Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleing
2. Omtale av kommunen - særlege tilhøve
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentgrunnlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland gjennomførte i perioden 10.02.09 — 12.06.2009 tilsyn med kommunale barnevern, helse- og sosialtenester til barn i Forsand kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid.

Under tilsynet vart det ikkje påpeikt avvik.

Dato: 12.6.2009

Marit Bergeland
revisjonsleiar

Trine Hove Bjørnsen
revisor

1. Innleing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 10.02.09 — 12.06.09 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland. Tilsynet er eit tilsyn med kommunale barnevern, helse- og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barnevernstenester etter barnevernslova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgivinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil bli koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern, helse- og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan bli vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjonen er å vurdere om kommunen ivaretek ulike krav i lovgivinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebygge avvik frå lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følg opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at lovgivinga blir overhalde

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekka under revisjonen og gir derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen/bydelen innanfor dei områda tilsynet omfatta.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som tilsynsstyresmakta likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Omtale av kommunen - særlege tilhøve

Forsand kommune har om lag 1100 innbyggjarar.

Kommunen har organisert verksemda i 6 ulike resultatområdar som rapporterer direkte til rådmannen.

Dei reviderte tenestene — som har ansvar for å yte totale tenester til barn i skulepliktig alder med samansette behov — er organisert i seksjon helse/sosial med seksjonsleiar som ansvarleg leiar.

Nav Forsand vart etablert hausten 2009. Dei har mellom anna ansvar for tenester etter sosialtenestelova kapittel 3,4, 5 og 6.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut. Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Formøte mappegranskning fant stad 08.05.2009.

Opningsmøte vart halde 26.05.2009.

Intervju
8 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Sluttmøte vart halde 03.06.2009.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse- og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ein samordna måte. Tilsynet omfatta også undersøking av om barnevern- og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18—23 år. Dette vart gjort ved at det vart undersøkt om kommunen legg til rette slik at tenestene kan gi naudsynt hjelp etter lovgivinga. Det vart og undersøkt om kommunen sikrar, ved å følgje opp og å kontrollere, at praksis samsvarar med dei plikter kommunen har.

Tilsynet undersøkte nærare om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna.

Vidare omfatta tilsynet undersøking av om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det. Som ein del av dette undersøkte tilsynet om det fanst rutinar for samarbeid, faste møtetidspunkt, klar og kjent oppgåvefordeling og liknande. Det vart undersøkt om det blir gjennomført medisinske undersøkingar ved behov, og om sosialtenesta vurderer behov for kontakt med barnevernet i saker der sosialtenesta yter stønad eller bistand til familiar.

Det vart vidare undersøkt om dei tre kommunale tenestene sikrar individuell planlegging når dei utarbeider tiltaksplanar etter barnevernslova eller individuelle planar etter helse- og sosiallovgivinga. Tilsynet undersøkte også om dei tre tenestene, ved behov, samarbeider om å legge til rette for og å gjennomføre individuelle planer og tiltaksplanar.

Tilsynet omfatta om dei samla tenestene og tiltaka til det einskilde barnet vert evaluert. Det vart nærare undersøkt om evalueringane omfattar om barn og foreldre medverkar ved evaluering av tenester og tiltak, om ein møtes som avtalt, om dei ressursar som er avsette faktisk blir brukt, om det er klart kven som har teke på seg ansvar for dei ulike oppgåvene, konsekvensar av omorganiseringar og endringar i oppgåvefordeling og om ein har nådd dei måla som er sett for samarbeidet.

Tilsynet undersøkte vidare om kommunane i god tid førebur, og ved behov gjennomfører, overgang frå barnevern til sosialteneste ved 18-23 års alder saman med den aktuelle ungdommen.

Tilsynet undersøkte og om, og på kva måte, leiinga i kommunen følgjer med på at tenestene samarbeider om utsette barn og overgangen mellom barnevernet og sosialtenesta. Det vart for eksempel undersøkt om kommunen overvaka at vedtekne tiltak, prosedyrar og oppgåvefordeling er gjennomført i praksis, om tenestene har så god kjennskap til kvarandre at dei brukar kvarandre når det trengs, om det er vurdert kva område i samarbeidet som er sårbare for svikt, og om dei overvakar om tenestene fungerar som dei skal og at tiltaksplanar og individuelle planar blir evaluerte. Det vart og sett på om kommunen har oversikt over klager på dci tre tenestene og gjer bruk av desse til forbetring av tenestene.

Tilsynet undersøkte om kommunen har lagt til rette, ved tilsettingar, kartlegging av kompetansen til dei tilsette, opplæringstiltak og liknande, for at tilsette i dei tre tenestene har tilstrekkeleg kompetanse til å kunne samarbeide når det trengst. Det vart og undersøkt om det er lagt til rette for bruk av tolk når det er naudsynt.

Tilsynet undersøkte om kommunen har system for dokumentasjon som sikrar den informasjonen som er naudsynt for samarbeid mellom tenestene.

5. Funn

Det vart ikkje gjort funn som ga grunnlag for avvik.

6. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (by!.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosia
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven - pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven — hspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven — kom!.)
  • lov om arbeids- og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

7. Dokumentgrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen knytt til dagleg drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Internkontroll barneverntenesta i Forsand kommune
  • Skjema — informert samtykke
  • Delegasjonsreglement
  • Stillingsomtale leiar for helse- og sosialseksjonen
  • Stillingsomtale — barnevernsleiar
  • Stillingsomtale — avdelingsleiar for funksjonshemma
  • Lokal samarbeidsavtale — Nav Rogaland — Forsand kommune
  • Årsrapport for helse- og sosialseksjonen 2008
  • Kompetanseplan 2009 — 2011
  • Rutine for handtering av avvik/uønska hendingar i helse- og sosialtenestene
  • Skjema — kvalitetsmelding
  • Skjema — melding i barnevernsak frå offentleg instans
  • Referater frå samarbeidsmøter
  • Organisasjonskart — skulehelsetenesta
  • Samarbeidsavtale mellom barnevern-, sosial- og skulehelsetenesta
  • Rutiner når en bekymring skal meldes til barnevernet
  • Avtale om samarbeid mellom psykiatritjenesten og skolehelsetjenesten
  • Bruk av ansvarsgrupper/samordningsgrupper
  • Plan for mottak av nye elever
  • Rutiner for overgang barnehage — skule
  • Samarbeid med barn og unger i Forsand kommune
  • IP—brosjyre
  • Rutiner for Individuell plan
  • Kompetanse og oppdatering
  • Rutiner for bruk av samtykke
  • Årsrapport frå jordmor- og helsesøstertenesta 2007
  • Årsrapport fråjordmor- og helsesøstertenesta 2008
  • Skulehelsetenesta ved Forsand skule
  • Div. rutiner avdeling for funksjonshemma i Forsand kommune
  • Plan for psykisk helse 2007 — 2010
  • Rutiner for samarbeid mellom barneverntjeneste og psykiatritenesta

Dokumentasjon mottatt i formøte 08.05.2009

  • Handlingsplan SLT for Forsand kommune 2008 — 2009
  • Referat frå møte i styringsgruppa for SLT
  • Oversikt Individuell plan

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn datert 10.02.09
  • Oversending av dokumentasjon til Fylkesmannen, 13.04.09
  • Oversending av program, 11.05.09

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over personar som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Signe Bay Schultz

Nav-leiar

X

X

X

Siri Hermansen

Saksbehandler -Nav

X

x

Anne Gry Moen

Helsesøster

X

X

Merete Steinsvåg

Barnevernleiar

X

X

X

Kirsten Bakke

Barnevernkonsulent

X

X

Marijke Håland

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

X

Else Løland

Seksjonsleiar helse/sosial

X

X

X

Terje Nysted

Rådmann

X

X

Frå tilsynsstyresmaktene deltok:
Marit Bergeland, revisor/jurist
Gunn Nylend, revisor/barnevernpedagog
Trine Hove Bjørnsen, revisjonsleiar/junist