Helsetilsynet

Helsetilsynet i Oppland


Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei eventuelle avvika og merknadene som blei peikt på innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Tilgjenge til legevakt for befolkninga
  • Kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta

Det blei gjeve ein merknad ved tilsynet:

Sør-Aurdal kommune manglar ein dokumentert risikoanalyse av den sårbarheit det inneber å lene seg på at forventa einskildpersonar er tilstade utan å sikre seg tilgang til fleire kompetente vikarar i viktige roller.

Dato: 30. mai 2008

Tony Heyerdahl
revisjonsleder
Ingebjørg Wikstrøm
revisor

 

 

Jens Christian Beckensten
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Sør-Aurdal kommune i perioden 30. oktober 2007 – 30. mai 2008. Tilsynet er gjennomført i to omgongar grunna praktiske omsyn. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Oppland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innan dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i medhald av lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å peike på potensial for betring.

I sluttmøtet kan også forhold utanfor avgrensinga av tilsynet takas opp utan at desse blir nemnde i rapporten.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Sør-Aurdal kommune (ca. 3.200 innb.) er nabokommune i sør til Nord-Aurdal kommune. Kommunen er ein av kommunane i Valdres Interkommunale legevakt, som elles består av kommunane Nord-Aurdal, Øystre Slidre, Etnedal, Vestre Slidre og Vang. Vaktdistriktet omfattar i alt 19.000 innbyggjarar og 3.500.000 gjestedøgn. Lengste reisavstand innan legevaktsamarbeidet til legevakt på Fagernes er 80 km. Lengste reisetid innan distriktet er berekna til 1 t 20 min. (Kjelde: http://www.gruk.no/article/ articleview/ 514/1/ 171/). Kommunen har svært mange hytter.

Interkommunal avtale er datert 17.04.2001, og gir vertskapsansvar til Nord-Aurdal kommune, jf. Kommuneloven kap. 5. Kommunane i Valdres har organisert legevakttenesta etter fylgjande modell, der antalet på samarbeidande kommunar varierar gjennom døgnet:

Tidsrom

Legevaktorganisering i Valdres

08.00 – 15.00

Sør-Aurdal kommune

15.00 – 22.00

Sør-Aurdal/Etnedal
Vestre Slidre/Vang
Øystre Slidre/Nord-Aurdal

22.00 – 08.00 og

Avtale mellom alle dei 6 Valdres- kommunane

15.00 fredag – 08.00 mandag, samt høgtider

På dagtid er legevakta plassert i legekontora i kommunesentret, på kveldstid vil det variera mellom legekontora i Øystre Slidre Sør-Aurdal og Etnedal etter oppsett vaktplan. Samarbeidsavtale for legevaktsamarbeidet med Etnedal er tidligare framlagt. Bemanninga på kveld er ein lege felles for dei to kommunane og det er ikkje legevaktmedarbeidar tilknytt legevakta på kveld, slik det er på dagtid på vekedagar. På natta/helg/høgtidar er legevakta plassert i eige lokalar på Fagernes.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 30. oktober 2007. Oversikt over dokument som verksemda har vist fram i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei halde 7.november 2007 på Fagernes legesenter.

Opningsmøte blei halde 26. november 2007 på Fagernes legesenter

Intervjuar
4 personar blei intervjua i Sør-Aurdal kommune. I tillegg blei det intervjua 7 personar tilknytt legevakta på Fagernes, som ansvarleg for legevakt i Sør-Aurdal kommune på natt/helg/høgtid. Desse vart gjort den 23. januar 2008 på grunn av deling av gjennomføringa av tilsynet.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved vaktlokala på Fagernes (interkommunal legevakt).

Sluttmøtet blei halde 28.november 2007 og 23. Januar 2008 på Fagernes legesenter.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet var knytt til to tema:

  • korleis tilgjenge styras frå kommunen si side gjennom heile døgnet, helger og høgtider
  • korleis kompetanse hos alt personell tilknytt legevakta sikrast

Det var i tilsynet lagt vekt på styring frå kommunen med legevakta, gjennom internkontrollen til den enkelte kommune, samt dei avtalar og/eller prosedyrar som regulerer samarbeidet mellom kommunane utanom dagtid.

5. Funn

Merknad.


Sør-Aurdal kommune manglar ein dokumentert risikoanalyse av den sårbarheit det inneber å lene seg på at forventa einskildpersonar er tilstade utan å sikre seg tilgang til fleire kompetente vikarar i viktige roller.

Observasjoner som ligg til grunn for merknaden:

Det kunne ikkje framleggas ein analyse av sårbarheit knytt til fråvær. Som eit lite legekontor, vil ein være avhengig av ein fåtal nøkkelpersonar for å sikre forsvarleg verksemd. Kommunen har mellom anna fleire leger busett utanfor distriktet og naturleg nok vil desse ikkje kunne dekka opp heile tida. Ein fastlege som har listepasientar i kommunen har sin praksis utanfor kommunen og deltek ikkje i vakttenaste i Sør-Aurdal. Også for assisterande personell synes det å være ein sårbarheit som bør analyseras.

Tilsynet blei presentert uformelle ordningar for å kompensere denne sårbarheita. Risikoen er at tilgjenge til fastlegane og legevakt på dei tidane kommunen sjølve skal dekka augeblikleg hjelp, reduseras og gjennom dette også auke faren for svikt.

6. Regelverk

  • Lov 1982-11-19 nr 66: Lov om helsetjenesten i kommunene
  • Lov 1984-03-30 nr 15: Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)
  • Lov 1999-07-02 nr 63: Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetsloven)
  • Forskrift 2002-12-20 nr 1731: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten. (internkontrollforskriften)
  • Forskrift 2000-12-21 nr 1385: Forskrift om pasientjournal (journalforskriften)
  • Forskrift-2005-03-18-252: Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, opplistinga er ikkje uttømmande:

  • Avtale mellom dei 6 Valdreskommunane om interkommunalt legevaktsamarbeid frå 2001
  • Notat frå Valdres kommunerevisjon om interkommunalt samarbeid – styringsmodell, dagsett 11. mai 2007
  • Avtale om felles legevakt mellom Etnedal kommune og Sør-Aurdal kommune, dagsett 23. november 2007
  • Administrativt organisasjonskart for Sør-Aurdal kommune
  • Organisasjonskart helse/sosialtenesta i Sør-Aurdal kommune
  • Frå Valdres interkommunale legevakt ligg føre ein omfattande mengde prosedyrar og styrande dokument

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Oppland:

  • Varsel om tilsyn frå Helsetilsynet i Oppland dagsett 30. oktober 2007 og om fullføring av tilsynet dagsett 5. desember

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte (28. november 2007/23. januar 2008), og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Navn

Funksjon / stilling

Åpningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Erland Odden

Rådmann

X

Stig Solbrekken

Rådgjevar

X

Gert Halleby

Kommunelege 1

X

Laila Lundstein

Legesekretær

X

Arild Jacobsen

Kommunelege 1

X

X

X

Tor Inge Kristianslund

Legevaktsjef/lege, Nord-Aurdal kommune

X

X

X

Steinar Strand

Dagleg leiar, Valdres interkommunale legevakt

X

X

X

Per Einar Jahr

Kommunelege 1/helsesjef, Nord-Aurdal kommune

X

X

X

Jonas Eiberg

Legevaktslege

X

Arne Slette

Legevaktmedarbeider/ Valdres interkommunale legevakt

X

X

Anita Rødningen

Legevaktmedarbeider/sykepleier/Valdres interkommunale legevakt

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Tony Heyerdahl, Revisjonsleiar
Jens Christian Beckensten, Rådgjevar
Ingebjørg Wikstrøm, Rådgjevar