Helsetilsynet

Helsetilsynet i Rogaland viser til tidligare korrespondanse og takkar for retur av utfylte spørjeskjema.

Tilsynet blei gjennomført ved at helsetenesta i kommunen vurderte eigne rutinar for handtering av legemiddel opp mot krava i legemiddelforskrifta av 1. mai 2008. Verksemdene ga deretter tilbakemelding på om eigne rutinar var i samsvar med krava. Dersom ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda laga ein plan for retting.

Helsetilsynet i Rogaland har innhenta svar frå i alt 11 verksemder i tre kommunar. I Sauda kommune gjaldt dette verksemdene:

  • Sauda distriktsmedisinske senter (SDMS)
  • Heimetenester
  • Psykisk helse, Helsesenteret
  • NAV-kontoret

Sauda kommune fant at det var behov for å retta opp nokre forhold ved SDMS og NAV-kontoret og lagde ein plan for dette. Helsetilsynet i Rogaland vil leggja til at kommunen også bør sjå nærmare på korleis istandgjering og utdeling av legemiddel ved NAV-kontoret blir følgd opp, jf. svar på spørsmål 8 b og 10 b.

Helsetilsynet i Rogaland takkar for godt samarbeid og avsluttar her dette tilsynet.

Med helsing

Pål Iden
fylkeslege

Bjørg Botne
seniorrådgivar/sjukepleiar