Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetilsynet i Rogaland viser til tidligare korrespondanse og takkar for retur av utfylte spørjeskjema.

Tilsynet blei gjennomført ved at helsetenesta i kommunen vurderte eigne rutinar for handtering av legemiddel opp mot krava i legemiddelforskrifta av 1. mai 2008. Verksemdene ga deretter tilbakemelding på om eigne rutinar var i samsvar med krava. Dersom ikkje alle krava var oppfylte, skulle verksemda laga ein plan for retting.

Helsetilsynet i Rogaland har innhenta svar frå i alt 11 verksemder i tre kommunar i Rogaland. I Tysvær kommune gjaldt dette verksemdene:

  • Tysværtunet
  • Psykisk helse
    • Ambulant teneste
    • Aksdalsveien 163
  • Tysvær Vepro

Tysvær kommune fant ved sin gjennomgang at det var behov for å retta opp nokre forhold og laga ein plan for dette.

Helsetilsynet i Rogaland takkar for samarbeidet og avsluttar her dette tilsynet.

Med helsing

Pål Iden
fylkeslege

Bjørg Botne
seniorrådgivar/sjukepleiar