Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet ble det konstatert avvik fra lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheten har vurdert de tiltakene som er satt i verk som tilstrekkelige. Tilsynet er derfor avsluttet.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Spesielle tilhøve knytta til styringsystem
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som vart påpeika innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Er brukar sitt behov kartlagt – fattes vedtak om tenester i samsvar med kartlegginga?
  • Får brukaren tenester i tråd med vedtak?
  • Skjer det ei evaluering – korleis finn ein behov for endra tenester?
  • Brukarmedverking – korleis sikrast den?
  • Sikrar kommunen det tverrfaglege samarbeidet rundt brukaren?
  • Er tenestene organisert i tråd med myndigheitskrav?

Avvik 1:

Eventuelle kartleggingar av tenestemottakars behov i samband med søknad kjem ikkje fram i dokumentasjonen, og mange av vedtaka fyller ikkje formelle krav.

Dato: 5. mai 2008

Kirsti Baardsen Svalestad
revisjonsleiar

Berit Kvalvaag Grønnestad
revisor

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Faatunet - Finnøy kommune i perioden 14. februar 2008 – 5. mai 2008. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Helsetilsynet og Fylkesmannen i Rogaland i dette året.

Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2. Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, og ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Finnøy kommune er ein kommune med mange øyar i indre Ryfylke. Busetnad er spreitt på fleire øyar, men mange kommunale helse- og sosialtenester er sentrert i kommunesenteret i Judaberg i Finnøy. Med direkte hurtigbåt er det 25 minuttar til Stavanger. Kommunen har 2.705 innbyggarar, det er litt meir enn 10 som har diagnose psykisk utviklingshemming. Tilboda til denne brukargruppa blir organisert ut frå Faatunet som ligg like ved rådhuset og sjukeheimen – kor og anna helseteneste er lokalisert. Frå 2003 er Faatunet ei eiga verksemd, som saman med 13 andre verksemder innan oppvekst, kultur og omsorg rapporterer til OKO-sjef som óg er stedfortredar til rådmann. Faatunet er kommunale bustader kor kommunen gjev bebuarar helse- og sosiale tenester etter vedtak, og kor det og er ei personallbase samt ei eining som gjev tilbod om avlasting til brukarar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 14. februar 2008. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitel 8 Dokumentunderlag.

Dagen før opningsmøtet gjekk revisjonslaget gjennom vedtak, permar med prosedyrer og registeringar knytt til dei einskilde brukarane av senteret, saman med dei vedtaka som no ligg til grunn for tilbodet ved Faatunet.

Opningsmøte blei halde 16. april 2008.

Intervjuar
8 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført ei kort synfaring ved Faatunet.

Sluttmøte blei halde 16. april 2008.

4. Kva tilsynet omfatta

Fylkesmannen og Helstilsynet undersøkte:

  • Er brukar sitt behov kartlagt – fattes vedtak om tenester i samsvar med kartlegginga?
  • Får brukaren tenester i tråd med vedtak?
  • Skjer det ei evaluering – korleis finn ein behov for endra tenester?
  • Brukarmedverking – korleis sikrast den?
  • Sikrar kommunen det tverrfaglege samarbeidet rundt brukaren?
  • Er tenestene organisert i tråd med myndigheitskrav?

5. Funn

Avvik 1:

Eventuelle kartlegginger av tenestemottakars behov i samband med søknad kjem ikkje fram i dokumentasjonen, og mange av vedtaka fyller ikkje formelle krav.

Avvik frå: Forvaltningslova §§ 17, 24 og 25

Revisjonsbevis:

  • Systematisk kartlegging av behov er ikkje dokumentert
  • Vedtaka er ikkje grunngjeve, dei viser ikkje til faktiske forhold og bruk av skjøn
  • Omfang og innhald av ulike tenestetilbod vert ikkje spesifisert i vedtaka, praktisk hjelp og miljøarbeiderteneste vert tildelt i ein samla timepakke
  • Tildeler langtidsopphold til personer i kommunal bolig
  • IPLOS-registreringar manglar
  • Etter vedtaka vert det krevd betaling for miljøarbeiderteneste, utan å spesifisere kva som er betalingpliktig

6. Spesielle tilhøve knytta til styringsystem

Kommunen har gått over frå ein sentralstyrt eining som tildelte helse- og sosiale tenester, til å legge alle verksemder med tildeling av tenester ut til små sjølvstyrte einingar. Det er ikkje gjeve noko opplæring i sakshandsaming ved tildeling av tenester ved denne omorganiseringa. Sidan vedtaka var så mangelfulle var det ikkje mogeleg å kontrollere om brukarane får tenester i tråd med vedtaka, men tenestene er individuelt tilpassa og sikra, og vert endra ved endra behov hjå tenestemottakar.

7. Regelverk

Lovverk som er lagt til grunn ved tilsynet er:

  • Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov om helsetjenesten i kommunene
  • Lov om sosiale tjenester
  • Lov om pasientrettigheter
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Relevante forskrifter til nemnde lover

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Oversikt over kommunale omsorgsbustader
  • Oversikt over hovudkontaktar for brukarar
  • Oversikt over ansvarsområde for ulike leiarar i kommunen
  • Årsmelding for Faatunet 2007
  • Delegasjonsreglement – vidaredelegering frå OKO-sjef
  • Orientering om samarbeidsordningar mellom dei ulike einingane innan sosialtenesta og kommunehelsetenesta
  • Opplysningar om tverrfaglege samarbeidsfora for sosial- og helsetenesta og internt i OKO-avdelinga
  • Opplæringsplan
  • Avtale om tilsynsfarmasøyt
  • Rutinar for samarbeid med spesialisthelsetenesta
  • Diverse malar for vedtak, også Individuelle planar
  • Melding frå driftsleiar til OKO-sjef om aukande behov for PU-gruppa i åra frametter

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Samlemapper med vedtak, referat frå ansvarsgruppemøtar m.v.
  • Brukarpermar på den einskilde brukar med rutinar frå Faatunet, skjema for registrering av hendingar og utkryssing av område kor det var daglege observasjonar
  • Individuelle planar
  • Pasientjournalar på brukarar på Faatunet frå heimesjukepleia
  • Pasientjournalar på brukarar på Faatunet frå fysioterapitenesta

Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Rogaland:

  • Varsel om tilsyn i brev av 14. februar.2008
  • Informasjon frå kommunen i brev 28. mars 2008 med vedlegg
  • Oversyn over bebuarar/tenestemottakarar Faatunet bu- og servicesenter med fastlege og oversyn over tenester 2. april.2008
  • Program for tilsynet 7. april.2008

9. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Ingebjørg Dalaker

Assistent

X

X

X

Tove Irene P K Midtbø

Miljøarbeidar, assistent

X

X

X

Reidulf Vigsnes

Kommunalsjef OKO

X

X

X

Silje Vågshaug

Miljøarbeidar

X

X

Magne Kongsvik

Rådmann

X

X

Berit Bleie

Ass. Driftsleiar

X

X

X

Helen Skartveit Olsen

Driftsleiar

X

X

X

Solfrid Torgersen

Vernepleiar 1

X

X

X


Frå tilsynsorganet deltok:

Seniorrådgjevar, jurist Kirsti Baardsen Svalestad, revisjonsleiar
Seniorrådgjevar, sjukepleiar, Berit Kvalvaag Grønnestad
Rådgjevar, sosionom, Gunnar Johan Eljervik