Helsetilsynet

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Avlastningstiltak for personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid, jf. sosialtenestelova § 4-2 bokstav b
  • Støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem, jf. sosialtenestelova § 4-2 bokstav c
  • Sikring av at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter

Fylkesmannen avdekka eitt avvik:

  • Gaular kommune sikrar ikkje at det skjer ei oppfølging av utføring av oppdraga som avlastning og støttekontakt.

Dato: 24.09.07

Arne Røyrvik
revisjonsleiar
Anne Margrethe Haugen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Gaular kommune i perioden 20.02 – 22.08.07. Revisjonen er eit landsomfattande tilsyn med avlastnings- og støttekontakttenesta for 2007 og går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6, jf. kommunelova kap. 10 A.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfattar å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Gaular kommune hadde pr. 01.01.07 eit folketal på 2 719 og har vore nokså stabilt dei siste åra. Kommunen har 41 sjukeheimsplassar noko som utgjer 22,9 % dekning for eldre over 80 år. I tillegg har dei 18 omsorgsbustader som er 10 % dekning for same aldersgruppe. I tillegg har kommunen under bygging 6 omsorgsbustader som vil står ferdig mot slutten av året.

Det vert opplyst å vere eit sterkt behov for plass i sjukeheim, noko som medfører at det til tider vert overbelegg. Tidlegare plass(ar) til avlastning vert no brukt til fast opphald.

Kommunen har organisert med fagsjefar i rådmannen si leiargruppe. Helse- og sosialsjefen har ansvar for heile helse- og sosialsektoren og er fagleiar for pleie- og omsorgstenestene. Fram til 01.10.07 er han også barnevernsleiar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 20.02.07. Oversikt over dokument som kommunen har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 21.08.07.

Intervju
14 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 2.08.07.

4. Kva tilsynet omfatta

Område 1: Tildeling av avlastningstenester

Det vart her sett på om kommunen gir relevant informasjon til søkjarane, om tildeling av avlastning skjer uavhengig av diagnose og alder og sakshandsamaren sin kompetanse. Det vart klarlagt om det skjer relevant utgreiing av alle søkjarar, individuell vurdering i den enkelte sak og det vert kravd vederlag/eigenbetaling. Vidare vart det undersøkt om avlastning vert sett i verk snarast mogleg og om midlertidige og alternative tiltak vert sett i verk der det ikkje var mogleg å gi avlastning straks.

Område 2: Tildeling av støttekontakttenester

Også her vart det sett på om kommunen gir relevant informasjon til søkjarane og om tildeling av støttekontakt skjer uavhengig av diagnose og alder. Relevant utgreiing av alle søkjarar og individuell vurdering i den enkelte sak vart klarlagt. Vidare vart det undersøkt om støttekontakt vart sett i verk snarast mogleg og om midlertidige og alternative tiltak vert sett i verk i tilfelle der det ikkje var mogleg å gi støttekontakt straks.

Område 3: Avlastarane og støttekontaktane sine kunnskapar og ferdigheiter

Under dette området vart kommunen sin vurdering av krav til støttekontaktane og avlastarar undersøkt. Det vart klarlagt i kva grad det vert gitt nødvendig opplæring og rettleiing både før dei starta og undervegs. Det vart også sett på kva rutinar det er for oppfølging og evaluering og om støttekontakt/avlastar vart trekt inn i dette arbeidet.

5. Funn

Avvik

Gaular kommune sikrar ikkje at det skjer ei oppfølging av utføring av oppdraga som avlastning og støttekontakt.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Sosialtenestelova § 2-1, jf forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4.

Avviket byggjer på følgjande:

  • Det er ikkje system for rapportering til næraste overordna frå avlastningstiltaket.
  • Det er ikkje system for rapportering frå støttekontaktane.

Kommentarar:
Kommunen sine sosiale tenester som avlastning og støttekontakt er i stor utstrekning basert på engasjement av enkeltpersonar. For å sikre at tenestene vert utført forsvarleg, vil opplæring, oppfølging og rapportering bli særleg viktig ved slik organisering.

6. Regelverk

  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tenester mv (sosialtenestelova)
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetenesta (internkontrollforskrifta)
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart Gaular kommune
  • Organisasjonskart helse, sosial, pleie og omsorg i Gaular kommune og endring frå 01.10.07
  • Delegasjonsreglement med vedtaksfullmakter
  • Sakshandsaming, ansvar og vedtaksfullmakter
  • Prosedyrar/rutinar – pleie og omsorg
  • Prosedyrar/rutinar - sosialkontoret
  • Søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester
  • 8 enkeltvedtak med oppdragsavtalar
  • Oversyn over tilsette, tilsette i avlastningsbustad og støttekontaktar
  • HMT, Kvalitetsutvikling, Avvik
  • Rettleiar for individuell plan

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Vedtaksprotokoll for pleie- og omsorgstenesta for 2006 og 2007
  • 15 personmapper med søknader om pleie- og omsorgstenester
  • 4 personmapper for personar som mottek avlastningstiltak

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn, brev av 20.02.07
  • Brev med oversending av dokument frå kommunen 05.07.07
  • Brev frå Fylkesmannen 09.08.07 med plan for tilsynsdagane
  • Brev frå kommunen 16.08.07 med namn på dei skal intervjuast

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Helene Hagenes

Sosialleiar

X

X

X

Therese Brakstad

Avd.sjukepl. heimetenesta

X

X

X

Venke Kårstad

Avd.sjukepl. avd. 1

X

X

X

Terje Nyland

Gruppeleiar Skagetunet

X

X

X

Ann-Helen Søgnen

Sjukepl. heimetenesta

X

X

 

Line Hjorhaug

Sjukepl. avd. 1

 

X

 

Harme Fureli

Sjukepl. avd. 2

 

X

 

Astrid Heggheim

Psykiatrisk sjukepleiar

X

X

X

Anita Bjørsvik

Omsorgsarb. Skagetunet

 

X

 

Kari Klopstad

Miljøarb./ass. Skagetunet

 

X

 

Ida Aven

Støttekontakt

 

X

 

Lisbeth Berg

Støttekontakt

 

X

 

Ole Nes

Koordinator funksjonsh./fysioterapeut

 

X

 

Kjell Idar Dvergsdal

Helse- og sosialsjef

X

X

X

Roger Lundekvam

Leiar psykiatritenesta

X

 

X

Anita Eide Kvamme

Avd.sjukepl. avd. 1

   

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Rådgjevar Anne Margrethe Haugen, revisor
Seksjonsleiar Arne Røyrvik, revisjonsleiar