Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Omtale av kommunen -særlege tilhøve
3. Gjennomføring
4. Kva tilsynet omfatta
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentgrunnlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane gjennomførte i perioden 05.05.08 – 20.10.08 tilsyn med kommunale barnevern-, helse-og sosialtenester til barn i Årdal kommune.

Tilsynet omfatta tenester og tiltak til utsette barn i skulepliktig alder og ved overgangen frå barn til vaksen. Tilsynet undersøkte om dei tre kommunale tenestene, ved behov, samarbeider om å gje utsette barn og unge rette tiltak til rett tid. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 som Barne-og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har teke initiativ til.

Det vart ikkje påpeikt avvik eller gjeve merknader under dette tilsynet.

Dato: 20.10.08

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar
Jens Tore Eggum
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i perioden 05.05.08 – 20.10.08 gjennomført av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane. Tilsynet er ein del av eit landsomfattande tilsyn i 2008 med kommunale barnevern-, helse-og sosialtenester til utsette barn i skulepliktig alder og med overgangen av ansvar for tenester frå kommunalt barnevern til kommunal sosialteneste ved 18 eller 23 års alder.

Dette tilsynet omfatta barneverntenester etter barnevernlova og sosialtenester etter sosialtenestelova som er underlagt tilsyn av Fylkesmannen og helsetenester etter helselovgjevinga som er underlagt tilsyn av Helsetilsynet i fylket. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har oppnemnt eit felles tilsynslag for å gjennomføre tilsynet. Rapporten er utarbeidd i fellesskap, og oppfølging av eventuelle avvik vil verte koordinert av Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket.

Svikt oppstår ofte der fleire tenester og lovverk har tilgrensande eller overlappande formål og oppgåver. Barne-og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn har erfaring frå tilsyn som tyder på at ein må rette merksemda mot tenester til brukarar som har behov for samordna tenester. Dei barna som har behov for tenester frå barnevern-, helse-og/eller sosialtenester er sårbare og situasjonen til barna kan verte vesentleg forverra om kommunane ikkje klarer å møte behova og rettane deira.

Formålet med ein systemrevisjon er å vurdere om kommunen/bydelen ivaretek ulike krav i lovgjevinga gjennom internkontroll. Revisjonen omfattar undersøking av:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje avvik frå lovgjevinga innanfor dei tema tilsynet omfattar
  • om tiltaka blir følgde opp i praksis og om naudsynt korrigert
  • om tiltaka er tilstrekkelege for å sikre at verksemda er i samsvar med lovkrava

Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

Rapporten omhandlar eventuelle avvik og merknader som er avdekte under revisjonen og gjev derfor ikkje fullstendig vurdering av tilhøva i kommunen innanfor områda for tilsynet.

  • Avvik er mangel på oppfylling av krav gjeve i eller som følgjer av lov eller forskrift
  • Merknad er tilhøve som ikkje er i strid med krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift, men som Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket likevel finn grunn til å påpeike som aktuelle forbetringsområde.

2. Omtale av kommunen -særlege tilhøve

Årdal kommune har om lag 5500 innbyggjarar. Kommunen har organisert verksemda si i fire einingar under rådmannen. Tenesteområda er leia av kvar sin tenesteleiar. Kommunalsjef for forvaltning er tenesteleiar for mellom anna barnevernstensta, helsestasjon-og skulehelsetenesta og spesialomsorg. Psykisk helsevern er del av spesialomsorg. Sosialtenesta er i dag leia av tenesteleiar for tenesteområde utvikling. Dei ulike deltenestene har kvar sine administrative leiarar med fag-og personalansvar.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel vart sendt ut 05.05.08.

Oversikt over dokument verksemda har sendt i samband med tilsynet, er gitt i kapittelet Dokumentgrunnlag.  

Formøte vart halde 19.08.08.

Opningsmøte vart halde 03.09.08.

Intervju
13 personar vart intervjua.

Oversikt over dokumentasjon som vart gjennomgått under revisjonsbesøket er gjeve i kapittelet Dokumentgrunnlag.

Sluttmøte vart halde 04.09.08.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta undersøking av om dei kommunale barnevern-, helse-og sosialtenestene, som har kontakt med utsette barn i skulepliktig alder, sikrar at dei får naudsynt og rett hjelp til rett tid og på ei samordna måte. Tilsynet omfatta også undersøking av om barnevern-og sosialtenesta samarbeider om å leggje til rette eventuell overgang mellom dei to tenestene for ungdom ved 18 – 23 år. Vi undersøkte difor om kommunen legg til rette slik at tenestene kan gje naudsynt hjelp etter lovgjevinga. Det vart og undersøkt om kommunen sikrar, ved å følgje opp og å kontrollere, at praksis samsvarar med dei plikter kommunen har.

Tilsynet undersøkte nærare om tenestene og utøvarane hadde tilstrekkeleg kunnskap om oppgåvene til kvarandre, rammer og tenestetilbod slik at dei ved behov samarbeider om å fange opp og utgreie dei utsette barna.

Vidare omfatta tilsynet undersøking av om tenestene i tilstrekkeleg grad brukar og informerer kvarandre og samarbeider når det er behov for det. Som ein del av dette undersøkte tilsynet om det fanst rutinar for samarbeid, faste møtetider, klar og kjent oppgåvefordeling og liknande. Det vart undersøkt om det vert gjennomført medisinske undersøkingar ved behov, og om sosialtenesta vurderer behov for kontakt med barnevernet i saker der sosialtenesta yter stønad eller bistand til familiar.

Det vart vidare undersøkt om dei tre kommunale tenestene sikrar individuell planlegging når dei utarbeider tiltaksplanar etter barnevernlova eller individuelle planar etter helse-og sosiallovgjevinga. Tilsynet undersøkte også om dei tre tenestene, ved behov, samarbeider om å legge til rette og å gjennomføre individuelle planer og tiltaksplanar.

Tilsynet omfatta om dei samla tenestene og tiltaka til det einskilde barnet vert evaluert. Vi undersøkte nærare om evalueringane omfattar om barn og foreldre medverkar ved evaluering av tenester og tiltak, om alle møtes som avtalt, om dei ressursane som er vedteke brukt faktisk vert brukt, om det er klart kven som har teke på seg ansvar for dei ulike oppgåvene, konsekvensar av omorganiseringar og endringar i oppgåvefordeling og om kommunen har nådd dei måla som er sett for samarbeidet.

Tilsynet undersøkte vidare om kommunane i god tid førebur, og ved behov gjennomfører, overgang frå barnevern til sosialteneste ved 18-23 års alder saman med den aktuelle ungdomen.

Tilsynet undersøkte og om, og på kva måte, leiinga i kommunen følgjer med på at tenestene samarbeider om utsette barn og overgangen mellom barnevernet og sosialtenesta. Det vart for eksempel undersøkt om kommunen overvaker at vedtekne tiltak, prosedyrar og oppgåvefordeling er gjennomført i praksis, om tenestene har så god kjennskap til kvarandre at dei brukar kvarandre når det trengs, om det er vurdert kva område i samarbeidet som er sårbare for svikt, og om dei overvakar om tenestene fungerar som dei skal og at tiltaksplanar og individuelle planar vert evaluerte. Det vart og sett på om kommunen har oversikt over klager på dei tre tenestene og gjer bruk av desse til forbetring av tenestene.

Tilsynet undersøkte om kommunen har lagt til rette for, ved tilsetjingar, kartlegging av kompetansen til dei tilsette, opplæringstiltak og liknande, at tilsette i dei tre tenestene har tilstrekkeleg kompetanse til å kunne samarbeide når det trengst. Det vart og undersøkt om det er lagt til rette for bruk av tolk når det er naudsynt.

Tilsynet undersøkte om kommunen har system for dokumentasjon som sikrar den informasjonen som er naudsynt for samarbeid mellom tenestene.

5. Funn

Det vart ikkje funne avvik eller gjeve merknader under tilsynet.

6. Regelverk

  • lov om barneverntjenester av 17. juli 1992 nr. 100 (bvl.)
  • lov om helsetjenesten i kommunene av 19. november 1982 nr. 66 (khl.)
  • lov om sosiale tjenester mv av 13. desember 1991 nr. 81 (sotjl.)
  • forskrift om internkontroll for kommunens oppgaver etter lov om barneverntjenester av 14. desember 2005 nr. 1584
  • forskrift om internkontroll i sosial-og helsetjenesten av 20. desember 2002 nr. 1731
  • forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende virksomhet i helsestasjon og skolehelsetjenesten av 3. april 2003 nr 450 (forskrift om helsestasjon og skolehelsetj.)
  • forskrift av 23. desember 2004 nr 1837 om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven
  • lov om pasientrettigheter av 2. juli 1999 nr 63 (pasientrettighetsloven -pasrl.)
  • lov om helsepersonell mv av 2. juli 1999 nr 64 (helsepersonelloven – hlspl.)
  • lov om statlig tilsyn med helsetjenesten av 30. mars 1984 nr 15 (tilsynsloven)
  • forskrift om fastlegeordningen i kommunene av 14. april 2000 nr. 328.
  • forskrift om pasientjournal av 21. desember 2000 nr. 1385
  • lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 2. oktober 1967 (forvaltningsloven)
  • lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr 107 (kommuneloven – koml.)
  • lov om arbeids-og velferdsforvaltningen av 16. juni 2006 nr 20

7. Dokumentgrunnlag

Dokumentasjon frå kommunen knytt til dagleg drift og andre relevante høve, innsendt i samband med førebuinga av revisjonen:

  • Årsrapport 2007 Årdal kommune
  • Organisasjonskart
  • Organisasjonskart – tenesteeining sosial
  • Psykiatriplan for Årdal kommune 2007 – 2010
  • Oversikt over tilsette – barnevernstenesta
  • Oversikt over tilsette – sosialtenesta
  • Oversikt over tilsette – helsestasjon -skulehelsetenesta
  • Oversikt over tilsette -Spesialomsorg
  • Kopi av brevmal – stadfesting av motteken melding til barnevernstenesta
  • Kopi av administrativt vedtak – barnevernsleiar og stedfortredar for barnevernsleiar
  • Utgreiing om rutinar
  • individuell plan
  • Overgang barnevern -sosial
  • Samarbeid sosial -barnevern
  • Tilbakemelding frå PPT – samarbeid og melderutinar
  • Tilbakemelding frå Tangen skule – samarbeid og melderutinar
  • Tilbakemelding frå Farnes skule – samarbeid og melderutinar
  • Årdal kommune – sosialtenesta – Samtykkeerklæring
  • Kompetanseplan 2008 – tenesteområde sosiale tenester
  • Stillingsforklaring for:
    - leiar for sosialtenestene
    - helsesøster
  • Retningslinjer for utarbeiding av individuell plan Årdal kommune 2005
  • ”Barn og unge i fokus” Rettleiing til tverrfagleg samarbeid i Årdal kommune
  • Skjema – Samtykke til tverrfagleg samarbeid om barn og unge i Årdal kommune
  • Dokumentasjon som vart lagt fram under tilsynet:
  • Informasjon om skulehelsetenesta Årdal kommune
  • Målsetting for skulehelsetenesta
  • Kompetanseplan 2007 – tenesteområde Helsestasjon
  • Prosedyrar -Helsestasjon/skulehelsetenesta:
  • Teieplikt
  • Samarbeid med fysioterapitenesta
  • Samarbeid med fastlegen
  • Samarbeid med PPT
  • Samarbeid med barnevernet m/ meldeskjema
  • Samarbeid med barnevernet/miljøarbeidar
  • Samarbeid med BUP
  • Samarbeid med barnehabilitering
  • Samarbeid med områdepediater

Dokumentasjon som vart gjennomgått under tilsynet:

  • 8 journalar frå skulehelsetenesta
  • 15 klientmapper frå barnevernstenesta
  • 5 klientmapper frå sosialtenesta
  • 3 saker frå psykisk helseteneste

Korrespondanse mellom kommunen og Fylkesmannen:

  • Brev frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane til Årdal kommune – melding om tilsyn – av 05.05.08
  • Brev med vedlegg frå Årdal kommune til Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane av 04.08.08
  • Brev med vedlegg – dagsorden for tilsynet frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane av 19.08.08
  • E-post frå barnevernsleiar Hadle Blikra til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 20.08.08
  • E-post frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Årdal kommune v/ Hadle Blikra – revidert dagsorden for tilsynet 22.08.08
  • E-post frå Årdal kommune v/ Blikra 25.08.08
  • E-post frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Årdal kommune – revidert dagsorden 25.08.08

8. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over personar som vart intervjua.

Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Magnus Wold Hultgren

Skulelege

X

X

Anne Lise Steinheim

Avd.leiar psykisk helse

X

X

X

Marie Nilsen

Barnevernskonsulent

X

X

Hanne Hestetun

Barne-og ungd.kontakt

X

X

Anne Berit Lerum

Helsesøster

X

X

X

Marita Midtun

Sosialkonsulent

X

X

X

Monica Semstrøm Larsen

Barnevernskonsulent

X

X

X

Georgos Dardamissis

Skulelege

X

X

Liv Wigdahl

Sosialkonsulent

X

X

X

Therese Lægreid

Leiar for sosialtenestene

X

X

X

Eva Martina Skjerping

Fung. leiande helsesøster

X

X

X

Hadle Blikra

Barnevernsleiar

X

X

X

Ingvar Laberg

Rådmann

X

X

X

Fra tilsynsstyresmaktene deltok:
Seksjonsleiar Arne Røyrvik, revisor
Rådgjevar Jens Tore Eggum, revisor
Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen, revisjonsleiar