Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for funna som blei gjort innan dei områda av kommunens sosial- og helsetenester som tilsynet omfatta:

  • Kommunen si styring og kontroll med at personar med alvorlige psykiske lidingar får individuelt tilrettelagde, samordna og forsvarlege tenester
  • Brukarmedverknad

Tilsynet blei utført som systemrevisjon og omfatta alle fasar frå planlegging og tildeling av tenester til iverksetjing, gjennomføring og evaluering av tildelte sosial- og helsetenester.

Ved tilsynet blei det ikkje påpeikt avvik i høve til krav i sosial- og helselovgjevinga, men gjeve to merknader.

Merknad 1:

Kommunen bør få betre styring og kontroll med støttekontaktordninga, jf. sosialtenestelova § 4-2 c.

Merknaden byggjer på følgjande:

  • Det kom fram under fleire intervju at det var ulike oppfatningar om kven som har ansvar for kva når det gjeld støttekontaktar til vaksne med alvorlege psykiske lidingar. Støttekontaktar er ikkje sikra systematisk opplæring og veiledning frå kommunen.
  • Kommunen har ikkje lagt opp til systematisk rapportering frå støttekontaktane

Merknad 2:

Miljøarbeidarane i avdeling Psykisk helse gir omfattande og variert hjelp til sine tenestemottakarar. Kommunen bør sjå nærare på om alt miljøarbeidet er helsehjelp, og sikra at krav til dokumentasjon i pasientjournal blir etterlevd, jf. helsepersonelloven kapittel 8 og § 8 i pasientjournalforskrifta.

Merknaden byggjer på:

  • Intervjupersonar fortalte at miljøarbeid ikkje alltid blei dokumentert i pasientjournalen.
  • Gjennomgang av pasientjournalar til tenestemottakarar som hadde vedtak om miljøarbeid, viste at denne tenesta ikkje var dokumentert i den grad ein skulle vente.
  • Tilsynet har elles merka seg at kommuneleiinga sjølv ser behovet for å styrka det tverrfaglige og tverrsektorielle samarbeidet om tenester til personar med psykiske lidingar.

Dato: 16.07.07

Bjørg Botne
revisjonsleiar

aul Grude
revisor

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon med Suldal kommune i perioden 2. februar - 16.07.07. Tilsynet er del av det landsomfattande tilsynet i 2007 med sosial- og helsetenester, og inngår som del av den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland. Målgruppa for tilsynet er vaksne med alvorlege psykiske lidingar.

Dette tilsynet omfattar både helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom.

Fylkesmannen som er ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta og Helsetilsynet i fylket som har ansvaret for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Suldal kommune har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Kommunen har ein eigen avdeling som har fått namnet Psykisk helse. Det er om lag 90 tenestemottakarar i avdelinga. Avdelinga gir ulike former for hjelp på dag og kveldstid måndag til fredag. All hjelp er definert som helseteneste. I akutte tilfeller er det legevakta som skal hjelpa.

Kommunestyret vedtok i november 2006 å omorganisera helse- og sosialtenesta. Gjennomføring av vedtaket er påbegynt og skal vera avslutta i løpet av 2007 om mogeleg. Førebels er Psykisk helse organisert som ein av seks avdelingar under tenesteområdet Sand Bu- og Rehabilitering. I alt er det 18 tenesteområder i kommunen.

Vaksne med psykiske lidingar som treng somatisk heimesjukepleie og sosiale tenester blir tildelt og får slik hjelp frå avdeling Heimetenester. Unntaket er støttekontaktordninga som er lagt til avdelingsleiaren for tenestene til funksjonshemma.

Legetenesta er organisert under tenesteområdet Helse. Alle legane er fastløna. Dei arbeider på same legekontor og har felles pasientliste. Alle pasientane har ein ”Pasientansvarleg lege” og det er denne som så langt råd følgjer opp behandlinga av pasientar med kronisk sjukdom. Helsesjef/kommunelege 1 er leiar for legekontoret. Han har også rett til å avgjera om søkarar skal få hjelp frå Psykisk helse.

Som følgje av Opptrappingsplanen for psykisk helse, har kommunen tilsett ein familierettleiar på helsestasjonen. Ho er underlagt leiande helsesøster og samarbeider tett med legetenesta og avdeling Psykisk helse.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt 2. februar 2007.

Opningsmøte blei halde 21. mars 2007.

Intervjuer: I alt blei 16 personar intervjua.

Sluttmøte blei halde 22. mars 2007.

Tilsynslaget hadde 14. mars 2007 i tillegg ein telefonsamtale med øvste leiar ved Haugaland DPS, Laila Nemeth. Tema for samtalen var samarbeidet mellom Suldal kommune og Haugaland DPS. Tilsynslaget sendte ein e-post til Laila Nemeth med aktuelle spørsmål som ho drøfta med leiargruppa ved Haugaland DPS før telefonsamtalen.

Oversikt over dokumentasjon frå Suldal kommune som er gjennomgått av tilsynslaget går fram av kapittel 7.

4. Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var om kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak sikrar at personar med alvorlege psykiske lidingar får forsvarlege tenester. Tilsynet omfattar store delar av dei kommunale sosial- og helsetenestene. Problemstillingane som er undersøkte er sett opp langs ei tidslinje med tre fasar. Oppgåvene til kommunen i kvar av fase har samanheng med, og kan påverke, dei andre:

  • Oppstartsfasen: tilgjenge til tenester, handtering av nye søknader og/eller spørsmål om tenester, utgreiing av behov, planlegging og avgjerd om tenester
  • Iverksetjingsfasen: praktisk gjennomføring av avgjerder
  • Oppfølgingsfasen: oppfølging av tenestemottakarane, revurdering av behov og eventuell justering av tenester

I høve til kvar fase er det også undersøkt om at kommunen oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga om:

  • Brukarmedverknad
  • Samordning mellom dei ulike tenestene
  • Individuelt tilpassa tenestetilbod til den enkelte
  • Forsvarleg tenesteyting

5. Funn

Ved til synet blei det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å gje avvik.

Det blei gitt to merknader.

Merknad 1:

Kommunen bør få betre styring og kontroll med støttekontaktordninga, jf. sosialtenestelova § 4-2 c.

Merknaden byggjer på følgjande:

  • Det kom fram under fleire intervju at det var ulike oppfatningar om kven som har ansvar for kva når det gjeld støttekontaktar til vaksne med alvorlege psykiske lidingar. Støttekontaktar er ikkje sikra systematisk opplæring og veiledning frå kommunen.
  • Kommunen har ikkje lagt opp til systematisk rapportering frå støttekontaktane

Merknad 2:

Miljøarbeidarane i avdeling Psykisk helse gir omfattande og variert hjelp til sine tenestemottakarar. Kommunen bør sjå nærare på om alt miljøarbeidet er helsehjelp, og sikra at krav til dokumentasjon i pasientjournal blir etterlevd, jf. helsepersonelloven kapittel 8 og § 8 pasientjournalforskrifta.

Merknaden byggjer på:

  • Intervjupersonar fortalte at miljøarbeid ikkje alltid blei dokumentert i pasientjournalen.
  • Gjennomgang av pasientjournalar til tenestemottakarar som hadde vedtak om miljøarbeid, viste at denne tenesta ikkje var dokumentert i den grad ein skulle vente.
  • Tilsynet har elles merka seg at kommuneleiinga sjølv ser behovet for å styrka det tverrfaglige og tverrsektorielle samarbeidet om tenester til personar med psykiske lidingar.

6. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 23. november 1983 nr 1779 om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart/-omtale
  • Kommunestyrevedtak 068/06 (omorganisering)
  • Stillingsomtaler
  • Delegasjon av fullmakt frå rådmannen
  • Årsmelding 2005 – Suldal kommune
  • Årsmelding 2006 for Psykisk helsetjeneste
  • Plan for psykisk helsearbeid 2007 - 2010
  • Kompetanseutviklingsplan for omsorgstenesta i Suldal
  • Samarbeidsavtale med Haugaland DPS, Barne- og ungdomspsyk. avd. og Brukarrådet
  • Informasjonsbrosjyre: Psykisk helseteneste, Suldal kommune
  • Inn- og utskrivingsrutiner for Psykisk helseteneste
  • Rutiner/retningsliner for utarbeiding og bruk av Individuell plan
  • Skjema for registrering av avvik frå krav til kommunale tenester
  • Retningsliner for kommunalt råd for funksjonshemma
  • Evalueringsrapport av pleie- og omsorgstenestene (2006)
  • Brukerundersøkelse PLO Heimetenestene (2004)
  • Tiltaksplan ved akutte kriser (2004)

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • 21 pasientjournalar inklusiv Individuelle planar og dokumentasjon på behandling av søknader om helse- og sosialtenester
  • Oversikt over Internkontroll del A: Styringsdel (Suldal kommune)
  • Vekeplan for heimesjukepleien (veke 12)

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn, brev av 2. februar 2007
  • Svarbrev av 22. februar 2007 frå Suldal kommune, med vedlegg
  • Brev av 15. mars 2007 frå Fylkesmannen i Rogaland, med program for tilsynsbesøket
  • Brev av 16. april 2007 frå Fylkesmannen i Rogaland, melding om forsinka oversending av tilsynsrapport
  • Brev av 15. mai 2007 frå Fylkesmannen i Rogaland, oversending av førebels tilsynsrapport

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Dagfinn Helland

Ass. Rådmann

X

X

X

Nina Mosbron

Bu- og rehabiliteringssjef

X

X

X

Johanne Erfjord

Avdelingsleiar Psykisk helse

X

X

X

Gro Helland

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

X

Anne Brit Thorsen

Miljøarbeidar/sekretær

-

X

X

Jan Granli

Miljøarbeidar

-

X

-

Annfrid Halsnøy

Miljøarbeidar

-

X

-

Linda H. Dahle

Avdelingsleiar (støttekontaktordning)

X

X

X

Bjartmar Kvæstad

Avdelingsleiar Heimetenestene

X

X

X

Jolaug Kaldheim

Heimehjelpar

-

X

-

Ragnhild Smaamo

Omsorgsarbeidar

X

X

X

Knut Otto Aarsand

Støttekontakt

X

X

X

Jan Slot

Sjef for fysioterapitenesta

X

X

X

Bjarne Bråtveit

Helsesjef/kommunelege

X

X

X

Harald Bjarne Hellesen

Kommunelege 2

X

X

-

Kari Myklebust

Familierettleiar

-

X

-

Kari Bugge

Brukarrepresentant

   

X


Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland deltok:

Tor Selmer Olsen, rådgjevar/vernepleiar
Paul Grude, seniorrådgjevar/jurist
Bjørg Botne, kvalitetsrådgjevar/sjukepleiar