Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Tilsynet er avgrensa til å gjelde sakshandsaming ved tildeling av avlastning for omsorgsytarar til eldre. Fylkesmannen fekk oversendt 18 saker frå kommunen. Tilsynet såg etter om saksbehandlinga er i samsvar med krava i forvaltningslova i høve til saksutgreiing og individuell vurdering av omsorgsytar og hjelpetrengjande sitt behov, og om krava til utforming av vedtaka er ivaretekne når det gjeld grunngjeving, innhold og informasjon om klage.

  • I åtte av sakene var det vist til feil heimel for tildeling av avlastning.
  • I fleirtalet av sakene tilsynet kontrollerte gjekk det ikkje fram av dokumenta at sakene var tilstrekkelig utgreidde før vedtaka vart fatta.
  • I eit fleirtal av sakene inneholdt ikkje kommunen si grunngjeving ei beskriving av dei faktiske forholda i saken, og det var ikkje gjort greie for skjønnsutøvinga og kva for vurderingar som var gjort i den enskilde saka.

Dato: 29.03.12

Rapporten er utarbeidet av:

Lone Merethe Solheim
ass.avdelingsdirektør

Hege Skårdal Dreyer
revisjonsleder

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Tysvær kommune og ble gjennomført av Fylkesmannen. Fylkesmannen tilsynsansvar er regulert i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 12-3 første ledd, hvor det uttales: ”Fylkesmannen skal føre tilsyn med lovligheten av kommunens oppfyllelse av plikter pålagt i kapitlene 3 til 10 og §§ 11-2, 11-3 og 11- 4. Videre uttales det i annet ledd at kommuneloven kapittel 10 A gjelder tilsvarende for tilsynsvirksomheten etter første ledd, med unntak av § 60 d. Statens helsetilsyn kan gi pålegg etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten § 5”.

Tilsynet er ein del av Statens helsetilsyn si satsing på tilsyn med tenester til eldre for perioden 2009- 2012.

Dette tilsynet er avgrensa til å gjelde kommunen si handsaming av saker som gjeld avlastning for omsorgsytarar til eldre. Føremålet med tilsynet er å undersøka om kommunane dekkjer behovet for avlastning for omsorgsytarar som har omsorg for eldre, uavhengig av om tilbodet vert gitt som avlastningstiltak etter sosialtenestelova eller i form av korttidsopphold etter kommunehelsetenestelova.

2. Gjennomføring

Tilsynet vart gjennomført ved stikkprøver av skriftleg dokumentasjon i 18 saker der det var søkt om avlastning for omsorgsytarar til eldre, eller korttidsopphold som ikkje utelukkande var grunngjeve ut fra pasienten sine behov for tenester.

Varsel om tilsyn vart sendt til kommunen den 17.10.11. Kommunen plukka ut sakene etter bestemte kriterier i samråd med kontaktpersonen hos Fylkesmannen i Rogaland. Sakene blei sende til Fylkesmannen som mottok dei 06.12.11.

3. Kva tilsynet omfatta

Vi har ved gjennomgang av sakene sett på:

  • Om kommunen har utgreidd saka slik det følgjer av forvaltningsloven § 17. Kravet er at saka skal vere så godt utgreidd som mogeleg før vedtak i saka vert fatta. Føremålet med ei slik utgreiing er å bidra til at vedtak vert fatta på rett grunnlag, samt å motverke at feil eller utanforliggjande omsyn vert lagt til grunn.
  • Om kommunen gjer konkrete individuelle vurderinger der både omsorgsytar og den hjelpetrengande sin situasjon vert konkret vurdert. Vurderinga skal byggja på opplysningar som er innhenta i forbindelse med utgreiinga.
  • Om vedtaka er fatta i samsvar med krava i forvaltningslova kapittel V om grunngjeving, innhald og informasjon om klageadgang. Tilsynet har undersøkt om vedtaka er grunngjeve og om det er vist til dei faktiske forhold vedtaket byggjer på og om vilkåra for å motta tenester er/ ikkje er oppfylt. Vidare er det sett på om partane er underretta om vedtaket i samsvar med krava fastsett i lov og om det er gitt opplysningar om klageadgang.

4. Funn

  • I åtte saker var det vist til feil heimel ved tildeling av avlastning. I desse sakene var det innvilga avlastning, men tenesta var gitt med heimel i kommunehelsetenestelova § 2-1 (nå helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 nr. 6 bokstav c) og ikkje med heimel i sosialtenestelova § 4-3 jf. 4-2 b), nå helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 nr. 6 bokstav d).

Kommentar:

I alle sakene som vart kontrollerte, kom det fram at opphald på institusjon blei innvilga med heimel i kommunehelsetenestelova § 1-3 jf. § 2-1. I åtte av sakene gjekk det fram at det var søkt om avlastning og kommunen meinte det var behov for avlastning, men tjenesta var gitt med heimel i kommunehelsetenestelova § 1-3 jf. § 2-1. Tilsynet vil vise til at avlastningstiltak skal vurderast etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2 nr. 6 bokstav d ( tidligare sosialtenestelova § 4-3 jf. § 4-2 b), uavhengig av kva måte kommunen vel å gi avlastning på.

Som ei følgje av at feil regelverk vert nytta vert det i stor grad berre den omsorgstrengande sin situasjon som vert vurdert og ikkje pårørande sitt behov for avlastning eller omfanget av omsorgsarbeidet.

  • I fleire saker tilsynet kontrollerte gjekk det ikkje fram av dokumenta at sakene var tilstrekkeleg utgreidd før vedtak blei fatta.

Kommentar:

Vedtaka tilsynet gjekk gjennom, var vedtak kor kommunen hadde innvilga korttidsopphald med heimel i kommunehelsetenestelova § 2-1. I dei sakene det var søkt om avlastning eller behov for avlastning var bakgrunnen for søknaden, gjekk det i liten grad fram av dokumenta om kommunen hadde innhenta opplysningar om omfanget av omsorgsarbeidet og om pårørande/omsorgsytar sin situasjon for å kartleggje behovet for avlastning.

I dei sakene der ønskje om tidsperiode for avlastning ikkje gjekk fram av søknaden, fann tilsynet ikkje dokumentasjon på at kommunen hadde innhenta opplysningar frå partane om kva avlastning dei ønska.

Kommunen har plikt til å greie ut saka, jf. forvaltningslova §§ 16-17. Som ein del av kommunen si utgreiingsplikt må det avklarast med søkjer kva teneste vedkommande søkjer om og ønska omfang, og det må gå fram av saka at ei slik avklaring er gjort. Deretter må kommunen gjere ei vurdering av situasjonen og tildele tenester ut frå hjelpe- og avlastningsbehov. Ein viser og til partane sin rett til å medverke ved utforming av tenestetilbodet, jf. pasient- og brukerrettighetslova § 3-1 annet ledd. Retten til å medverke gjeld ved val av tenester, men har i praksis også mykje å seie for tenestevolumet. Kommunen skal undersøkje kva partane ønskjer, og i rimeleg utstrekning ta omsyn til dette i val av måten avlastninga blei gitt på.

  • I eit fleirtal av sakene gjekk det ikkje fram av kommunen si grunngjeving ei beskriving av dei faktiske forholda i saken, og det var ikkje gjort greie for skjønnsutøvinga og kva for vurderingar som var gjort i den enskilde saka.

Kommentar:

Dei fleste vedtaka tilsynet såg, hadde ei kort grunngjeving. Det gjekk ikkje fram av grunngjevinga kva for vurderingar som låg til grunn for å innvilge tenester og kvifor vilkåra for å få avlastning var oppfylt. Det gjekk heller ikkje fram om den tildelte hjelpa ville dekkje behovet for avlastning. Det følgjer av forvaltningslova § 24 at enkeltvedtak skal grunngjevast og at grunngjevinga skal gjevast samtidig med at vedtaket vert fatta. Krava til innholdet i grunngjevinga følgjer av forvaltningslova § 25. Det går fram av § 25 at grunngjevinga skal vise til kvifor vilkåra er/ikkje er oppfylt i forhold til den tenesta det er søkt om. Det skal også gå fram av grunngjevinga kvifor kommunen meiner at den tenesta som blir ytt dekkjer behovet i den einskilde saka når ein innvilgjar tenester.

Dersom ein søknad innvilga fullt ut, kan kommunen la vere å gi samtidig grunngjeving, for eksempel der kommunen innvilgar avlastning i samsvar med søknaden.

I saker der det blir gitt avslag på avlastning eller der vedtaket berre delvis vert innvilga, skal det gå fram kva kommunen har lagt vekt på og kva som fører til at vilkåra ikkje er oppfylt.

5. Regelverk

Lovverk som er lagt til grunn ved tilsynet:

  • LOV-1967-02-10 nr. Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • LOV-2011-06-24 nr. 30 Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
  • LOV-1982-11-19 nr. 66 Lov om helsetjenesten i kommunen (OPPHEVA)
  • LOV-1991-12-13 nr. 81 Lov om sosiale tjenester m.v (OPPHEVA)

6. Deltakarar ved tilsynet

Tilsynet blei gjennomført av:
Lone Merethe Solheim, ass. avdelingsdirektør
Hege Skårdal Dreyer, rådgjevar