Helsetilsynet

Samandrag

Systemrevisjonen omfatta følgjande område:

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at vaksne personar med alvorleg psykisk liding får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp langs ei tidslinje med tre fasar, oppstartfasten, iverksettingsfasen og oppfølgingsfasen. i desse fasane skulle vi sjå nærmare på perspektiva brukarmedverknad, koordinering, individualisering og fagleg forsvarlege tenesteyting. God individuell tilpassing av tenestetilbodet vil for eksempel måtte baserast på brukarmedverknad, og brukarmedverknad, individualisering og koordinering vil ofte vere føresetnader for at tenestetilbodet er fagleg forsvarleg.

I Bremanger kommune fann vi at vaksne personar med alvorleg psykisk liding kan ta kontakt med eit lågterskeltilhod, tenester vart ytt relativt raskt, og tenestene vart koordinert og fortløpande evaluert i ulike samarbeidsmøter. Vi fann at 4 av 10 personar hadde individuelle planar. Psykiatritilbodet i Bremanger er eit dagtilbod. På kveld og i helg/høgtid er det legevakt/tbstlege, heimesjukepleie/opa omsorg og bakvaktsordning som tek i vare også denne gruppa. Vi ser at det blir fatta vedtak og beslutningar og tilrettelagt før individuelle tiltak, innan dei områda tilsynet omfatta vart det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike avvik ..Det vart gjeve ei merknad.

Merknad

Tilsynet ser at kommunen har f personar med fagkompetanse på området, og dette gjer tenesta sårbar og utsett til dømes ved endring i personalsituasjonen.

Dato: 29.05 .2007

Kari Vold Olsen
revisjonsleiar
Astrid Tveit
revisor

 

 

Turid Måseide
revisor

 

 

1 Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Bremanger kommune 7. og 8. mai 2007. Det er eit landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar 2007. Tilsynet omhandlar også vaksne personar med psykisk liding og rusmiddelmisbruk, og psykisk liding og psykisk utviklingshemming. Tilsynet inngår i den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane inneverande år.

Dette tilsynet omfattar deler av helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom, og fokus var retta mot dei enkelte deltenestene og korleis kommunen fekk desse til å fungere saman.

Fylkesmannen som ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta og helsetilsynet i fylket som ansvarleg for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport.

Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga innafor dei områda tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Bremanger kommune har gjort innafor dei områda som tilsynet omfattar.

  • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav i eller i medhald av lov.
  • Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.

2 Om verksemda - særlege tilhøve.

Bremanger kommune har eit folketal på 3968 pr. 01.01.07. Kommunen mottek kr

Tenestene i Bremanger kommune er organisert i ein to-nivå modell, med einingar for helseteneste, psykiatriteneste (psykiatriteamet), sosiale tenester, pleie- og omsorgstenesta, rehabiliteringstenester og tenester til personar med psykisk utviklingshemning. Kommunen er geografisk oppdelt med to store øyar og to senter på fastland, og den spredte busetnaden er ei utfordring både ved planlegging av tenestetilbodet i kommunen og i høve til kor tilgjengeleg tenestetilbodet er for brukarane. Pleie og omsorgstenestene er organisert i soner i dei forskjellige områda, og personell frå psykiatriteamet er deltidstilsette også i desse tenestene, og på den måten prøver kommunen å sikre tilgjengelegheit og rimeleg kontinuitet i høve brukarane.

Eining for psykiatriteneste er eit lågterskeltilbod der hjelpeapparatet eller brukarar sjølve kan henvende seg. Kommunen har og ein bustad som er bemanna på dag-/kveidstid fram til kl 22.30. Psykiatritenesta yter tenester på dagtid, men på kveld, helgar og høgtid er det legevakta som tek eit stort ansvar. Legetenesta og psykiatriteamet har faste møter ein gong kvar månad, der ein tek opp og informer om og evaluerer relevant behandling o.l.

3 Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel om tilsyn vart sendt ut 28. februar 2007

Opningsmøte vart halde 7. mai 2007

Intervju:
13 personar vart intervjua

Sluttmøte vart halde 8. mai 2007

Oversikt over dokument og opplysningar som Bremanger kommune har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 8.

4 Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom fåtr forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp langs ei tidsline med tre fasar. Kommunen sine oppgåver innanfor kvar av desse har samanheng med og kan påverke dei andre:

Oppstartsfasen - om kommunen sikrar:

  • Tilgjengelege sosial- og helsetenester som fangar opp behov for tenester, og evt henviser til rett instans
  • Forsvarleg utgreiing og planlegging av tenstebehovet i samarbeid med tenestemottakar
  • At det vert fatta beslutning/vedtak som tilrettelegg for tenester og tiltak

Iverksetjingsfasen — om kommunen sikrar:

  • At tenester/tiltak vert iverksett innan forsvarleg tid
  • At tenester/tiltak vert iverksett i tråd med planar, vedtak og beslutningar
  • At kriser og svingande sjukdomsforløp vert handtert på ein forsvarleg måte

Oppfølgingsfasen — om kommunen sikrar:

  • Tilstrekkeleg kontinuitet og stabilitet i tenesteytinga slik at tenestemottakaren opplever forutsigbarheit og tryggleik i sin kvardag
  • At nye/endra tenestebehov vert fanga opp, og at nødvendige endringar vert iverksett på ein samordna måte

I høve til kvar fase er det også undersøkt om kommunen oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga om:

  • Brukarmedverknad
  • Samordning mellom dei ulike tenestene
  • Individuelt tilpassa tenestetilbod til den enkelte Forsvarleg tenesteyting

5 Funn

Avvik

Det vart ikkje funne grunnlag for avvik frå lov eller forskrift på dei områda tilsynet omfatta.

Merknader

Tilsynet ser at kommunen har få personar med fagkompetanse på området, og dette gjer tenesta sårbar og utsett med omsyn til/t.d. ved endring i personalsituasjonen.

6 Styringssystemet til verksemda

Tilsynet fekk framlagt organisasjonskart og stillingsomtalar for leiarpersonane i kommunen. I psykiatriplanen er psykiatritenesta skildra. Vidare kom det fram at det er faste møtestrukturar både vertikalt og horisontalt i organisasjonen. Leiar for psykiatritenesta har hatt ein informasjonsrunde til andre tenesteområder i kommunen, for å sikre at flest mogleg kjenner psykiatritilbodet og kan rettleie nye brukarar til rett tilbod. Det har vore vanskeleg for kommunen å f tilsett personell med relevant kompetanse i psykiatristillingane. I påvente av folk som no er under opplæring, er det tilsett hjelpepleiarar i vikariat. Desse rar rettleiing frå psykiatrisk sjukepleiar. Det var laga ein del skriffiege prosedyrer på fleire av områda. Kommunen har avviksordning, men det kom fram at forståinga for kva som skulle meldast var noko ulik. Det kom også fram at systematisk registrering av tenesteytarar og tenestemottakarar/ pårørande sine erfaringar og systematisk forbetringsarbeid ikkje vart gjort. Det kom ikkje fram at det vart gjort systematisk overvaking av tenesteområda tilsynet omhandla for å avdekke eventuelle risikoområder.

7 Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrifi av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjoumal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

8 Dokumentunderlag

Dokumentasjon som vart tilsendt frå kommunen:

1. Årsmeldinger for open omsorg indre og ytre, PPT/Helse og sosial. Vedlegg i a,b,c Opptrappingsplan psykisk helsearbeid. Vedlegg I d Psyskisk helsearbeid i Bremanger kommune. Vedlegg 1 f.

2. Organisasjonskart for Bremanger kommune. Vedlegg 2a. Organisasjonskart for open omsorg indre. Vedlegg 2b. Organisering av PLO. Vedlegg 2c.Informasjon om sosial! PPT/helse. Vedlegg 2d.

3. Stillingsbeskrivingar: Vedlegg 3aj. Prosjektskisse. Vedlegg 3k. Delegasjonsreglement. Vedlegg 31. Tilsettingsreglement. Vedlegg 3m.

4. Permisjonsreglement. Vedlegg 3n. Leiaravtale 3o. Sjå vedlegg til punkt 2 og 3.

5. Oversikt på tilsette i psykiatritenesta. Vedlegg 5. Sjå også under punkt 2 og 3.

6. Sender mail som viser at der er inga skriftleg samarbeidsavtale mellom kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde enno. Vedlegg 6a og b.

7. Vurdering av kompetansebehov er vurdert i opptrappingspianen. Opplæringspianen for 2007 er enno ikkje ferdig. Stipendmidlar. Vedlegg 7a.

8. Oversikt bruk av psykiatrimidlar 2006. Vedlegg 8a. Psykiatrimidlane for 2007 er fordelt, men oversikta er ikkje ferdig enno.

9. Søknadskjema. Vedlegg 9a.

10. IP.Vedlegg 10

11. Prosedyrer i psykisk helsearbeid. Dette er noko vi arbeidar med. Dci er enno ikkje heilt ferdige. Vedlegg 11 a - j. Sjekkliste for nyansatte. 11 k. Informasjon om Elvavegen. 11 L.

12. Journalar2stk.

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

13 .10 journalar!saksmapper frå både sosial-, pleie- og omsorgstenesta og psykiatritenesta

14. Avviksperm

15. Referat frå personalmøter

16. Vekeplan for tilsette

17. Hugseliste for brukarar

18. Arbeidsbeskrivelse for aktivitør

19. Kartleggingsskjema til bruk ved saksutgreiing

20. Informasjonsflyt ved sosialkontoret i Bremanger kommune

21. Plan for psykososial intervensjon

22. Beredskapsplan for helsemessig og sosial beredskap for Bremanger kommune

23. Melding om timeavtale

9 Deltakarar ved tilsynet

Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Anne Kristin Bråten 

Fagleg leiar psykisk helse 

X

X

X

Kristin Landås 

hjelpepleiar 

X

X

 

Margunn Solheim 

vikar for psykiatrisk sjukepi. 

X

 

Marit Nybø Frøyen 

spesialhjelpepleiar 

X

X

 

Gerd Barstad 

sjukepleiar 

X

X

 

Siv Holmøy 

vernepleiar 

X

X

 

Lillian Sande 

hjelpepleiar 

X

X

 

Aase-Turid Standal 

Hjelpepleiar heimesjukepleie 

 

X

 

Åse-Irene Korneliussen 

Rådgjevar i pleie og omsorg

X

X

X

Randi Ytrehus 

Driftssjef sosial/PPT/helse

X

X

X

Lillian Hareide 

Driftssjef open omsorg indre

X

X

X

Liv Marit Boen  

Ass.adm.sjef/personalsjef    

X

Frå Fylkesmannen deltok:

Astrid Tveit, revisor
Turid Måseide,revisor
Kan Vold Olsen, revisjonsleiar