Helsetilsynet

Helsetilsynet i Rogaland viser til tidligare korrespondanse og takkar for retur av utfylte spørjeskjema innan fristen.

Tilsynet blei gjennomført ved at helsetenesta i kommunen vurderte eigne rutinar for handtering av legemiddel opp mot krava i legemiddelforskrifta av 1. mai 2008. Verksemdene ga deretter tilbakemelding på om eigne rutinar var i samsvar med krava. Dersom ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda laga ein plan for retting.

Helsetilsynet i Rogaland har innhenta svar frå i alt 11 verksemder i tre kommunar i Rogaland. I Karmøy kommune gjaldt dette verksemdene:

  • Skudenes bu- og behandlingsheim
  • Skudenes heimeteneste
  • Rus- og aktivitetstenesta

Karmøy kommune fant ved sin gjennomgang at det var behov for å retta opp nokre forhold ved kvar av desse tre verksemdene og laga ein konkret plan for dette. Kommuneleiinga ga verksemdene ein tidsfrist til 31. august 2011. Vidare legg kommunen opp til årleg interne revisjonar med legemiddelhandtering i sine verksemder.

Karmøy kommune har følgd opp denne saka på ein svært god måte og Helsetilsynet i Rogaland avsluttar her dette tilsynet.

Med helsing

Pål Iden
fylkeslege

Bjørg Botne
seniorrådgivar/sjukepleiar