Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Oppland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av kommunen - særlege tilhøve
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumengrunnlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Oppland gjennomførte i perioden 28. april 2008 - 7. oktober 2008, tilsyn med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til barn i Skjåk kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid.Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det er avdekka fire avvik:

Avvik 1:

Skjåk kommune styrer og kontrollerer ikkje barnevernstenesta slik at tenesta ivaretek sine plikter etter lova.

Avvik 2:

Skjåk kommune styrer og kontrollerer ikkje helse-, sosial- og barnevernstenesta slik at samordning og koordinering av tenester til utsette barn blir ivareteke.

Avvik 3:

Skjåk kommune styrer og kontrollerer ikkje prosessane knytt til tiltaksplanar.

Avvik 4:

Skjåk kommune styrer og kontrollerer ikkje at lovføresegna om teieplikt blir overhalde.

Grunngjeving for avvika går fram av kapittel 5 rapporten. Dei lov- og forskriftskrav som gjeld på områda går fram av kapittel 6.

Dato: 7.10.2008

Randi Marte Graedler
revisjonsleder
Inger Berg
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 28. april 2008 – 7. oktober 2008, gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Oppland. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følg opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Omtale av kommunen - særlege tilhøve

Skjåk kommune har 2376 innbyggarar pr. 1. januar 2006. Kommunesenteret ligg i tettstaden Bismo. Kommunen er organisert som en tilnærma tonivåmodell, med rådmann og tenesteområdeleiarar. Frå 1. oktober 2006 har sosialtenesta gått inn i Nav, som er et samarbeid med A-etat, trygdekontoret og sosialtenesta. Barneverntenesta ble organisert under Nav frå same tidsrom. Helsestasjonen og skolehelesetenesta er organisert under kommunelege 1.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 28. april 2008. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Formøte vart halde 27. mai 2008.

Opningsmøte vart halde 11. juni 2008.

Intervju
9 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Sluttmøte vart halde 12. juni 2008.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ei samordna måte. Tilsynet omfatta også undersøking av om barnevern- og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 – 23 år. Dette vart gjort ved at det vart undersøkt om kommunen legg til rette slik at tenestene kan gi naudsynt hjelp etter lovgivinga. Det vart og undersøkt om kommunen sikrar, ved å følgje opp og å kontrollere, at praksis samsvarar med dei plikter kommunen har.

Tilsynet undersøkte nærare om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna.

Vidare omfatta tilsynet undersøking av om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det. Som ein del av dette undersøkte tilsynet om det fanst rutinar for samarbeid, faste møtetidspunkt, klar og kjent oppgåvefordeling og liknande. Det vart undersøkt om det blir gjennomført medisinske undersøkingar ved behov, og om sosialtenesta vurderer behov for kontakt med barnevernet i saker der sosialtenesta yter stønad eller bistand til familiar.

Det vart vidare undersøkt om dei tre kommunale tenestene sikrar individuell planlegging når dei utarbeider tiltaksplanar etter barnevernlova eller individuelle planar etter helse- og sosiallovgivinga. Tilsynet undersøkte også om dei tre tenestene, ved behov, samarbeider om å legge til rette og å gjennomføre individuelle planer og tiltaksplanar.

Tilsynet omfatta om dei samla tenestene og tiltaka til det einskilde barnet vert evaluert. Det vart nærare undersøkt om evalueringane omfattar om barn og foreldre medverkar ved evaluering av tenester og tiltak, om man møtes som avtalt, om dei ressursar som er vedteke brukt faktisk blir brukt, om det er klart kven som har teke på seg ansvar for dei ulike oppgåvene, konsekvensar av omorganiseringar og endringar i oppgåvefordeling og om ein har nådd dei måla som er sett for samarbeidet.

Tilsynet undersøkte vidare om kommunane i god tid førebur, og ved behov gjennomfører, overgang frå barnevern til sosialteneste ved 18-23 års alder saman med den aktuelle ungdommen.

Tilsynet undersøkte og om, og på kva måte, leiinga i kommunen følgjer med på at tenestene samarbeider om utsette barn og overgangen mellom barnevernet og sosialtenesta. Det vart for eksempel undersøkt om kommunen overvaker at vedtekne tiltak, prosedyrar og oppgåvefordeling er gjennomført i praksis, om tenestene har så god kjennskap til kvarandre at dei brukar kvarandre når det trengs, om det er vurdert kva område i samarbeidet som er sårbare for svikt, og om dei overvakar om tenestene fungerar som dei skal og at tiltaksplanar og individuelle planar blir evaluerte. Det vart og sett på om kommunen har oversikt over klager på dei tre tenestene og gjer bruk av desse til forbetring av tenestene.

Tilsynet undersøkte om kommunen har lagt til rette, ved tilsettingar, kartlegging av kompetansen til dei tilsette, opplæringstiltak og liknande, for at tilsette i dei tre tenestene har tilstrekkeleg kompetanse til å kunne samarbeide når det trengst. Det vart og undersøkt om det er lagt til rette for bruk av tolk når det er naudsynt.

Tilsynet undersøkte om kommunen har system for dokumentasjon som sikrar den informasjonen som er naudsynt for samarbeid mellom tenestene.

5. Funn

Avvik 1:

Skjåk kommune styrer og kontrollerer ikkje barnevernstenesta slik at tenesta ivaretek sine plikter etter lova.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584

Avviket bygger på følgjande:

  • Barneverntenesta vurderer ikkje i alle saker om melder skal ha attendemelding om at en sak er lagt bort.
  • Barneverntenesta gir ikkje rutinemessig attendemelding til meldar om at ei melding er motteke og vil bli følgt opp i samsvar med krava i barnevernslova.
  • Det ligg ikkje føre stadfesta rutinar for sakshandsaming for saksgangen i ein barnevernssak. Gjennomgang av saksmapper og intervju avdekka manglande kunnskap om og manglar ved sakshandsaminga.
  • Kommunens rapportering for 2007 viser at 1 av 5 undersøkingar ikkje ble gjennomført innan fristen. I 2008 har kommunen overskridi undersøkingsfristen i 6 av 8 saker.
  • Leder for barnevernstenesta var ikkje kjent med kommunens overskridingar av fristane i undersøkingssakene i 2008.
  • Det blei ikkje framvist rutinar for korleis leiinga i kommunen etterspør resultat eller kontrollerer om lovkrav etterlevas, slik det er framkjem som krav i leiaravtale tilknytt styringssystemet i kommunen.

Avvik 2:

Skjåk kommune styrer og kontrollerer ikkje helse, -sosial og barnevernstenesta slik at samordning og koordinering av tenester til utsette barn blir ivareteke.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450

Avviket bygger på følgjande:

  • Publisert organisasjonskart er ikkje oppdatert og gir ikkje korrekt informasjon om fordeling av ansvar og oppgåver
  • Det er ikkje etablert rutinar på dei aktuelle møteplassane som finnast der det er rom for dei ulike instansane å diskutere mogeleg utsette barn på eit generelt grunnlag eller eventuelle enkeltsakar anonymt.
  • Journalar og anna klientdokumentasjon er ikkje utforma på ein slik måte at det er mogeleg å vite kva som er gjort, kva som er planlagt, korleis brukarane er involvert eller kven som deltek i samarbeid. Dette gjelder tenestene psykisk helse og barnevern. I sosialtenesta kunne tilsynet ikkje foreta denne vurderinga da dei ikkje la fram tilsvarande mapper.
  • Det fattes ikkje enkeltvedtak ved tildeling av tenester på tenesteområdet psykisk helse som lova krev. Dette medfører at det ikkje er mogeleg å kontrollere om tenestene ut til mottakar er i samsvar med hjelpebehov, eller tilfredsstiller retten tenestemottakarane har. Tilsynet fekk ikkje framlagt korleis retten til å klaga innan tenesteområdet blei førelagt pasientane

Avvik 3:

Skjåk kommune styrer og kontrollerer ikkje prosessane knytt til tiltaksplanar.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584

Avviket bygger på følgjande:

  • Tiltaksplanar blir ikkje utarbeidet i alle saker der det er fatta vedtak om hjelpetiltak.
  • Enkelte tiltaksplanar som er utarbeidet manglar omtale av situasjon, mål, tiltak, gjennomføring og evaluering.
  • Leiinga har vært kjent med disse tilhøva over tid utan at denne kjennskapen har ført til dei naudsynte endringar.

Avvik 4:

Skjåk kommune styrer og kontrollerer ikkje at lovføresegna om teieplikt blir overhalde.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven)
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

Avviket bygger på følgjande:

  • Det ligg ikkje føre skriftlege rutinar eller felles praksis om korleis reglane om teieplikt skal nyttas verksemda (omfatta av tilsynet).
  • Barnevernstenesta er på tidspunktet for tilsynet, lokalisert saman med Nav i ope kontorlandskap. Teiepliktige opplysningar som gjevas ope gjennom telefonsamtaler og konsultasjonar, kan overhøyras av brukarar som er tilstade eller andre tilsette som ikkje skal ha tilgang til desse opplysningane.
  • Dersom samtykke innhentas munnleg, dokumenteras ikkje dette i ettertid i alle sakar
  • Det er fare for utveksling av teiepliktige opplysningar i verksemda (omfatta av tilsynet), utan at det ligg føre samtykke

6. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven – koml.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

7. Dokumengrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen knytt til dagleg drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen eller gått gjennom under tilsynet: :

  • Faktasider frå kommunens heimeside
  • Stillingsoversikt
  • Plan for psykisk helsearbeid
  • Årsmelding for 2006
  • Organisasjonskart
  • Rutinehandbok for barnevernstenesta
  • Malsett – brev og vedtak
  • Handlingsplan for pleie- og omsorgspersonell 2007-2015

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Personmapper frå barnevernstenesta og sosialtenesta samt pasientjournalar frå skolehelsetenesta og tenesta for psykisk helsearbeid

Korrespondanse mellom verksemda og tilsynsmyndigheitene:

  • Varsel frå Fylkesmannen om tilsyn datert 28. april 2008

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Mari Langleite Barrusten

Leiande helsesyster

X

X

Anna Kvåle

Helsesyster

X

X

X

Jan Rune Fagermoen

Rådmann

X

X

Unnvald Baakke

Leiear PKU

X

X

X

Margrthe Øvrelid

Nav-leiar/barnevernleiar

X

X

X

Wenche Brimi

Barnevernskonsulent/sakshandsamar Nav

X

X

X

Beate Stø

Barnevernskonsulent

X

X

Reidun Flækken

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

Karin Sveine

Sakshandsamar økonomi Nav

X

Gudrun Teigen

Miljøterapeut, psyk.

X

Frå tilsynsstyresmaktene deltok:
Randi Marte Graedler, rådgjevar
Inger Berg, rådgjevar
Beate Golten, rådgjevar
Tony Heyerdahl, seniorrådgjevar