Rapport frå tilsyn med Helse Førde HF, Prehospital klinikk, Førde sentralsjukehus, Akuttmottak (2007)
Helsetilsynet i Sogn og Fjordane
Ved dette tilsynet blei det konstatert avvik frå lov eller forskrift. Tilsynsmyndigheita har vurdert dei tiltaka som er sette i verk som tilstrekkelege. Tilsynet er derfor avslutta.
Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
7. Regelverk
8. Dokumentunderlag
9. Deltakarar ved tilsynet
Samandrag
Denne rapporten gjer greie for dei avvika som blei påpeikte innan dei reviderte områda. Tilsynet var innretta mot Helse Førde HF, Prehospital Klinikk, Førde sentralsjukehus, Akuttmottaket.
Systemrevisjonen omfatta følgjande:
- Mottak og prioritering av pasientar
- Undersøking og diagnostisering av pasientar
- Observasjon og medisinsk oppfølging av pasientar i ventetid før overføring til post.
Tilsynet har avdekt manglar ved helseføretaket si styring (internkontroll) med helsetenester som blir gitt i Akuttmottak. Manglane i styringssystemet fører til at pasienttryggleiken i Akuttmottak er noko redusert, men ikkje så mykje at han blir vurdert til å vere uforsvarleg.
Ved tilsynet blei det påpeikt fem avvik frå krav i helselovgjevinga:
Avvik 1
Det er feil i stillingsinstruksen til medisinsk rådgjevar i Akuttmottak/FAM. Av stillingsinstruksen går det fram at vedkomande overlege har eit overordna ansvar for all medisinsk aktivitet i avdelinga. Det faktiske og det formelle ansvaret for pasientbehandlinga ligg i linja ved at medisinske legar har ansvaret for medisinske pasientar og kirurgiske legar har ansvaret for kirurgiske pasientar
Avvik 2
Helse Førde gjev ikkje systematisk opplæring til turnuslegane om arbeid og rutinar i Akuttmottak.
Avvik 3
Det er ikkje utført systematisk risikovurdering av verksemda i Akuttmottak.
Avvik 4
Avvik blir ikkje alltid melde, retta opp eller brukt til forbetring.
Avvik 5
Helse Førde føretek ikkje systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for Akuttmottak for å sikre at den fungerer slik som føresett.
Dato: 11.06.07.
Helga Arianson
revisjonsleiar Anne Eli Wangen
revisor
1. Innleiing
Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon ved Helse Førde HF, Prehospital klinikk, Førde sentralsjukehus, Akuttmottak 3.- 4. mai 2007. Tilsynet er del av det landsomfattande tilsynet med spesialisthelsetenesta i 2007 og går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hjå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane i dette året.Helsetilsynet i fylket har fullmakt til å føre tilsyn med helsetenesta etter lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.
Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:
- kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
- tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
- tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd
Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.
Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gir derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet verksemda har gjort innanfor dei områda som tilsynet omfatta.
- Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
- Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finn grunn til å påpeke betringspotensial
2. Omtale av verksemda - spesielle forhold
Det er om lag 106 000 innbyggjarar i opptaksområdet til Førde sentralsjukehus. Akuttmottak disponerer 8 undersøkingsrom på dagtid og 7 undersøkingsrom på kveld. I krisesituasjonar er det høve til å plassere 10-15 pasientar i korridor og venteareal. I 2006 tok Akuttmottak i mot 6632 pasientar som Ø-hjelp. Pleipersonellet er tilsette i Akuttmottak. Dei klininske avdelingane er ansvarlege for pasientane når pasientane oppheld seg i Akuttmottak Kirurgiske og medisinske turnuslegar er til stades på sjukehuset heile døgeret. Legar i spesialisering er til stades på sjukehuset heile døgeret unnateke natta. Overlegar har vaktteneste på sjukehuset deler av døgeret, og har elles heimevakt.
3. Gjennomføring
Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:
Revisjonsvarsel blei sendt ut 29.01.07.
Opningsmøte blei halde 03.05.07.
Intervju: 21 personar blei intervjua.
Det blei gjennomført synfaring ved akuttmottaket 03.05.07.
Sluttmøte blei halde 04.05.07.
Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under tilsynet, går fram i kapitlet Dokumentunderlag.
4. Kva tilsynet omfatta
Tema for tilsynet var helseføretaket si planlegging og gjennomføring av tiltak for å sikre at pasientar får forsvarleg behandling i Akuttmottak. Det var særleg fokus på mottak og prioritering av pasientar, undersøking og diagnostisering, observasjon og medisinsk oppfølging av pasientar i ventetida før overføring til post.
5. Funn
Avvik 1
Det er feil i stillingsinstruksen til medisinsk rådgjevar i Akuttmottak/FAM. Av stillingsinstruksen går det fram at vedkomande overlege har eit overordna ansvar for all medisinsk aktivitet i avdelinga. Det faktiske og det formelle ansvaret for pasientbehandlinga ligg i linja ved at medisinske legar har ansvaret for medisinske pasientar og kirurgiske legar har ansvaret for kirurgiske pasientar.
Avvik frå: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4 a, jf Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3.
Avviket byggjer på følgjande:
- Stillingsinstruksen (PRE.AKK.02.01-3) seier at medsisinsk rådgjevar i Akuttmottak har eit overordna ansvar for all medisinsk aktivitet i Akuttmotaket og at vedkomande har instruksjonsrett over alt personale når det gjeld utføring/assistanse innan medisinsk verksemd.
- Behandlingsansvaret for kirurgiske pasientar ligg til Kirurgisk avdeling når dei er i Akuttmottak, jf prosedyre KIR.KIR.07-1
- Behandlingsansvaret for medisinske pasientar når dei er i Akuttmottak ligg til medisinsk avdeling, jf prosedyre MED.MED.FSS.07.01.
- Det er ikkje faste møte eller arenaer for å samordne rutinar mellom Medisinsk klinikk, Kirurgisk klinikk og Prehospital klinikk.
Avvik 2
Helse Førde gjev ikkje systematisk opplæring til turnuslegane om arbeid og rutinar i Akuttmottak.
Avvik frå: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4 c, jf Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3.
Avviket byggjer på følgjande:
- Dei skriftlege prosedyrane for opplæring av turnuslegar blir ikkje alltid følgde.
- Turnuslegane får ikkje alltid den skriftlege informasjonen om arbeid i Akuttmottak som avdelingsleiinga (medisinsk avdeling og kirurgisk avdeling) har bestemt.
- Det kjem ofte nye turnuslegar som har frå 8 - 26 veker teneste ved medisinsk eller kirurgisk avdeling og mange får difor ikkje lang erfaring før dei sluttar.
- Turnuslegane får tidleg stort ansvar i Akuttmottak.
- Turnuslegane må sjølve stå for ein del opplæring av kvarandre.
Avvik 3
Det er ikkje utført systematisk risikovurdering av verksemda i Akuttmottak.
Avvik frå: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4 f, jf Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3.
Avviket byggjer på følgjande:
- Direktøren har ikkje etterspurt ei samla risikovurdering om verksemda i Akuttmottak frå dei aktuelle tre klinikkane.
- Det er varierande og ujamn kompetanse hjå sjukepleiarar og turnuslegar som møter og vurderer Ø-hjelp pasientane i Akuttmottak.
- Det er ikkje faste møte eller arenaer for å samordne rutinar mellom Medisinsk klinikk, Kirurgisk klinikk og Prehospital klinikk.
Avvik 4
Avvik blir ikkje alltid melde, retta opp eller brukt til forbetring.
Avvik frå: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4 g, jf Lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3.
Avviket byggjer på følgjande:
- Alle turnuslegane er ikkje kjende med rutinar for melding av avvik.
- Alle avvik blir ikkje melde og er difor ikkje kjende for leiinga.
- Mange avvik blir teke opp munnleg med dei invovlerte.
- Klinikkdirektørane brukar oversikter over avvik til styring, men desse oversiktene er ikkje fullstendige fordi alle avvik ikkje blir melde.
- Det har utvikla seg ulik meldekultur mellom sjukepleiarar og legar, der legane som oftast tek opp avvik munnleg, mens sjukepleiarane oftare melder skriftleg.
Avvik 5
Helse Førde føretek ikkje systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for Akuttmottak for å sikre at den fungerer som føresett.
Avvik frå: Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten § 4 h, jf lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3.
Avviket byggjer på:
- Leiinga av dei tre aktuelle klinikkane har ikkje gjennomgått drifta av Akuttmottak saman.
- Det ligg føre fleire prosedyrar som ikkje er oppdaterte.
- Det er utarbeidd prosedyre for internrevisjon, men slike er ikkje gjennomført i Akuttmottak.
6. Vurdering av styringssystemet i verksemda
Ansvaret for pasientbehandlinga går i linje. Det er difor ein feil i stillingsinstruksen til medisinsk fagleg rådgjevar i akuttmottak.
Det er sett i verk tiltak for å sikre nødvendig opplæring og vedlikehald av kompetanse av sjukepleiarane i Akuttmottak. Det er utarbeidd skriftlege prosedyrar for opplæring av turnuslegane, men desse blir ikkje alltid følgde og turnuslegane får ikkje systematisk opplæring om arbeid i Akuttmottak. Det er ikkje gjort ei samla og systematisk risikovurdering av Akuttmottak, til dømes av at det er varierande og ujamn kompetanse hjå sjukepleiarar og turnuslegar, og om meir erfarne legar burde vere meir tilgjengelege i Akuttmottak.
Det er utarbeidd skriftlege prosedyrar på dei fleste områda. Desse er tilgjengelege, men alle er ikkje oppdaterte. Det er system for avviksbehandling. Alle er ikkje kjende med rutinane. Alle avvik blir ikkje melde og er difor ikkje kjende for leiinga. Mange avvik blir teke opp munnleg, ofte berre med den eller dei involverte. Leiinga bruker oversikter over avvik til forbetring, men oversikta er ikkje fullstendig. Det er ikkje gjennomført interne revisjonar eller anna aktivitet som kan beskrivast som leiinga sin gjennomgang av drifta i Akuttmottak.
7. Regelverk
- Lov av 30. mars 1984 nr 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
- Lov av 2. juli 1999 nr 61 om spesialisthelsetjenesten m.m
- Forskrift av 21. desember 2000 nr 1385 om pasientjournal
- Forskrift av 20. desember 2002 nr 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten
8. Dokumentunderlag
Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold, send over i samband med førebuing av tilsynet:
- Årleg melding 2006 frå Helse Førde HF
- Organisasjonskart for helseføretaket
- Målsetting for Akuttmottak/FAM
- Oversikt over tilsette i Akuttmottak
- Oversikt over tilsette legar ved medisinsk avdeling
- Oversikt over tilsette legar ved kirurgisk avdeling
- Stillingsinstruks for Adm.direktør, Helse Førde
- Stillingsomtale medisinsk rådgjevar i Akuttmottak/FAM
- Stillingsinstruks for avdelingssjef - Akuttmottak
- Stillingsinstruks for oversjukepleiar
- Funksjonsbeskriving for avdelingssjef – Medisinsk avdeling, Helse Førde
- Funksjonsbeskriving ambulansepersonell i akuttmottak
- Stillingsinstruks for avdelingssjef – Kirurgisk avdeling
- Leiaravtale mellom klinikkdirektør og adm.direktør – Helse Førde - mal
- Arealskisse Akuttmottak
- Oversikt over personell på vakt i Akuttmottak; dag, kveld og natt – bemanningsplan
- Oversikt over organisering av arbeidet i Akuttmottak inkl. legar, røntgen og laboratoriet
- Oversikt over ansvarlege for pasienten i Akuttmottaket
- Opplæringsplan nytilsette sjukepleiarar i Akuttmottak
- Informasjonsskriv – Velkommen til Akuttmottak
- Sjekkliste for gruppeleiarfunksjonen
- Gruppeleiarfunksjonen
- Skriftlege prosedyrar og rutinar:
Samarbeid med andre avdelingar
Mottak av pasientar i akuttmottak
Rutinar ved mottak av pasientar i mottak – kirurgisk avdeling
Generelle rutinar for mottak av pasientar - Akuttmottak
Undersøking og diagnostisering av pasientar i Akuttmottak
Observasjon og medisinsk oppfølging i ventetid for overføring til post
Oppfølging av nytilsette
Varsling av traumeteam
Ansvar for polikliniske pasientar – Akuttmottak
Overlevering av medisinsk ansvar frå lege til lege – polikliniske pasientar
Retningslinjer for legar på vakt – Kirurgisk avdeling
Retningslinjer for vakthavande assistentlege – Medisinsk avdeling
Rutinar for vakthavande assistentlege ved Medisinsk avdeling
Innføring av nytilsette legar/vikarar
Ansvarsforhold ved vaktskifte – ortopedisk avdeling
Retningslinjer for vaktarbeid – ortopedisk avdeling
Ansvar og samarbeid om pasientar i seksjon Intensiv
Mottak av pasient med smitte i Akuttmottak
Mottak av listepasientar i akuttmottak – ortopedisk avdeling
Sjukepleiedokumentasjon i Akuttmottak
Fugleinfluensa
Handtering av pasientar som er kolonisert eller infisert av særleg antibiotikaresistente bakteriar
Kriseblod ved luftambulanseoppdrag
Pasientar direkte til sengeavdeling
Rutinar for elektronisk rekvirering av blodprøvar
Rutinar for Akuttmottak ved syning av døde
Prosedyre for planlegging og organisering av interne kvalitetrevisjonar
Prosedyre for gjennomføring og oppfølging av interne kvalitetrevisjonar
Melding om intern revisjon (Skjema – revisjonsvarsel)
Sjekkliste for intern revisjon
Handlingsplan – oppfølging av intern revisjon
Intern revisjon rapport
Samarbeid med andre avdelingar Akuttmottak
Tilvising til anestesi/operasjon frå kir/ort. poliklinikk
Tilvising til undersøking ved Radiologisk avd. Seksjon Førde
Varsling av traumeteam
Bruk av smitterom ved kirurgisk poliklinikk
Førebuing av traumepasientar til radiologisk avdeling
Open retur pasientar
Overtaking av polikliniske pasientar
Rutinar for akuttmottak ved sjølvmordsforsøk
Prosedyre for melding om forbetringsforslag og uønska/tilløp til uønska hendingar (avviksmeldingar)
Skjema for melding om uønska/tilløp til uønska hendingar og forbetringsforløp
Skjema – Melding til fylkeslegen
Avvikshandtering i Helse Førde- flytskjema
Sjekkliste – Utsjekk av ambulansepersonell i akuttmottak
Informasjon til alle nye legar ved Medisinsk avdeling, Sentralsjukehuset
Informasjon til turnuslegar ved medisinsk avdeling
Informasjon til turnuslegar ved kirurgisk og ortopedisk avdeling
Velkommen som kortidsvikar i akuttmottak
Funsksjonsbeskriving for turnuslege, kirurgisk avdeling
Funksjonsbeskriving for turnuslege, ortopedisk avdeling
Funksjonsbeskriving for assistentlege, ortopedisk avdeling
Funksjonsbeskriving for overlege, ortopedisk avdeling
Funksjonsbeskriving for listeansvarleg
Tilvising til Ø.hjelp- undersøkingar – Radiologisk avdeling
PAL – Pasientansvarleg lege – ortopedisk avdeling
Retningslinjer for pasientansvarleg lege ved kirurgisk avdeling, SSSF
Oversikt over legar på vakt – medisinsk avdeling
Sjukepleiar frå Akuttmottak si rolle i hjartestansteamet og krav til utsjekk
Varslingsliste ved katastrofer – Katastrofeplan Førde – Anestesiavdelinga
Instruks - Katastrofemottak - Katastrofeplan – Førde
Traumehandsaming
Multitraume - arbeidsfordeling
Kopi av brev til fagdirektøren – status for drifta per august 2005
Kopi av møtereferat – Elektronisk rekvirering av ØH- prøvar Akuttmottak
Kopi av brev til Klinikkdirektøren av 09.mars 2007 – Kartlegging av tilfelle av hjartestans ved Sentralsjukehuset
Oversikt over innleggingar 2006
Oversikt over gjennomsnittleg liggetid – akuttmottak september 2004, 2005
Skjematisk Oversikt – traumestatistikk
Statistikk – hjartestans 2006
Kopi – skjema Innkomstrapport
Skjema – BEST
Enkel ROS analyse
Dokumentasjon motteken i e-post
Stillingsinstruks for Fagdirektør Helse Førde
Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:
- Journalnotat, prejournal og sjukepleiedokumentasjon for pasientar
Dokumentasjon som blei lagt fram under revisjonsbesøket
- Organisasjonskart Helse Førde
- Organisasjonskart Medisinsk avdeling
- Prosedyre for gjennomføring og oppfølging av interne kvalitetsrevisjonar
- Prosedyre for revisjon av kvalitetsystemet
- Retningslinjer for vakthavande assistentlege – Medisinsk avdeling FSS
- Rutinar for vakthavande assistentlege ved medisinsk avdeling
- Oversikt - Antall driftsavvik Medisinsk avdeling Helse Førde
- Kriterie for varsling av lege
- Instruks – Medikamentdelegering Akuttmottak
- Prosedyre – Medikamentdelegering til sjukepleiar i akuttmottak ( ikkje godkjend)
- Oversikt over medikamenter for personlig delegering i Akuttmottak
Korrespondanse mellom verksemda og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane:
- Brev frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF melding om tilsyn av 29.01.07.
- Brev med vedlegg frå Helse Førde HF, Førde Sentralsjukehus til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane av 02.03.07.
- Brev med vedlegg - program for tilsynet - frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF, Førde Sentralsjukehus av 29.03.07.
- Brev med vedlegg - revidert program for tilsynet - frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Helse Førde HF, Førde Sentralsjukehus av 19.04.07.
9. Deltakarar ved tilsynet
Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.
Namn |
Funksjon / stilling |
Opningsmøte |
Intervju |
Sluttmøte |
---|---|---|---|---|
Tom Ole Dyrstad |
Avdelingssjef, Akuttmottak |
x |
x |
x |
Øystein Helland |
Lege i spesialisering, Kirurgisk avdeling |
x |
x |
x |
Ingrid Alm Andersen |
Lege i spesialisering, Kirurgisk avdeling |
x |
x |
|
Geir B. Øverland |
Overlege, Kirurgisk avdeling |
x |
x |
x |
Nils Sletteskog |
Avdelingssjef, Kirurgisk avdeling |
x |
x |
x |
John David Johannessen |
Turnuslege, Kirurgisk avdeling |
x |
x |
|
Sigmund Bernhardsen |
Overlege, Anestesi, Medisinsk rådgjevar i Akuttmottak |
x |
x |
x |
Arve Varden |
Direktør, Medisinsk klinikk |
x |
x |
x |
Anne Margrethe Øvsthus |
Direktør, Kirurgisk klinikk |
x |
x |
x |
Jon Bolstad |
Administrerande direktør |
x |
x |
x |
Line Tangsveen Underhaug |
Fagutviklingssjukepleiar, Akuttmottak |
x |
x |
x |
Ellen Bjelke |
Oversjukepleiar, Akuttmottak |
x |
x |
x |
Grethe Svardal |
Sjukepleiar, Akuttmottak |
x |
x |
x |
Wenche Anita H. Bruland |
Sjukepleiar, Akuttmottak |
x |
x |
x |
Terje Olav Øen |
Direktør, Prehospital klinikk |
x |
x | |
Torgeir Finjord |
Lege i spesialisering, Medisinsk avdeling |
x |
x | |
Tove Hovland |
Seniorrådgjevar |
x | ||
Mary Helen Lunde |
Turnuslege, Medisinsk avdeling |
x |
||
Ole Lervik |
Lege i spesialisering, Medisinsk avdeling |
x |
||
Jack Johansen |
Overlege, Medisinsk avdeling |
x |
||
Finn Johan Halvorsen |
Overlege, Seksjonsleiar Medisinsk avdeling |
x |
||
Hans Johan Breidablik |
Fagdirektør |
Telefon-intervju |
Frå Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Helga Arianson, fylkeslege, Helsetilsynet i Hordaland, leiar
Anne Barkve Andersen, fylkessjukepleiar, Helsetilsynet i Rogaland
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar, Helsetilsynet i Sogn og Fjordane