Helsetilsynet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

  • Avlastningstiltak for personar og familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid, jf. sosialtenestelova § 4-2 bokstav b
  • Støttekontakt for personar og familiar som har behov for dette på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem, jf. sosialtenestelova § 4-2 bokstav c
  • Sikring av at avlastarar og støttekontaktar har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter

Fylkesmannen avdekka eitt avvik:

  • Eid kommune sikrar ikkje at alle deler av avlastningstenesta er gratis.

Det var gitt ein merknad:

  • Eid kommune har ikkje innarbeida system for rapportering frå avlastningstiltak

Dato: 28.06.07

Arne Røyrvik
revisjonsleiar
Anne Margrethe Haugen
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Eid kommune i perioden 20.02 – 31.05.07. Revisjonen er eit landsomfattande tilsyn med avlastnings- og støttekontakttenesta for 2007 og går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6, jf. kommunelova kap. 10 A.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfattar å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Eid kommune hadde pr. 01.01.07 eit folketal på 5 848 og har vore nokså stabilt dei siste åra. Kommunen har 63 sjukeheimsplassar noko som utgjer 24,1 % dekning for eldre over 80 år. I tillegg har dei 34 omsorgsbustader som er 12,9 % dekning for same aldersgruppe.

Det vert opplyst å vere eit sterkt behov for plass i sjukeheim, noko som medfører at det til tider vert overbelegg.

Kommunen har organisert med kommunesjefar i rådmannen sin stab. Kommunesjef for pleie- og omsorg har ansvar for pleie- og omsorgstenestene i og utanfor institusjon. Avlastning for eldre blir gitt i sjukeheim. Kommunesjef for sosial- og barnevernstenester har ansvar for sosialtenesta der støttekontakt er organisert og vernepleietenester som har ansvar for avlastning til funksjonshemma.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 20.02.07. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 08.05.07.

Intervju
13 personar blei intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Sluttmøte blei halde 09.05.07.

4. Kva tilsynet omfatta

Område 1: Tildeling av avlastningstenester

Det vart her sett på om kommunen gir relevant informasjon til søkjarane, om tildeling av avlastning skjer uavhengig av diagnose og alder og sakshandsamaren sin kompetanse. Det vart klarlagt om det skjer relevant utgreiing av alle søkjarar, individuell vurdering i den enkelte sak og det vert kravd vederlag/eigenbetaling. Vidare vart det undersøkt om avlastning vert sett i verk snarast mogleg og om midlertidige og alternative tiltak vert sett i verk der det ikkje var mogleg å gi avlastning straks.

Område 2: Tildeling av støttekontakttenester

Også her vart det sett på om kommunen gir relevant informasjon til søkjarane og om tildeling av støttekontakt skjer uavhengig av diagnose og alder. Relevant utgreiing av alle søkjarar og individuell vurdering i den enkelte sak vart klarlagt. Vidare vart det undersøkt om støttekontakt vart sett i verk snarast mogleg og om midlertidige og alternative tiltak vert sett i verk i tilfelle der det ikkje var mogleg å gi støttekontakt straks.

Område 3: Avlastarane og støttekontaktane sine kunnskapar og ferdigheiter

Under dette området vart kommunen sin vurdering av krav til støttekontaktane og avlastarar undersøkt. Det vart klarlagt i kva grad det vert gitt nødvendig opplæring og rettleiing både før dei starta og under vegs. Det vart også sett på kva rutinar det er for oppfølging og evaluering og om støttekontakt/avlastar vart trekt inn i dette arbeidet.

5. Funn

Avvik

Eid kommune sikrar ikkje at alle deler av avlastningstenesta er gratis.

Avvik frå følgjande myndigheitskrav:

  • Sosialtenestelova § 4-2 bokstav b, jf. § 4-3 og forskrift til same lov § 8-2 pkt. 3.

Avviket byggjer på følgjande:

  • I vedtak om avlastningsopphald vert det stilt krav om at pårørande må sjølv ordne transport til og frå avlastningstiltaket
  • I intervju vart det opplyst at det vert sett krav om at pårørande bringar og hentar brukar av avlastningstiltaket.

Kommentarar:
I kommentarane til lova i rundskriv I 1/94 pkt. 4.2.2 b) avlastning, på side 74, vert det i opplisting av kva som vert omfatta av avlastning og som skal vere gratis, nemnt følgje, transport, mat m.m.

Merknad

Eid kommune har ikkje innarbeida system for rapportering frå avlastningstiltak

Myndigheitskrav:

  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetenesta § 4

Merknaden byggjer på følgjande:

  • I intervju vert det opplyst at det ikkje er skriftelege eller faste muntlege rapporteringar frå avlastningstiltak

Kommentarar:
For å sikre god kvalitet, og at det ikkje skjer brot på lov eller forskrift, er det viktig med gode rapporteringsrutinar. Mangel på slike rutinar kan medføre at brot på lov eller forskrift ikkje vert rapportert vidare.

6. Regelverk

  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tenester mv (sosialtenestelova)
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetenesta (internkontrollforskrifta)
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Organisasjonskart Eid kommune
  • Administrativ organisering av Eid kommune
  • Delegasjonsreglement
  • Rutinar ved oppretting av oppdragsavtalar (støttekontakt/avlastar)
  • Skjema - Søknad om støttekontakt
  • 5 vedtak på støttekontakt, 5 vedtak på avlastning
  • 4 individuelle planar
  • Oversikt over støttekontaktar
  • Tilsette i døgnavlastning

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Skjema – Søknad om tenester frå pleie- og omsorgsavdelingane i Eid kommune
  • Retningsliner for inntaksteamet i Eid kommune

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn, brev av 20.02.07
  • Brev med oversending av dokument frå kommunen 16.04.07
  • Oversikt over tilsette i døgnavlastning 20.04.07
  • Brev frå Fylkesmannen 27.04.07 med plan for tilsynsdagane

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

>
Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Kari Krogh

Kommunesjef

X

X

X

Rune Engeseth

Kommunesjef

X

X

X

Lars Inge Bjørneset

Avd.leiar, vernepleietenesta

X

X

Øyvind Hervik

Sosialleiar

X

X

Sidsel Kongsvik

Sosialkonsulent

X

X

Marianne Salveson

Avd.leiar, heimetenestene

X

X

X

Berit N Kragseth

Sjukepleiar, heimetenestene

X

X

Sølvi N. Rydland

Avd.leiar, Eid sjukeheim

X

X

Bodil Johnson

Fagarbeidar, avlastningsbustad

X

Camilla Johansen

Assistent, avlastningsbustad

X

Ingunn Balsnes

Støttekontakt

X

Else Monsen

Støttekontakt

X

Stig Sefland

Støttekontakt

X

Frå tilsynsorganet deltok:
Rådgjevar Anne Margrethe Haugen, revisor
Seksjonsleiar Arne Røyrvik, revisjonsleiar