Rapport frå tilsyn med helse- og sosialtenestene til heimebuande eldre i Flora kommune (2007)
Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som vart påpeikte innanfor dei områda som vart reviderte. Tema for tilsynet var om kommunen har sørga for nødvendige helse- og sosialtenester, og at desse er forsvarlege.
Tilsynet var avgrensa til følgjande område:
- Kommunen si sakshandsaming ved tildeling av tenester
- Utføring av heimesjukepleie, praktisk bistand, støttekontakt
- Legemiddelhandteringa
- Kontroll med eiga verksemd
Det er utarbeidd rutinar for sakshandsaminga, og denne vert utført av personell med nødvendig kompetanse. Tenesta har teke i bruk elektronisk dokumentasjon- og sakshandsamingsverktøy. Det er ikkje rutine for systematisk evaluering og gjennomgang av vedtaka, og det vert vanlegvis ikkje fatta nye vedtak ved endring i tenestetilbodet. Dei ansvarlege for tenesta er kjende med at ikkje alle som er tildelt heimesjukepleie har fått skriftleg vedtak om dette.
Verksemda har utarbeidd skriftlege retningslinjer for å sikre at dei grunnleggande behova til tenestemottakarane skal verte ivaretekne. Det vert teke omsyn til fysiske, psykiske og sosiale behov ved tildeling og utføring av helse- og sosialtenester. Det vert samhandla med fastlegane slik at brukarane får nødvendig legetilsyn. Det er utarbeidd skriftlege retningslinjer for legemiddelforsyninga. Verksemda har rutinar for melding av avvik, men avvik vert ikkje nytta på ein systematisk måte til læring og forbetring av tenestene.
Det vart gjeve eit avvik og to merknader:
Avvik 1:
Verksemda har ikkje sikra at rutinane for sakshandsaming ivaretek brukarane sin rett til medverknadMerknad 1:
Tenesta bør vurdere om talet på tenesteytarar til den enkelte tenestemottakar kan reduserast
Merknad 2:
Tenesta bør vurdere om rutinane for legemiddelhandtering sikrar forsvarleg tillaging og utdeling av medikament til brukarane
Dato: 18.04.07
Anne Eli Wangen
revisjonsleiar Gudrid Buene
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Flora kommune i perioden 20.12.06 – 18.04.07. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane dette året.
Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2. Fylkesmannen fører tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekke, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- tiltaka vert følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga vert følgd
Ein systemrevisjon vert gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeike betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Flora kommune har organisert tenestene sine i tre stabseiningar, 34 tenesteeiningar og 5 tenestenettverk med Rådmannen som øverste overordna. To av tenesteeiningane har ansvar for mellom anna helse- og sosialtenester til heimebuande eldre. Tenesteeiningane er leia av ein avdelingsleiar, har ein nestleiar, og er delte inn i ulike grupper med kvar sine gruppeleiarar. Ved dette tilsynet intervjua vi tilsette ved ei tenesteeining; Furuhaugane bu- og servicesenter. Eininga er delt i fire grupper, og har 67 årsverk delt på 120 tilsette. Tenesta har utfordringar med å rekruttere sjukepleiarar i stillingane. Mange av dei tilsette med utdanning på vidaregåande nivå vil gå av som følgje av oppnådd alder dei næraste åra. Omsorgstenesta i Flora kommune har teke i bruk elektronisk pasientdokumentasjon- og sakshandsamingsverkty; CosDoc.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel vart sendt ut 20.12.06. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Opningsmøte vart halde 15.03.07.
Intervju
7 personar vart intervjua.
Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.
Det vart gjennomført synfaring ved to medisinrom på Furuhaugane Bu og servicesenter.
Sluttmøte vart halde 15.03.07.
4. Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var om kommunen har sørga for nødvendige helse- og sosialtenester, og at desse er forsvarlege.
Tilsynet var avgrensa til følgjande område:
- Kommunen si sakshandsaming ved tildeling av tenester
- Utføring av heimesjukepleie, praktisk bistand, støttekontakt
- Legemiddelhandteringa
- Kontroll med eiga verksemd
5. Funn
Avvik 1:
Verksemda har ikkje sikra at rutinane for sakshandsaming ivaretek brukarane sin rett til medverknad
Avvik frå: Lov om saksbehandlinga i forvaltningssaker §§ 12, 3. ledd og 23-25, jf kommunehelsetenestelova § 2-1 og lov om sosiale tenester § 8 -1, jf også internkontrollforskrifta § 4.
Avviket byggjer på følgjande:
- Det er utarbeidd skriftlege rutinar for sakshandsaming ved tildeling av tenester etter kommunehelsetenestelova og sosialtenestelova. Det er også utarbeidd skjema for søknad om tenester. Dei intervjua opplyste om at det alltid skal liggje føre skriftleg søknad før sakshandsaming. I sakene som var lagt fram i forkant av tilsynet, mangla søknadskjema for fire av åtte tenestemottakarar. For ein av dei resterande fire var det lagt fram søknad i ei av sakene.
- Dei intervjua opplyste om at søknad om tenester skal vere underskriven av søkar, og at søknaden vert sendt tilbake til søkar dersom søkaren ikkje har skrive under. I følgje tenesta sine rutinar for sakshandsaming, skal søknad vere underskriven av søkar. Viss ikkje, skal det ligge føre skriftleg fullmakt. I ei av sakene tilsynet fekk framlagt, var søknad skriven under av andre enn søkar utan at fullmakt låg føre. Ein søknad var underskriven av sjukepleiar i spesialisthelsetenesta. I denne saka var det ikkje spor av dialog mellom søkar og kommune før vedtak.
- Tenesta har utarbeidd samtykkeskjema som omfattar søkar sitt samtykke til innhenting av ulik informasjon frå ulike tenester. Dette skjema inneheld ikkje opplysningar om fullmakt /representasjon. Gjennom intervju gjekk det fram at dei tilsette ikkje har felles forståing for korleis samtykke og skriftleg fullmakt vert sikra dersom søkar let seg representere av andre/ bruk av fullmektig.
- Tenesta har utarbeidd skriftleg prosedyre for vurdering av samtykkekompetanse og dokumentasjon når slik kompetanse manglar. Gjennom intervjua gjekk det fram at dei tilsette ikkje er kjende med denne prosedyren. Det gjekk også fram at dei tilsette ikkje er kjende med reglane om vurdering av samtykkekompetanse og kva rutinar tenesta har for å ivareta dette.
- Dei intervjua opplyste om at det vert gjort kartlegging av søkar sitt funksjonsnivå med bruk av IPLOS-skjema før vurdering, tildeling og vedtak om tenester. Vedtaka som tilsynet gjekk gjennom inneheld slik kartlegging, men i nokre av vedtaka var kartlegginga gjort etter at vedtaket var fatta. Det var ikkje lagt fram anna dokumentasjon for kartlegging og vurdering av tilstand/behov.
- Vurderinga som ligg til grunn for vedtaka i dei sakene tilsynet gjekk gjennom, mangla opplysningar om fagleg skjønn og kva som er vektlagt. Den faglege vurderinga av hjelpebehovet er ikkje dokumentert. Det mangla også opplysningar om kva tenester det er søkt om.
- Vedtak om støttekontakt som tilsynet har motteke, er avgrensa til 47 veker per år, med tilvising til at støttekontakten har krav på ferie. Av desse vedtaka gjekk det også fram at søkar sjølv måtte ta initiativ til å få nytt vedtak.
- Opplysningane om klagerett som gjekk fram av vedtaka, inneheld ikkje tilbod om- eller informasjon om rett til å få hjelp til å setje fram klage.
- Det er utarbeidd informasjonsskriv om heimetenestetilbodet. I dette skrivet går det fram at heimetenesta ikkje utfører mellom anna innkjøp av varer. Det vert opplyst at det vert gjeve hjelp til å bestille varer frå butikk.
- Gjennom intervju gjekk det fram at ikkje alle som får heimesjukepleie har fått utarbeidd skriftleg vedtak på tildelinga. Det gjekk også fram at dei ansvarlege for tenesta er kjende med dette.
- Tenesta har ikkje rutine for systematisk gjennomgang og evaluering av skriftlege vedtak som er utarbeidd, eller rutine for å endre skriftlege vedtak som er fatta slik at desse vert i samsvar med endra behov og faktiske endringar i tenestene som vert gjeve.
- Tenesta har utarbeidd system for melding av avvik og avvikshandsaming. Dei intervjua opplyste om at det vert meldt avvik, og at dei no melder avvik elektronisk i CosDoc. Det var meldt 32 avvik i 2006. Dei intervjua opplyste om at avvika som vert melde ikkje vert nytta på ein systematisk måte til læring og i forbetring av tenestene.
- Dei intervjua opplyste om at det ikkje på ein systematisk måte vert gjennomført internundervisning og opplæring av nytilsette /vikarar.
Kommentar:
Tildeling av mellom anna heimesjukepleie, heimehjelp og støttekontakt skal reknast som enkeltvedtak etter forvaltningslova, jf kommunehelsetenestelova § 2-1 og sosialtenestelova § 8-1. Dette inneber mellom anna at vedtaket skal vere skriftleg og grunngjeve, jf forvaltningslova §§ 23 og 24. Grunngjevinga skal innehalde lovgrunnlaget vedtaket byggjer på, kva faktiske forhold som er lagt til grunn og kva skjønn (vurdering) som er gjort, jf forvaltningslova § 25.
Part har rett til å klage på- og å få hjelp til og klage på vedtaket, jf forvaltningslova §§ 11 og 28. For at part skal kunne klage på vedtak, må vedtaket vere skriftleg og innehalde dei opplysningane som går fram ovanfor. Part kan bruke fullmektig i alle trinn i sakshandsaminga. Fullmektig som ikkje er advokat, må leggje fram skriftleg fullmakt. Dette går fram av forvaltningslova § 12, 3.ledd. Det må gjerast ei konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle ved tildeling av mellom anna støttekontakt, og etter sosialtenestelova § 4-3 jf § 4-2c, har alle som søker tenester rett til å få individuell behandling.
Dersom det vert gjort vedtak om praktisk hjelp (heimehjelp) i ettertid, kan kommunen ikkje krevje betaling for praktisk bistand før tenestemottakaren er gjort kjend med kommunen sin rett til å krevje vederlag, jf kommentarane til § 8-3 i forskrift til sosialtenestelova kap 8. Vi syner også til rundskriv I-6/2006 av 13.12.06 frå Helse- og omsorgsdepartementet om ”presisering av regelverk for egendelsbetaling for sosiale tenester”, der det mellom anna vert orientert om tolkinga av betalingsreglane i forhold til tryggleiksalarmar og matombringing, og vist til reglane om inntektskjerming. Kommunen pliktar å gje hjelp til mellom anna innkjøp av mat dersom dette er nødvendig, jf rundskriv I-1/93 s. 107, og forskrift til sosialtenestelova § 8-2 der det mellom anna går fram kva tenesta ”praktisk bistand” skal innehalde.
Helsepersonell sine oppgåver når det gjeld vurdering av samtykkekompetanse ved yting av helsehjelp, og kva som må gjerast når slik samtykkekompetanse manglar, går fram av lov om pasientrettar kap.4. Samtykkekompetansen kan falle bort heilt eller delvis av ulike årsaker, mellom anna senil demens. Dersom det vert teke avgjerd om manglande samtykkekompetanse i høve helsehjelpa som skal ytast, skal denne avgjerda vere skriftleg og grunngjeven, og den skal om mogleg straks leggjast fram for pasient og pårørande, jf lov om pasientrettar § 4-3. Vi syner også her til internkontrollforskrifta § 4 bokstavane c, og f-h.
Merknad 1:
Tenesta bør vurdere om talet på tenesteytarar til den enkelte tenestemottakar kan reduserast
Merknaden byggjer på følgjande:
- Det vert utarbeidd arbeidslister til kvar vakt der dei tilsette vert fordelte på dei ulike tenestemottakarane. Dei tilsette i kvar avdeling arbeider både ute i heimetenestene og inne på institusjonen. Personalet må ta seg av uventa hendingar og alarmar. For å unngå at slike hendingar fører til forseinkingar og dermed unødig venting for pasientane, kontaktar personalet kvarandre og endrar på arbeidslista. Dersom det vert forseinkingar meir enn om lag ein time, vert brukar varsla eller andre pleiarar overtek.
- Av dokumentasjonen som var tilsendt i forkant av tilsynet, gjekk det fram at det var tenestemottakarar som kunne ha 22 tenesteytarar innom i løpet av to veker. Dei intervjua opplyste om at brukarar med omfattande hjelpebehov og som har tilsyn fleire gonger i døgeret, ikkje kjenner til kven som kjem innom frå gong til gong.
- Det gjekk fram at dei ansvarlege for tenesta er kjende med problemstillinga med at brukarane må forholde seg til mange tilsette, og at det vert arbeidd med å få til ny ordning med primærsjukepleie.
Merknad 2:
Tenesta bør vurdere om rutinane for legemiddelhandtering sikrar forsvarleg tillaging og utdeling av medikament til brukarane
Merknaden byggjer på følgjande:
- Tenesta har utarbeidd skriftlege retningslinjer for legemiddelforsyninga. Dei intervjua opplyste om at medisin (vekedosettar) skal tillagast ut frå oppdatert medisinliste i
- CosDoc. Denne lista skal vere godkjend av lege. Etter sjukehusopphald fører sjukepleiar eventuelle endringar i medisineringa på medisinlista i CosDoc ut frå opplysningar i førebels epikrise. Kopi av førebels epikrise og oppdatert medisinliste vert sendt til fastlegen for godkjenning per post. Gjennom intervju gjekk det fram at som følgje av sein postgang, eller at fastlege ikkje alltid er til stades, hender det at dosettane vert tillaga ut frå medisinliste som ikkje er godkjent av fastlege. I slike tilfelle vert førebels epikrise nytta som medisinliste.
- Dei intervjua opplyste om at hjelpepleiarar/ omsorgsarbeidarar deltek i legemiddelforsyninga. Dei som deltek har gjennomgått opplæring / kurs i legemiddelhandtering, og har fått skriftleg delegasjon frå lege. Dei skriftlege delegasjonane som vart lagde fram for tilsynet, og som galdt subcutane injeksjonar, var knytta til den enkelte pasient. Det gjekk ikkje fram kva tidsintervall delegasjonen var gyldig for.
- Av dei 32 avvika som var melde, galdt 29 legemiddelforsyninga. Samstundes gjekk det fram at avvik ikkje vert nytta på ein systematisk måte til læring og til forbetring av tenestene.
Tilsynet har elles merka seg:
- Det vert gjennomført IPLOS kartlegging av søkarar/tenestemottakarar av tilsette som har fått opplæring og som har tilstrekkeleg kompetanse. Brukarar/pårørande deltek og vert høyrde i kartlegginga. Det vert teke omsyn til fysiske, psykiske og sosiale behov, og vurdering av hjelpebehov vert utført av tilsette med nødvendig kompetanse. Vurderinga vert formidla til den som skriv vedtaket. Når det vert fatta skriftleg vedtak, vert tenestemottakar orientert om vedtaket både skriftleg og munnleg. Det vert ytt tenester før vedtak er fatta dersom dette vert vurdert som nødvendig.
- Det er utarbeidd skriftlege retningslinjer for å søke og sikre at dei grunnleggande behova til tenestemottakarane vert ivaretekne. Dei tilsette rapporterer fortløpande om endringar i tilstand og hjelpebehov til dei ansvarlege for tenestene, og dei faktiske hjelpetiltaka vert endra ut frå dette. Tenesta samarbeider og samhandlar med fastlegane slik at brukarane får legetilsyn ved behov. Ingen av tenestemottakarane dette tilsynet omfatta, hadde fått utarbeidd Individuell plan.
6. Regelverk
- Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
- Lov av 13. desember 1991 om sosiale tjenester
- Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
- Lov av 2 juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v
- Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
- Forskrift om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste
- Forskrift om legemiddelforsyningen m.v i den kommunale helsetjeneste
- Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene for tjenesteyting etter lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene og ………..
- Forskrift om internkontroll i helse- og sosialtjenesten
- Forskrift om individuell plan
7. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som vart send over då revisjonen vart førebudd:
- Årsrapport 2006:
- Furuhaugane Bu- og servicesenter
- Omsorgsteneste Eikefjord
- Rus, psykiatri og sosialomsorg - Utdrag frå Økonomiplan for Flora kommune 2007-2010
- Plan for eldreomsorg
- Utdrag frå årsrapport 2005
- Handlingsprogram 2007 for dei aktuelle tenestene
- Informasjonsfolder om omsorgstenestene i Flora – mai 2006
- Organisasjonskart – Administrativ organisering Flora kommune 2007
- Organisasjonskart – Helse- og sosialtenesta Flora kommune 2007
- Kopi av leiaravtale for Flora kommune
- Arbeids- og ansvarsdeling i pleie- og omsorgstenesta
- Stillingsomtale i omsorgstenesta
- Oversikt over tilsette ved Furuhaugane bu- og servicesenter
- Turnusplan – Open omsorg, Furuhaugane bu- og servicesenter
- Innhaldsoversikt – møte og delegasjonsreglement for Flora kommune
- Innhaldsoversikt – Kvalitetshandbok for tenestene helse, sosial og pleie- og omsorg
- Kopi av Kvalitetshandbok – Systemdel
- Innhaldsoversikt – Internkontrollhandboka til ”omsorgsteneste Eikefjord, Krokane og Havreneset”
- Rutinar/prosedyrar
Rutinekart for tildelingssaker i Omsorgstenesta
Oversikt over CosDoc / Kvalitetsystem
Vurdering av samtykkekompetanse
Registrering av søknad
Igangsetting av sakshandsamingsprosessen
Vurderingsbesøk- kartlegging av tenestebehov
Vedtak
Melding om vedtak
Respekt/tryggleik/foutsigbar teneste
Heimebesøk/tilsyn
Sjølvstende og styring av eige liv
Fysiologiske behov
Medisinsk behandling/nødvendig tannbehandling
Akutt sjukdom i heimen
Verdig livsavslutning
Dødsfall i heimen
Overtaking av medikasjon til brukar
Medisinering
Rutine til å handtere medisiner
Oppbevaring av A og B preparat
Tilgang til medisinrom
Medisinendringar etter utskriving frå sjukehus
Prosedyre avvik
Rutine for behandling av avvik
Kopi av skjema:
- Administrasjon av medikament for pasient
- Løyve til å sette s.c injeksjonar for hjelpepleiar/omsorgsarbeidar med medisinkurs
- Tidsavgrensa løyve/delegering av legemiddelhandtering for sjukepleiarstudentar i praksis i open omsorg
- Internkontroll A og B preparat
- Kopi av IPLOS- registreringskort
- Avvikskjema
Oversikt over tilsette med løyve til administrering av medikament for hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar i Open omsorg Eikefjord
Mal for individuell plan; barn, vaksne frå CosDoc
Mal for individuell plan – brukt av sosialtenesta /dei som ikkje brukar CosDoc
Opplæringsplan - Startpakken
Opplæring 2006
Opplæring 2007
Prosjektplan for omsorgsprosjekter våren 2007
Prosjekt ”Omsorg og styring på pc og nett” –samarbeidsprosjekt mellom 7 kommunar
Kopi av sak – ”Invitasjon til deltaking i nettverk av kvalitet i omsorgssektoren”
Kopi av notat: Kompetanseutvikling i Omsorg
Acos CosDoc – for pleie- omsorg og rehabilitering – Opplæringsprogram m/ PowerPoint presentasjon
Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Narkotikaprotokoll
- Perm med skjema – dobbelkontroll ved tillaging av legemiddel - vekedosettar
- Perm med skriftlege delegasjonar – legemiddelforsyninga
- Medisinkort
- Elektronisk pasientdokumentasjon - CosDoc
- Perm med avviksmeldingar
Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen/Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:
- Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Flora kommune av 20.12.06 med melding om tilsyn.
- Brev med vedlegg frå Flora kommune til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane av 26.02.07.
- Brev med vedlegg frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Flora kommune av 01.03.07 – dagsorden for tilsynet.
- E-post frå Flora kommune til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane av 09.03.07.
- E-post med vedlegg – endra dagsorden for tilsynet, frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Flora kommune av 09.03.07.
- Brev med vedlegg frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Flora kommune av 09.03.07 – endra dagsorden for tilsynet.
8. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som vart intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Stine Hovland Herdis H. Book Hildegunn Isene Elisabeth Aven Else Nes Brandsøy Stein Inge Dregelid Marianne Nekkøy Janne Marie Leite Evy Renate Bjørnseth Sverre Indredavik Anita Solvang |
Nestleiar /sjukepleiar Gruppeleiar/sjukepleiar Omsorgsfagleg konsulent Folkehelsekoordinator Hjelpepleiar Sjukepleiar Hjelpepleiar Sjukepleiar Avd.leiar/sjukepleiar Kommunalsjef Omsorgsfagleg konsulent/koordinator |
X X X X X X X X X |
X X X X X X X |
X X X X X X X X X X |
Frå tilsynsorganet deltok:
Rådgjevar Gudrid Buene, revisor
Folkehelserådgjevar Bjørg Eikum Tang, revisor
Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen, revisjonsleiar