Avslutning av tilsyn: sjølvmeldingstilsyn med legemiddelhandtering sjukeheim og heimesjukepleie Bjerkreim kommune 2010
Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.
Helsetilsynet i Rogaland viser til tidlegare korrespondanse om tilsynet med legemiddelhandtering i kommunen sin sjukepleieteneste, og takker for retur av utfylt spørjeskjema.
Tilsynet omfattar både sjukeheim og heimesjukepleie og er gjennomført ved at helsetenesta sjølv har vurdert sine eigne rutinar for legemiddelhandtering opp mot krava i Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp.
Dersom verksemda ikkje oppfylte krava, skulle kommunen utarbeida plan for retting og returnera denne saman med utfylt spørjeskjema.
Helsetilsynet i Rogaland har sendt ut spørjeskjema til tolv verksemder i seks kommunar i Rogaland.
Som ein generell kommentar kan me seie at manglane som er rapportert frå kommunane i hovudsak omhandlar at retningsliner for legemiddelhandteringa ikkje er oppdatert i tråd med ny forskrift, at leiar for verksemda manglar legemiddelkompetanse utan at det er peika ut fagleg rådgjevar, at det ikkje gjennomførast risikovurderingar eller førast jamleg kontroll med legemiddelhandteringa, samt at det ikkje er gode nok system for avvikshandtering.
Tilsynet i Bjerkreim kommune: Tilsyn med legemiddelhandteringa omfattar både sjukeheim og i heimesjukepleie. I Bjerkreim kommune er dette organisert i ei verksemd. Kommunen melder tilbake at tilsynet avdekka manglar med avvikssystemet knytt til legemiddelhandteringa, men at nye rutinar som skal retta opp dette umiddelbart vert satt i verk.
Helsetilsynet i Rogaland avsluttar med dette tilsynet og takkar for godt samarbeid.
23.11.2010
Med hilsen
Pål Iden
fylkeslege
Berit Kvalvaag Røimestad
seniorrådgjevar