Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1 Innleiing
2 Om verksemda - særlege tilhøve.
3 Gjennomføring
4 Kva tilsynet omfatta
5 Funn
6 Styringssystemet for sosial- og helsetenestene
7 Regelverk
8 Dokumentunderlag
9 Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Systemrevisjonen omfatta følgjande område:

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at vaksne personar med alvorleg psykisk liding får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp langs ei tidslinje med tre fasar, oppstartfasten, iverksettingsfasen og oppfølgingsfasen. I desse fasane skulle vi sjå nærmare på perspektiva brukarmedverknad, koordinering, individualisering og fagleg forsvarlege tenesteyting. God individuell tilpassing av tenestetilbodet vil for eksempel måtte baserast på brukarmedverknad, og brukarmedverknad, individualisering og koordinering vil ofte vere nødvendige føresetnader for at tenestetilbodet er fagleg forsvarleg.

I Vågsøy kommune fann vi at vaksne personar med alvorleg psykisk liding har tilbod om tenester som er organisert som eit lågterskeltilbod. Tenestene vart ytt relativt raskt, og tenestene vart koordinert og fortløpande evaluert i ansvarsgruppe- eller andre samarbeidsmøter. Vi fann at 7 av 10 personar hadde individuelle planar. Psykiatritilbodet i Vågsøy er eit dagtilbod. På kveld og i helg/høgtid er det legevakt/fastlege, heimetenestene som tek i vare denne gruppa. Vi ser at det blir fatta vedtak og beslutningar og tilrettelagt for koordinerte og individuelle tiltak.

Innan dei områda tilsynet omfatta vart det ikkje avdekt forhold som gav grunnlag for å påpeike avvik eller merknader.

Dato: 26.06.2007

Kari Vold Olsen
revisjonsleiar
Astrid Tveit
revisor

 

 

1 Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Vågsøy kommune 5. og 6. juni 2007. Det er eit landsomfattande tilsyn med kommunale helse- og sosialtenester til vaksne med psykiske lidingar 2007. Tilsynet omfattar og vaksne personar med psykisk liding og rusmiddelmisbruk og psykisk liding og psykisk utviklingshemming. Tilsynet inngår i den planlagde tilsynsverksemda til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane inneverande år.

Dette tilsynet omfattar deler av helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn frå Helsetilsynet i fylket og sosiale tenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn frå Fylkesmannen. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er blant dei mest kritiske faktorane ved tenesteyting til personar med psykisk sjukdom, og fokus var retta mot dei enkelte deltenestene og korleis kommunen fekk desse til å fungere saman.

Fylkesmannen som ansvarleg for tilsynet med sosialtenesta og Helsetilsynet i fylket som ansvarleg for tilsynet med helsetenesta, har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Det er utarbeidd ein felles rapport.


Tilsynet blei utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgjevinga

innafor dei områda tilsynet omfattar

  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • om tiltaka er gode nok for å sikre at lovgjevinga blir følgd

Rapporten handlar om dei områda revisjonen omfattar og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdering av det arbeidet Vågsøy kommune har gjort innafor tenestetilbodet heimla i helse- og sosialtenestene generelt.

  • Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav i eller i medhald av lov.
  • Merknad er tilhøve som ikkje kjem inn under definisjonen, men der tilsynet med utgangspunkt i krav frå styresmaktene avdekkjer potensial for betring.

2 Om verksemda - særlege tilhøve.

Vågsøy kommune hadde 6064 innbyggarar pr 01.01.07.

Tenestene i Vågsøy kommune er organisert i ein to-nivå modell, der psykisk helseteam og tradisjonelle heimetenester er organisert i eining Området Fastlandet og Bryggja. Dagsenter for psykisk helse, tradisjonelle heimetenester og tilbod til psykisk utviklingshemma er organisert i eining for Vågsøy, og koordinator for rus er organisert i eining for Familie og helse. Psykisk helseteam er eit lågterskeltilbod der hjelpeapparatet eller brukarar sjølve kan ta kontakt. Psykisk helseteam yter tenester på dagtid. For å sikre kontinuitet er det alltid to tenesteytarar i psykisk helseteam som har kjennskap til kvar tenestemottakar. På kveld, helgar og høgtid er det heimetenestene og legevakta som har ansvaret. Lege er med i tiltaksteamet som har møte kvar veke, og endringar vert teke opp der. Psykisk helseteam er tillagt ansvar for å peike ut koordinator ved utarbeiding av individuell plan, og i 7 av 10 journalar fann vi individuell plan og i 7 journalar fann vi referat frå ansvarsgruppemøter. For ein teneste-mottakar var det laga kriseplan til bruk når/hvis tilstanden endra seg.

3 Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel om tilsyn vart send ut 28. februar 2007

Sendt program 20.04.07

Telefonsamtale med lege Trond Inselseth 04.06.07

Opningsmøte vart halde 5. juni 2007

Intervju: 10 personar vart intervjua
Sluttmøte
vart halde 6. juni 2007

Oversikt over dokument og opplysningar som Vågsøy kommune har sendt over i samband med tilsynet og dokument som blei gjennomgått under tilsynet, er lista i kapittel 8.

4 Kva tilsynet omfatta

Tema for tilsynet var kommunen si planlegging og gjennomføring av tiltak som sikrar at personar med alvorleg psykisk sjukdom får forsvarlege tenester. Dei aktuelle problemstillingane er sett opp langs ei tidsline med tre fasar. Kommunen sine oppgåver innanfor kvar av desse har samanheng med og kan påverke dei andre:

Oppstartsfasen - om kommunen sikrar:


- Tilgjengelege sosial- og helsetenester som fangar opp behov for tenester, og evt henviser til rett instans
- Forsvarleg utgreiing og planlegging av tenstebehovet i samarbeid med tenestemottakar
- At det vert fatta beslutning/vedtak som tilrettelegg for tenester og tiltak

Iverksetjingsfasen – om kommunen sikrar:


- At tenester/tiltak vert iverksett innan forsvarleg tid
- At tenester/tiltak vert iverksett i tråd med planar, vedtak og beslutningar
- At kriser og svingande sjukdomsforløp vert handtert på ein forsvarleg måte

Oppfølgingsfasen – om kommunen sikrar:


- Tilstrekkeleg kontinuitet og stabilitet i tenesteytinga slik at tenestemottakaren opplever
forutsigbarheit og tryggleik i sin kvardag
- At nye/endra tenestebehov vert fanga opp, og at nødvendige endringar vert iverksett
på ein samordna måte

I høve til kvar fase er det også undersøkt om kommunen oppfyller krav i sosial- og helselovgjevinga om:

  • Brukarmedverknad
  • Samordning mellom dei ulike tenestene
  • Individuelt tilpassa tenestetilbod til den enkelte
  • Forsvarleg tenesteyting

5 Funn

Det vart ikkje funne grunnlag for avvik frå lov eller forskrift på dei områda tilsynet omfatta.

6 Styringssystemet for sosial- og helsetenestene

Tilsynet fekk framlagt organisasjonskart og leiaravtale for Vågsøy kommunen. Det er fast møtestruktur både vertikalt og horisontalt i organisasjonen. Det er laga informasjonsbrosjyre om tenesta som er distribuert internt i kommunen og til alle husstandar. Psykisk helseteam er ei tverrfagleg gruppe, der alle tilsette har spesialutdanning innan psykiatri. Ein gong kvar månad mottek dei rettleiing, undervisning og samarbeid rundt enkeltbrukarar frå spesialisthelsetenesta. Kommunen har avviksordning innanfor nokre områder, men det kom fram at forståinga for kva som skulle meldast var noko ulik. Det er gjort brukarundersøking 2006 og tiltak er sett i verk. Det er bestemt at dette skal gjerast årleg. Det kom fram at det vart gjort ei evaluering av tenesteområda i årsmeldinga. Anna systematisk overvaking av tenesteområda tilsynet omhandla for å avdekke eventuelle risikoområdermen, kom ikkje fram. Det var laga ein del prosedyrar på fleire av områda.

7 Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester mv
  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift av 23. desember 2004 nr. 1837 om individuell plan etter helselovgivningen
  • og sosialtjenesteloven
  • Forskrift av 28. juni 2001 nr. 765 om habilitering og rehabilitering
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetjenesten

8 Dokumentunderlag

Dokumentasjon som vart tilsendt frå kommunen:

1. Årsmelding 2006

2. Organisering i Vågsøy kommune, politisk og administrativ organisering 2006.
Lederavtale for Vågsøy kommune. Plan for verksemda. Virksomhetsplan for familie og
helse 2006
3. Tenesteleiarar helse- og sosial
4. Plan for bruk av opplæringsmidlar med vurdering av kompetansebehov

5. Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2008

6. Søknad om tenester

7. Nytt søknadsskjema frå april 2007

9. Mal individuell plan med rettleiar og evalueringsskjema

10. Oversikt over saksgangen

11. Prosedyre for kartlegging av behov og sakshandsaming for tildeling av tenester

12. Journalar 2 stk.

13. Brosjyre: Dagsentertilbudet på Vågsøy Omsorgssenter

14. Brosjyre: Psykisk helseteam i Vågsøy kommune

Dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket:

13 8 journalar/saksmapper frå både sosial-, pleie- og omsorgstenesta og psykiatritenesta

14 Rushandbok for Vågsøy kommune

15 Opplæringsplan for fast tilsette i området Vågsøy

16 Dagsplan for xx

17 Kriseplan ved depresjon hjå xx

18 Brosjyre: Velkommen som tilsett i Vågsøy kommune

19 Brosjyre: Informasjon til deg som er i ferd med å utvikle eit rusmiddelmisbruk

20 Informasjonsflyt ved sosialkontoret i Bremanger kommune

9 Deltakarar ved tilsynet

Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involverte i revisjonen.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Anita Solberg

Sjukepleiar

X

X

Vigdis Brunsvik

Psyk.hjelpepleiar

X

X

X

Sylvia Hammersvik

Sosionom

X

X

X

Solbjørg Iversen

Assistent

X

X

Gunnbjørg Liseth

Heimehjelp

X

X

Monika Lise F. Nygård

Psykisk helseteam

X

X

X

Tone Holvik

Tenesteleiar

X

X

X

Jeanette Jensen

Tenestelaiar

X

X

X

Laila K. Berg

Sjukepleiar

X

X

Randi Holm

Tenesteleiar

X

X

Ørjan Raknes Forthun

Rådmann

X

X


Frå Fylkesmannen deltok:

Astrid Tveit revisor
Turid Måseide revisor
Kari Vold Olsen revisjonsleiar