Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Om Skjåk kommune sikrar forsvarleg medikamenthandsaming og oppfølging av ernæringsproblematikk for pasientar i heimesjukepleia.

Fokuset for tilsynet har vært leding, organisering og styring, forbetringsarbeid samt tilstrekkeleg kompetanse knytet til medikamenthandsaming og ernæring i heimesjukepleia.

Det enkeltes helsepersonells plikt til faglig forsvarlig yrkesutøving er ikkje et sjølvstendig tema for tilsynet. Det faglige skjønnet knytet til behandlinga av den enkelte pasient er derfor ikkje vurdert. Ved tilsynet ble det ikkje avdekka funn som ga grunnlag for å konstatere avvik. Det ble ikkje gitt merknad.

Tilsynet er difor avslutta.

Dato: 28.08.2012

Jens Christian Bechensten
revisjonsleiar

Svein Eggen
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Skjåk Kommune i perioden 10.04.2012 - 27.06.2012. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Oppland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Skjåk kommune ligger nord i Gudbrandsdalen og har om lag 2300 innbyggjarar.

Heimesjukepleia er Skjåk kommunes tilbod til heimmebuande med hjelpebehov. Heimesjukepleia har lokalar tilknytt Skjåkheimen. Leiar for pleie og omsorg er leiar for både heimebaserte tenester og sjukeheimen.

Heimetenesta har ein lagleiar for heimesjukepleia og en avdelingsleiar.

Kommunen har ein to nivå modell kor pleie og omsorgsleiar har rådmann som nærmaste overordna.

Kommunane Lom, Skjåk og Vågå har ei felles prosjekt kor kommunane saman er utviklingssenter for heimetenester, ei nasjonal satsing på fagutvikling, praksisnær forskning og etablering av gode læremiljø i heimetenesta.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 10.04.12. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei ikkje halde.

Opningsmøte blei halde 26.06.12.

Intervjuar

9 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring ved medikamentrom og vaktrom.

Sluttmøte blei halde 27.06.12.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet er korleis Skjåk kommune gjennom systematisk styring og kontroll sikrar at pasientar som har vedtak om medikamenthandsaming og behov for oppfølging av ernæringssituasjon i heimetenesta.

Tilsynet fokuserte på følgjande fasar i rehabiliteringsprosessen:

  • Legemiddelhandsaming
  • Oppfylging av heimebuande tenestemottakarar
  • Samarbeide med fastlegane
  • Tiltak for å førebyggja og behandle underernæring hjå eldre i heimetenesta

5. Funn

Det blei ikkje avdekkja funn som gjeve grun til avvik i dette tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov om kommunale helse og omsorgstjenester (2011)
  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten (1984)
  • Lov om helsepersonell (1999)
  • Lov om pasient- og brukerrettigheter (1999)
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten (2000)
  • Forskrift om pasientjournal (2000)
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten (2003)
  • Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp (2008)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Visjonar – mål vedtatt av kommunetyret og nedfelt i kommuneplanen
  • Målkart for 2013
  • Forbedrings- og organiseringsprosjekt. Prosjektbeskrivelse BEON
  • Forbedringsarbeide; ny helse- og omsorgsplan, Skjåk kommune. Et utkast for høring
  • Organisasjonskart for pleie og omsorg
  • Årshjul, rapporteringsområder
  • Oversikt over ledere og ansatte i hjemmetjenesten, vaktplan for tilsynsdagene
  • Oversikt over relevante oppgaver, hjemmetjenesten, stillingsomtale for tjenesteleder pleie og omsorg
  • Kompetansebehov for ansatte i hjemmetjenesten, delegasjonsreglement
  • Oversikt over definerte risikoområder
  • Handlingsplan for risikoområder
  • Strategisk kompetanseplan, første utkast 2011
  • Kompetansekartlegging/ behov pleie og omsorg
  • Utkast for prosedyre for avvikshåndtering
  • Prosedyre for kartlegging ernæring
  • Årsrapport 2011

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 20 pasientjournaler
  • Perm med metodebeskrivelser og prosedyrer for legemiddelbehandling og ernæring
  • Referater fra tverrfaglige møter, inntaksmøte m.m.
  • Kompetansekartlegging hjemmesykepleien 2012
  • Internkontrollperm for pleie- og omsorstenesta
  • Perm med avviksmeldinger 2011 – 2012.
  • Ledermøtereferater PO 2012

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Oppland:

  • Varsel om tilsyn, datert 10.04.12
  • Dokumentasjon frå Skjåk kommune, datert 08.05.12
  • Diverse E-poster om praktisk gjennomføring av tilsynsbesøket

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
NavnFunksjon / stillingÅpningsmøteIntervjuSluttmøte

Ann Kristin Auale

Lagleiar

X

X

X

Bjørn Steinar Storvik

Kommunelege 2

X

 

X

Kari Bustad

Sjukepleiar

X

X

X

Ingrid V. Rustad

Sjukepleiar

X

X

X

Magnhild Jensen

Hjelpepleiar

X

X

X

Marthe Frøise Turmo

Lærling

X

X

X

Elin Jeanette Ulen

Leiar Heimetenester

X

X

X

Odd Ragnar Solhein

Kommuneoverlege

X

X

X

Brit Oline Forberg

Tenesteleiar

X

X

X

Jan Rune Fagermoen

Rådmann

X

X

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Svein Eggen, Revisor
Jens Fløtre, Revisor
Therese G. Hole, Observatør
Jens Christian Bechensten, Revisjonsleiar