Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet 

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Tema for tilsynet gjaldt følgjande område:

  • Avlastningstiltak for personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid, jf. sosialtenestelova § 4-2 bokstav b
  • Støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem, jf. sosialtenestelova § 4-2 bokstav c
  • Sikring av at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter

Kommunen har få institusjonsplassar og det har vore eit stort press på å få plass. Det har såleis vore vanskeleg å ha reserverte plassar for rehabilitering, korttid og avlastning. Informasjon om avlastningstilbod og tildeling av slike plassar, har ikkje vore særleg aktiv, men ved behov har det blitt gitt korttidsopphald i sjukeheimen. Avlastning er eit gratis tilbod, medan det kan krevjast betaling for korttidsplass.

Støttekontakt er ei teneste som kan ytast uavhengig av diagnose og alder. Kommunen har mange brukarar, men størstedelen i dei yngre aldersgruppene. Det har ikkje vore system for å gi informasjon om denne tenesta til eldre både i og utanfor institusjon.

Kommunen har ansvar for kvaliteten på avlastning og støttekontakt, og ha eit internkontrollsystem som sikrar dette. Oppfølginga av støttekontaktane og enkelte avlastningstiltak har ikkje vore systematiske og manglar rutinar for rapportering og evaluering.

Det vart gitt tre avvik:

  • Gloppen kommune sikrar ikkje at avlastning etter sosialtenestelova vert ytt til personar som gir omsorg til heimebuande eldre og funksjonshemma.
  • Gloppen kommune sikrar ikkje at personar med behov for støttekontakt mottek slike tenester
  • Gloppen kommune sikrar ikkje at det skjer ei oppfølging av utføring av oppdraga som avlastning og støttekontakt.

Dato: 28.06.07

Arne Røyrvik
revisjonsleiar
Anne Margrethe Haugen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon med Gloppen kommunen i perioden 19.02. – 30.05.2007. Revisjonen er eit landsomfattande tilsyn med avlastnings- og støttekontakttenesta for 2007 og går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6, jf. kommunelova kap. 10 A.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Gloppen kommune hadde pr. 01.01.2007, 5 723 innbyggjarar, og folketalet har vore rimeleg stabilt. Iflg. KOSTRA for 2005 hadde kommunen 61 plassar i sjukeheim og 15 omsorgsbustader for heildøgn pleie og omsorg. Dette gjev ein dekning på 18,5 % for eldre over 80 år. Kommunen har den lågaste dekningsprosenten i fylket.

Helse- og sosialtenestene er organisert med helse- og sosialsjef som leiar. Helse- og sosialsjefen er i rådmannen si leiargruppe. Under helse- og sosialsjefen er pleie- og omsorgssjefen ansvarleg for pleie- og omsorgstenestene både i og utanfor institusjon, samt for avlastning for personar over 18 år. Sosial- og barnevernssjefen har ansvar for avlastning til personar under 18 år og støttekontakt til alle uavhengig av alder.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 19.02.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 25.04.07.

Intervju
12 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 26.04.07.

4. Kva tilsynet omfatta

Område 1: Tildeling av avlastningstenester

Det vart her sett på om kommunen gir relevant informasjon til søkjarane, om tildeling av avlastning skjer uavhengig av diagnose og alder og sakshandsamaren sin kompetanse. Det vart klarlagt om det skjer relevant utgreiing av alle søkjarar, individuell vurdering i den enkelte sak og det vert kravd vederlag/eigenbetaling. Vidare vart det undersøkt om avlastning vert sett i verk snarast mogleg og om midlertidige og alternative tiltak vert sett i verk der det ikkje var mogleg å gi avlastning straks.

Område 2: Tildeling av støttekontakttenester

Også her vart det sett på om kommunen gir relevant informasjon til søkjarane og om tildeling av støttekontakt skjer uavhengig av diagnose og alder. Relevant utgreiing av alle søkjarar og individuell vurdering i den enkelte sak vart klarlagt. Vidare vart det undersøkt om støttekontakt vart sett i verk snarast mogleg og om midlertidige og alternative tiltak vert sett i verk i tilfelle der det ikkje var mogleg å gi støttekontakt straks.

Område 3: Avlastarane og støttekontaktane sine kunnskapar og ferdigheiter

Under dette området vart kommunen sin vurdering av krav til støttekontaktane og avlastarar undersøkt. Det vart klarlagt i kva grad det vert gitt nødvendig opplæring og rettleiing både før dei starta og under vegs. Det vart også sett på kva rutinar det er for oppfølging og evaluering og om støttekontakt/avlastar vart trekt inn i dette arbeidet.

5. Funn

Avvik 1

Gloppen kommune sikrar ikkje at avlastning etter sosialtenestelova vert ytt til personar som gir omsorg til heimebuande eldre og funksjonshemma.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, jf. § 4-3 og forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4

Avviket byggjer på følgjande:

  • Kommunen har ikkje system som sikrar aktiv informasjon om avlastning
  • I søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester er avlastning plassert slik at det ikkje er klart at dette er ei lovpålagt teneste
  • Under avsnitt om eigenbetaling er det ikkje opplyst at avlastning er gratis.

Kommentarar:
Ved intervju og dokumentgjennomgang kjem det fram at det ved søknad om avlastning er ytt korttidsopphald utan at det er grunngjeve kvifor dette tilbodet er ytt i staden for det som det er søkt om.
Det er teke betaling for opphald ved at tenesta vert ytt som korttidsopphald og ikkje som avlastning.

Avvik 2

Gloppen kommune sikrar ikkje at personar med behov for støttekontakt mottek slike tenester.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Sosialtenestelova § 4-2 bokstav c, jf. § 4-3 og forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Kommunen har ikkje system som sikrar aktiv inforasjon om støttekontakt til dei som har behov på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem
  • Ved intervju og dokumentgjennomgang kom det fram at støttekontakt er lite kjent og brukt blant eldre
  • Vedtaka er lite opplysande om kva vurderingar som er gjort i høve tildelte timar med støttekontakt
  • Kommunen har ikkje system for oppfølging og evaluering av støttekontaktane med tanke på om tenesta fungerer i høve til brukarane. I vedtaka er det heller ikkje opplysningar eller vurdering av korleis tenesta fungerer

Kommentarar:
Etter sosialtenestelova § 4-2 bokstav c skal sosiale tenester omfatte støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem. Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klare daglege gjeremål, har krav på støttekontakt. Kommunen skal føre internkontroll for å sikre at tenestene etter kap. 4 i sosialtenestelova er i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift.

Avvik 3

Gloppen kommune sikrar ikkje at det skjer ei oppfølging av utføring av oppdraga som avlastning og støttekontakt.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Sosialtenestelova § 2-1, jf. forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er ikkje system for rapportering til næraste overordna frå avlastningstiltaket
  • Det er ikkje system for rapportering frå støttekontaktane

Kommentarar:
Kommunen sine sosiale tenester som avlastning og støttekontaktar er i stor utstrekning basert på engasjement av enkeltpersonar. For å sikre at tenestene vert utført forsvarleg, vil rapportering og oppfølging bli særleg viktig ved slik organisering.

6. Regelverk

  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tenester mv (sosialtenestelova)
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetenesta (internkontrollforskrifta)
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart
  • Delegering av mynde etter lov om sosiale tenester
  • Instruks for sosial- og barnevernsleiar
  • Kopi av 6 individuelle planar
  • Kopi av 10 enkeltvedtak
  • Rutinar for søknad om avlastning
  • Rutinar for søknad om støttekontakt
  • Oversikt over dei som arbeider i avlastning
  • Oversikt over oppdragstakarar
  • Oversikt over engasjement

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester
  • 13 søknader med vedtak om avlastnings-/korttidsplass

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn 19.02.07
  • Brev med oversending av dokument frå kommunen 22.03.07
  • Ettersending av kommunen 10.4.07 med oversending av etterspurde dokument
  • Brev frå Fylkesmannen 18.04.07 med plan for tilsynsdagen

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Anni Felde

Helse- og sosialsjef

X

X

X

Randi Skarstein

Sosial- og barnevernsleiar

X

X

X

Hilde Yndestad Halland

Pleie- og omsorgssjef

X

Solveig Marie Lange

Hjelpepleiar

X

X

Jorunn Landstad

Sjukepleiar

X

X

Beate O. Kronberg

Leiar rehabliteringstenesta

X

X

Aase Ryssdal Sæther

Fysioterapeut/miljøarbeidar

X

Anne Marie Eide

Omsorgsarbeidar

X

Eva Sæterøy

Avlastar

X

Sissel Mølmesdal

Støttekontakt

X

Bente Folkestad

Støttekontakt

X

Eyolf Johnsen

Støttekontakt

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Rådgjevar Anne Margrethe Haugen, revisor
Seksjonsleiar Arne Røyrvik, revisjonsleiar