aurdal kommune, jfr. Kommuneloven kap. 5. Kommunane i Valdres har organisert legevakttenesta etter fylgjande modell, der antal samarbeidande kommunar varierar gjennom døgnet:
Tidsrom |
Legevaktorganisering i Valdres |
08.00 – 15.00 |
Etnedal kommune |
15.00 – 22.00 |
Sør-Aurdal/Etnedal |
22.00 – 08.00 |
Avtale mellom alle dei 6 Valdres- kommunane |
15.00 fredag – 08.00 mandag, samt høgtider |
På dagtid er legevakta plassert i legekontora i Vang kommune, på kveldstid vil det variera mellom legekontora i Vestre Slidre og Vang etter oppsett vaktplan der leger frå begge kommunar deltek. Bemanninga på kveld er ein lege felles for dei to kommunane og det er ikkje legevaktmedarbeider tilknytt legevakta på kveld, slik det er på dagtid på vekedagar. På natta/helg/høgtidar er legevakta plassert i eige lokalar på Fagernes.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 30. oktober 2007. Oversikt over dokument som verksemda har vist fram i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Formøte blei halde 7.november 2007 på Fagernes legesenter. Vang kommune var ikkje representert på møtet.
Opningsmøte blei halde 26. november 2007 på Fagernes legesenter
Intervjuar:
3 personar blei intervjua i Vang kommune. I tillegg blei det intervjua 7 personar tilknytt legevakta på Fagernes, som ansvarleg for legevakt i Vang kommune på natt/helg/høgtid. Det var også intervju med 2 leger i Vestre Slidre som er tilknytt legevaktsamarbeidet med Vang på kveld.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Det blei gjennomført synfaring ved vaktlokala på Fagernes (interkommunal legevakt), samt ved legekontoret i Vang.
Sluttmøtet blei halde 28. november 2007 på Fagernes legesenter.
4. Kva tilsynet omfatta
Tilsynet var knytt til to tema:
- korleis tilgjenge styras frå kommunen si side gjennom heile døgnet, helger og høgtider
- korleis kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta sikrast
Det var i tilsynet lagt vekt på styring frå kommunen med legevakta, gjennom internkontrollen til den enkelte kommune, samt dei avtalar og/eller prosedyrar som regulerer samarbeidet mellom kommunane utanom dagtid.
5. Funn
Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknadar ved tilsynet.
6. Regelverk
- Lov 1982-11-19 nr 66: Lov om helsetjenesten i kommunene
- Lov 1984-03-30 nr 15: Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)
- Lov 1999-07-02 nr 63: Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetsloven)
- Forskrift 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten. (internkontrollforskriften)
- Forskrift 2000-12-21 nr 1385: Forskrift om pasientjournal (journalforskriften)
- Forskrift-2005-03-18-252: Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, opplistinga er ikkje uttømmande:
- Avtale mellom dei 6 Valdreskommunane om interkommunalt legevaktsamarbeid frå 2001
- Notat frå Valdres kommunerevisjon om interkommunalt samarbeid – styringsmodell, dagsett 11. mai 2007
- Årsmelding 2006
- Kvalitetsmål for helseavdelinga i Vang
- Organisering, drift og bemanning ved helseavdelinga i Vang
- Informasjon og samarbeid med andre etatar
- Pasientretta dokumentasjon/pasientjournal/journalsystem
- Rutinar for informasjon og opplæring
- Prosedyre for tilsetting, mottak og oppfølging av vikarar
- Prosedyre for legevaktsamarbeid
- Prosedyre for hastesituasjonar
- Prosedyre ved dødsfall
- Frå Valdres interkommunale legevakt ligg føre ein omfattande mengde prosedyrar og styrande dokument.
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Oppland:
- Varsel om tilsyn til Vang kommune dagsett 30.10.2007
- E-post frå Rådmannen i Vang til Helsetilsynet i Oppland dagsett 1.11.2007 om kontaktperson og varselfrist
- E-post frå Helsetilsynet i Oppland til Vang Kommune om grunngjeving for tilsynet
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Sidsel Offergaard Jevne |
Kommunelege 1, Vang kommune |
X |
X |
X |
Bjørg Rogn Sund |
Legesekretær, Vang kommune |
X |
||
Liv Leine |
Bioingeniør, Vang kommune |
X |
||
Esben T Evensen |
Kommunelege 1, Vestre Slidre |
X |
||
Siw Fosheim |
Fastlege, Vestre Slidre |
X |
||
Tor Inge Kristianslund |
Legevaktsjef/lege, Nord-Aurdal kommune |
X |
X |
X |
Steinar Strand |
Dagleg leiar, Valdres interkommunale legevakt |
X |
X |
X |
Per Einar Jahr |
Kommunelege 1/helsesjef, Nord-Aurdal kommune |
X |
X |
X |
Jonas Eiberg |
Legevaktslege |
X |
||
Arne Slette |
Legevaktmedarbeider/ Valdres interkommunale legevakt |
X |
X |
|
Anita Rødningen |
Legevaktmedarbeider/sykepleier/Valdres interkommunale legevakt |
X |
X |
X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Tony Heyerdahl, Revisjonsleiar
Jens Christian Beckensten, Rådgjevar
Ingebjørg Wikstrøm, Rådgjevar