Rapport frå tilsyn med sakshandsaming ved utgreiing og tildeling av avlastning til omsorgsytarar til eldre i Vindafjord kommune 2010
Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
Tilsynet er avgrensa til å gjelde sakshandsaming ved tildeling av avlastning for omsorgsytarar til eldre. Tilsynet fekk oversend 28 saker frå kommunen. Tilsynet gjekk gjennom og vurderte 25 saker. Tre av sakene var eldre enn to år og vart ikkje lagt til grunn ved vurderinga. Tilsynet såg etter om sakshandsaminga er i samsvar med krava i forvaltningslova i høve til saksutgreiing og individuell vurdering av omsorgsytar og hjelpetrengjande sitt behov, og om krava til utforming av vedtaka er teke i vare når det gjeld grunngjeving, innhold og informasjon om klage.
I fleirtalet av sakene tilsynet kontrollerte gjekk det ikkje fram av dokumenta at sakene var tilstrekkelig utgreidd før vedtak vart fatta.
I seks av sakene var det vist til feil heimel for tildeling av avlastning.
I eit fleirtal av sakene var det ikkje dokumentert at kommunen hadde gjort ei tilstrekkeleg individuell og konkret vurdering av sakene då det ikkje var gjort greie for kvifor vilkåra for avlastning var oppfyld, og kvifor kommunen meinte at innvilga omfang dekka behovet.
Dato: 30.06.2010
Hege Skårdal Dreyer
revisjonsleder Lillian Kleppe Gjennestad
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter felles tilsyn med Vindafjord kommune den 09.06.2010 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland.
Fylkesmannen i Rogaland fører tilsyn med dei sosiale tenestene med heimel i lov om sosiale tjenester § 2-6. Helsetilsynet i Rogaland fører tilsyn med helsetenester med heimel i lov om statleg tilsyn med helsetenesten § 2.
Tilsynet er ein del av Statens helsetilsyn si satsing på tilsyn med tenester til eldre og vert gjennomført som eit landsomfattande tilsyn.
Dette tilsynet er avgrensa til å gjelde kommunen si handsaming av saker som gjeld avlastning for omsorgsytarar til eldre. Føremålet med tilsynet er å undersøka om kommunane dekkjer behovet for avlastning for omsorgsytarar som har omsorg for eldre, uavhengig av om tilbodet vert gitt som avlastningstiltak etter sosialtenestelova eller i form av korttidsopphold etter kommunehelsetenestelova.
Tilsynet har ved gjennomgangen av sakene sett at kommunen sitt søknadskjema som kkje syner til avlastning som ein teneste det kan søkes om. Det fremgår heller ikkje informasjon på kommunen si nettside at avlastning etter sosialtenesteloven er ei teneste som kan ytes til eldre heimebuande der pårørende utfører omsorgsarbeid.
2. Gjennomføring
Tilsynet vart gjennomført ved stikkprøver av skriftleg dokumentasjon i 25 saker der det var søkt om avlastning for omsorgsytarar til eldre, eller korttidsopphold som ikkje utelukkande var grunngjeve ut fra pasienten sine behov for tenester.
Varsel om tilsyn vart sendt til kommunen den 15.04.10. Kommunen plukka ut sakene etter bestemte kriterier i samråd med kontaktpersonen og Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland. Sakene vart sendt til Fylkesmannen som mottok dei 31.05.10. Sakene vart gjennomgått den 09.06.10.
3. Kva tilsynet omfatta
Vi har ved gjennomgang av sakene sett på:
- Om kommunen har utgreidd saka slik det følgjer av forvaltningsloven § 17. Kravet er at saka skal vere så godt utgreidd som mogeleg før vedtak i saka vert fatta. Føremålet med ei slik utgreiing er å bidra til at vedtak vert fatta på rett grunnlag, samt å motverke at feil eller utanforliggjande omsyn vert lagt til grunn.
- Om kommunen gjer konkrete individuelle vurderinger der både omsorgsytar og den hjelpetrengande sin situasjon vert konkret vurdert. Vurderinga skal byggja på opplysningar som er innhenta i forbindelse med utgreiinga.
- Om vedtaka er fatta i samsvar med krava i forvaltningslova kapittel V om grunngjeving, innhald og informasjon om klageadgang. Tilsynet har undersøkt om vedtaka er grunngjeve og om det er vist til dei faktiske forhold vedtaket byggjer på og om vilkåra for å motta tenester er/ ikkje er oppfylt. Vidare er det sett på om partane er underretta om vedtaket i samsvar med krava fastsett i lov og om det er gitt opplysningar om klageadgang.
4. Funn
- I fleirtalet av sakene tilsynet kontrollerte gjekk det ikkje fram av dokumenta at sakene var tilstrekkeleg utgreidd før vedtak vart fatta.
Kommentar:
Vedtaka tilsynet gjekk gjennom var i hovedsak vedtak kor kommunen hadde innvilga korttidsopphald med heimel i kommunehelsetenestelova § 2-1. Det framkom i liten grad om kommunen hadde innhenta opplysningar om omfanget av omsorgsarbeidet og om pårørande/omsorgsytar sin situasjon og behovet for avlastning var utreda slik at kommunen hadde grunnlag til å vurdera om vilkåra for avlastning etter sosialtenestelova av oppfylt.
I dei sakene der ønske om tidsperiode for avlastning ikkje gjekk fram av søknaden, fann tilsynet ikkje dokumetasjon på at kommunen hadde innhenta opplysningar frå partane om kva dei ønskte av avlastning.
Kommunen har plikt til å greie ut saka, jf. forvaltningslova §§ 16-17. Som ein del av kommunen si utgreiingsplikt må det avklarast med søker kva teneste vedkommande søker om og ønska omfang, og det må gå fram av saka at ei slik avklaring er gjort. Deretter må kommunen gjere ei vurdering av situasjonen og tildele tenester ut frå hjelpe-og avlastningsbehov. Ein viser og til partane sin rett til å medverke ved utforming av tenestetilbodet, jfr. sosialtenesteloven § 8-4. Retten til å medverke gjeld ved val av tenester, men har i praksis også betydning for tenestevolumet. Kommunen skal undersøke kva partane ønsker, og i rimeleg utstrekning ta omsyn til dette i val av måten avlastninga vert gitt på.
- I seks av sakene var det vist til feil heimel for tildeling av avlastning. I dei vedtaka kor avlastning etter lov om sosiale tenester vart innvilga var det ikkje vist til sosialtenesteloven § 4-3 og det var ikkje foretatt ei vurdering av om vilkåra i § 4-3 var oppfylde.
Kommentar:
I dei fleste sakene som vart kontrollerte, kom det fram at korttidsopphald vart innvilga med heimel i kommunehelsetenestlova § 2-1, og der det var søkt om avlastning eller det kom klart fram at det er behov for avlastning. I seks saker kom det klart fram at det var eit behov for avlastning, men kommunen hadde innvilga korttidsopphald med heimel i kommunehelsetenestelova § 2-1. Avlastningstiltak skal vurderast etter sosialtenestelova uavhengig av kva for ein måte kommunen velgjer å yta avlastninga på. Når kommunen har avklart at brukaren fyller vilkåra for hjelp i sosialtenestelova § 4-3 skal aktuelle tenester etter § 4-2 vurderast. I desse sakene er det bokstav b) som er aktuell hjemmel.
Som ein følgje av at feil regelverk vert nytta vert det i stor grad berre den omsorgstrengande sin situasjon som vert vurdert og ikkje pårørande sitt behov for avlastning eller omsorgsarbeide sitt omfang.
- I eit fleirtal av sakene vart det ikkje dokumentert at kommunen hadde gjort ei tilstrekkelig individuell og konkret vurdering av sakene då det ikkje var gjort greie for om vilkåra for avlastning var oppfylde, og kvifor kommunen mente at innvilga omfang dekka behovet.
Kommentar:
Dei fleste vedtaka tilsynet såg hadde ei kort grunngjeving kor det ikkje gjekk fram om den tildelte hjelpa ville dekkja behovet for avlastning eller kvifor vilkåra for å innvilga avlastning var oppfylt. I dei sakene der det gjekk fram av søknad at det var behov for avlastning, var det ikkje dokumentert verken i vedtak eller saksutgreiinga at avlastningsbehovet vart vurdert. I forhold til fastsetting av omfang på tenesta vart tenesta innvilga i samsvar med søknad der omfanget gjekk fram av søknaden. Det var dermed ikkje dokumentert at kommunen hadde gjort ei tilstrekkelig individuell vurdering av omsorgsytar og den hjelpetrengende sin situasjon. Det fylgjer av forvaltningslova § 24 at enkeltvedtak skal grunngjevast og at grunngjevinga skal gis samtidig med at vedtaket vert fatta. Krava til innholdet i grunngjevinga følgjer av forvaltningslova § 25. Det går fram av § 25 at grunngjevinga skal vise til kvifor vilkåra er/ikkje er oppfylt i forhold til den tenesten det er søkt om. Det skal også gå fram av grunngjevinga kvifor kommunen meiner at den tenesten som ytes dekkjer behovet i den einskilde sak når ein innvilgjar.
Dersom ein søknad innvilges fullt ut, kan kommunen la være å gi ei samstundes grunngjeving, for eksempel der kommunen innvilger avlastning i samsvar med søknaden. I saker der det vert gitt avslag på avlastning eller der vedtaket berre delvis vert innvilga, skal det gå fram kvifor kommunen meiner at det ikkje foreligg forhold som medfører at vilkåra er oppfylt.
5. Tilsynet har elles merka seg
Ut i frå sakene tilsynet undersøkte såg det ut til at dei fleste sakene fekk ein rask handsaming i kommunen.
6. Regelverk
Lovverk som er lagt til grunn ved tilsynet:
- Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunen
- Lov av 13. desember 19991 nr 81 om sosiale tjenester m.v
7. Deltakere ved tilsynet
Fra Fylkesmannen og Helsetilsynet i Rogaland deltok:
Gunnar Johan Eljervik, Lillian Kleppe Gjennestad og Hege Skårdal Dreyer