Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Tildeling av heimesjukepleie og heimehjelp til heimebuande eldre. Følgande blei undersøkt:

  • om kommunen gjev informasjon, råd og vegleiing om tenestetilbodet til aktuelle søkjarar
  • om kommune fangar opp og vurderer endra behov
  • om det gjennomføras tilstrekkeleg kartlegging og utredning av tenestebehov
  • om det gjerast vedtak som legg til rette for tenester og sikrar at vedtak vert sett i verk

Det blei ikkje funne avvik på dei reviderte områda. Følgande merknader vart gjeve:

Tema 1: Informasjon

Merknad: Kommunen bør utarbeide rutiner og system som sikrar at det vert gjeve generell informasjon om helse og sosiale tjenester til innbyggarar som kan ha behov for det.

Tema 3: Vedtak og iverksetting av tjenester

Merknad: Kommunen bør sikre at formell og uformell organisering samsvarar og at ansvar følgjes av nødvendig myndighet

Dato: 13. februar 2007

Kirsti Baardsen Svalestad
revisjonsleiar

Helge Haga
revisor

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Hjelmeland kommune, sone Årdal i perioden 22. mai 2006 - 13. februar 2007. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet i Rogaland/Fylkesmannen i Rogaland i 2006, men vart utsett til 2007.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2. Fylkesmannen har fullmakt til å utføre tilsyn med sosialtenesta etter sosialtenestelova kap. 4.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Hjelmeland kommune har organisert verksemda si på dette feltet i ”Omsorg og levekår”. Heimebasert omsorg blir ytt i to geografisk avgrensa soner, og med senter i dei to omsorgssentra som er knytt til sjukeheimane. Den eine sona er i kommunesenteret på Hjelmeland. Den sonen vi ser på her er Årdal, som ligg halvanna mil frå kommunesenteret.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 22. mai 2006. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 16. januar 2007 i Årdal omsorgssenter.

Intervjuer
7 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 17. januar 2007.

4. Kva tilsynet omfatta

Tildeling av nødvendig helsehjelp i form av heimesjukepleie og tildeling av sosiale tenester i form av heimehjelp til eldre.

Desse punkta ble undersøkte:

  • om kommunen gjev informasjon, råd og vegleiing om tenestetilbodet til aktuelle søkjarar
  • om kommune fangar opp og vurderer endra behov
  • om det gjennomføras tilstrekkeleg kartlegging og utredning av tenestebehov
  • om det gjerast vedtak som legg til rette for tenester og sikrar at vedtak vert sett i verk

5. Funn

Tema 1: Informasjon, råd og veiledning


Merknad:

Kommunen bør utarbeide rutiner og system som sikrer betre at det vert gjeve generell informasjon om helse og sosiale tjenester til innbyggere som kan ha behov for det.

  • Kommunens informasjon på området er kun lagt ut på kommunens heimeside (web)
  • Kommunen benytter i stor grad uformelle ”kanaler” til å gi nødvendig informasjon til aktuelle brukarar
  • Det går fram av intervju usikkerhet om kor ansvar og oppgava med å gi informasjon er plassert i organisasjonen

Tema 2: Fange opp og vurdere nye henvendelser.

Ingen merknader eller avvik

Tema 3: Vedtak og iverksetting av tjenester

Merknad:
Kommunen bør sikre betre at formell og uformell organisering samsvarer og at ansvar følgjes av nødvendig myndighet

  • Ved gjennomgang av dokumentasjon går det fram at kommunalsjef skriver under på vedtak om tildeling av heimetenester.
  • Av intervju og dokumentasjon går det fram at budsjettansvar er delegert til soneleder.
  • Det går fram av intervju at kommunen ikkje har utarbeidd delegasjonsreglement.
  • Av intervju går det også fram at tilsatte oppfattar kommunalsjef som vedtaksmyndighet
  • Ved gjennomgang av vedtak går det fram at kommunen i enkelte saker gjev opp feil klageinstans/saksgang

6. Regelverk

  • Forvaltningsloven (1967)
  • Lov om sosiale tjenester (1991)
  • Kommunehelsetjenesteloven (1982)
  • Lov om helsepersonell (1999)
  • Lov om pasientrettigheter (1999)
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten (2003)
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstejenstene (2003)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart for Hjelmeland kommune – adm. nivå, vedtak nov. – 04, frå internett
  • IK-håndbok, perm 2, stillingsbeskrivelse fleire stillingar
  • System rundt medarbeidersamtalar
  • Årsmelding 2005 for Omsorg og levekår
  • Smarthusteknologi i Hjelmeland
  • Innhald i IK-handbok Perm 1, i tillegg innhald i IK/MAT og innhald i IK/HMS perm 2 PASIENT del A til Å
  • Utkast til Informasjonsbrosjyrer, om Matombringing, Heimetenester og omsorgsbustader i Hjelmeland kommune
  • Søknadsskjema om hjelp frå Pleie og omsorgsavdelinga
  • IPLOS-informasjon IS-1232 og IS-1233
  • Skjema for melding om skade på person (S-A-11.02) og melding om avvik (S-A-11.01)
  • Miljødugnad, oppsummering frå bedriftshelsetenesta
  • Risiko og sårbarhetsvurdering
  • Retningslinjer for legemiddelhåndtering ved omsorgssentra i Hjelmeland

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 20 vedtak i saker om tildeling av heimesjukepleie og heimehjelp
    - kommunen hadde ikkje saker med avslag på tenester
  • Revidert delegasjonsreglement i personalsaker sak 044/03
  • Internt brev datert 9.6.2005 frå rådmannen om rutiner-tilvisingsmynde
  • IK-HMS perm 1 - hovudperm
  • IK-HMS perm 2 - pasient
  • IK-HMS perm 3- generell
  • Perm med avviksmeldingar 2006

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Rogaland:

  • Varsel om tilsyn 22.mai 2006
  • Brev frå kommunen med vedlegg 25. august 2006
  • Faks frå kommunen med oversyn over tilsette 13. desember 2006
  • Program for tilsynet 15. desember 2006

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Siri Myran

Soneleiar

X

X

 

Sigfrid Fjellanger

Avdelingssjukepleiar

X

X

X

Aud Jorunn Steinsland

Sjukepleiar

X

X

X

Grethe Lie Vestersjø

Assistent

X

X

X

Ingvild Fjeldheim Egeland

Sjukepleiar

X

X

X

Kristian Hausken

Kommunalsjef Omsorg og levekår

X

X

X

Pernille Nylehn

Tilsynslege Årdal omsorgssenter

X

 

X

Linda Sie Hiim

Hjelpepleier

 

X

X


Frå tilsynsorganet deltok:

Berit Kvalvaag Grønnstad, fylkessjukepleiar, revisor
Helge Haga, sosionom, revisor
Kirsti Baardsen Svalestad, jurist, revisjonsleiar