Helsetilsynet

Helsetilsynet i Oppland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei eventuelle avvika og merknadene som blei peikt på innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Tilgjenge til legevakt for befolkninga
  • Kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta

Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknadar ved tilsynet.

Dato: 30. mai 2008

Tony Heyerdahl
revisjonsleder
Ingebjørg Wikstrøm
revisor

 

 

Jens Christian Beckensten
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Øystre Slidre kommune i perioden 30. oktober 2007 – 30. mai 2008. Tilsynet er gjennomført i to omgongar grunna praktiske omsyn. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Oppland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innan dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å peike på potensial for betring.

I sluttmøtet kan også forhold utanfor avgrensinga av tilsynet takas opp utan at desse blir nemnde i rapporten.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Øystre Slidre kommune (ca. 3.160 innb.) er nabokommune i nord til Nord-Aurdal kommune. Kommunen er ein av kommunane i Valdres Interkommunale legevakt, som elles består av kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Etnedal, Vestre Slidre og Vang. Vaktdistriktet omfattar i alt 19.000 innbyggjarar og 3.500.000 gjestedøgn. Lengste reisavstand innan legevaktsamarbeidet til legevakt på Fagernes er 80 km. Lengste reisetid innan distriktet er berekna til 1 t 20 min. (Kjelde: http://www.gruk.no/article/ articleview/ 514/1/ 171/). Den store turiststaden Beitostølen ligg i kommunen.


Interkommunal avtale er datert 17.04.2001, og gir vertskapsansvar til Nord-Aurdal kommune, jf. Kommuneloven kap. 5. Kommunane i Valdres har organisert legevakttenesta etter fylgjande modell, der antalet på samarbeidande kommunar varierar gjennom døgnet:

Tidsrom

Legevaktorganisering i Valdres

08.00 – 15.00

Øystre Slidre kommune

15.00 – 22.00

Øystre Slidre/Nord-Aurdal
Vestre Slidre/Vang
Sør-Aurdal/Etnedal

22.00 – 08.00 og

Avtale mellom alle dei 6 Valdres- kommunane

15.00 fredag – 08.00 mandag, samt høgtider

På dagtid er legevakta plassert i legekontora i kommunesentret, på kveldstid vil det variera mellom legekontora i Øystre Slidre og Nord-Aurdal etter oppsett vaktplan. Ein kunne i kommunen visa fram eige samarbeidsavtale for legevaktsamarbeidet opp gjennom historia. Bemanninga på kveld er ein lege felles for dei to kommunane og det er ikkje legevaktmedarbeidar tilknytt legevakta på kveld, slik det er på dagtid på vekedagar. På natta/helg/høgtidar er legevakta plassert i eige lokalar på Fagernes.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 30. oktober 2007. Oversikt over dokument som verksemda har vist fram i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei halde 7.november 2007 på Fagernes legesenter.

Opningsmøte blei halde 26. november 2007 på Fagernes legesenter

Intervjuar
4 personar blei intervjua i Øystre Slidre kommune. I tillegg blei det intervjua 7 personar tilknytt legevakta på Fagernes, som ansvarleg for legevakt i Øystre Slidre kommune på natt/helg/høgtid. Desse vart gjort den 23. januar 2008 på grunn av deling av gjennomføringa av tilsynet.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved vaktlokala på Fagernes (interkommunal legevakt).

Sluttmøtet blei halde 28.november 2007 og 23. Januar 2008 på Fagernes legesenter.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet var knytt til to tema:

  • korleis tilgjenge styras frå kommunen si side gjennom heile døgnet, helger og høgtider
  • korleis kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta sikrast

Det var i tilsynet lagt vekt på styring frå kommunen med legevakta, gjennom internkontrollen til den enkelte kommune, samt dei avtalar og/eller prosedyrar som regulerer samarbeidet mellom kommunane utanom dagtid.

5. Funn

Det blei ikkje avdekka avvik eller gitt merknadar ved tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov 1982-11-19 nr 66: Lov om helsetjenesten i kommunene
  • Lov 1984-03-30 nr 15: Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)
  • Lov 1999-07-02 nr 63: Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetsloven)
  • Forskrift 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten. (internkontrollforskriften)
  • Forskrift 2000-12-21 nr 1385: Forskrift om pasientjournal (journalforskriften)
  • Forskrift-2005-03-18-252: Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, opplistinga er ikkje uttømmande:

  • Avtale mellom dei 6 Valdreskommunane om interkommunalt legevaktsamarbeid frå 2001
  • Notat frå Valdres kommunerevisjon om interkommunalt samarbeid – styringsmodell, dagsett 11. mai 2007
  • Organisasjonskart
  • Prosedyre for personell ansatt ved legekontoeret i Øystre Slidre, ikkje dagsett
  • Prosedyrebeskrivelse for telefonmedarbeider. 1.3.2006
  • Opptreden ved akutte henvendelser – ikkje dagsett
  • Budsjett 2008 –tjeneste 3100 og 3101
  • Stillingsramme 2008
  • Diverse avtaledokument frå 1981 til d.d.
  • Frå Valdres interkommunale legevakt ligg føre ein omfattande mengde prosedyrar og styrande dokument

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Oppland:

  • Varsel om tilsyn frå Helsetilsynet i Oppland dagsett 30. oktober 2007 og om fullføring av tilsynet dagsett 5. desember

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte (28. november 2007/23. januar 2008), og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Kari Opheim

Kommunalleiar

X

Arild Jacobsen

Kommunelege 1

X

X

X

Turid Røe

X

Ann Christin Mork

X

Tor Inge Kristianslund

Legevaktsjef/lege, Nord-Aurdal kommune

X

X

X

Steinar Strand

Dagleg leiar, Valdres interkommunale legevakt

X

X

X

Per Einar Jahr

Kommunelege 1/helsesjef, Nord-Aurdal kommune

X

X

X

Jonas Eiberg

Legevaktslege

X

Arne Slette

Legevaktmedarbeider/ Valdres interkommunale legevakt

X

X

Anita Rødningen

Legevaktmedarbeider/sykepleier/Valdres interkommunale legevakt

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Tony Heyerdahl, Revisjonsleiar
Jens Christian Beckensten, Rådgjevar
Ingebjørg Wikstrøm, Rådgjevar