Helsetilsynet

Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane

Oppfølging av tilsynet
I dette tilsynet blei det ikkje funne avvik frå lov eller forskrift. Tilsynet er derfor avslutta.

 

Samandrag
1. Innleiing
2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve
3. Gjennomføring
4. Reviderte områder
5. Funn
6. Regelverk
7. Dokumentunderlag
8. Deltakarar ved tilsynet

Samandrag

Rapporten omtalar påpeikte awik innan dei reviderte områda. Tema for tilsynet var om tenestemottakarane som bur i omsorgsbustad i Ardal kommune får den helse og sosialhjelpa dei har rett til etter lov om helsetjenesten i kommunene § 2-1 og lov om sosiale tjenester § 4-2 og 4-3.

Tilsynet var avgrensa til å gjelde:

  • Kartlegging av behov ved søknad om tenester
  • Gjennomføring av vedtak om heimesjukepleie, heimehjelp/støttekontakt
  • Kontroll med eiga verksemd

Det er ikkje avdekt avvik ved dette tilsynet.

Turid Måseide
revisjonsleiar
Arne Røyrvik
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med Årdal kommune i perioden 28.07.08 -, gjennomførd av Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane.

Føremålet med tilsynet er å vurdere om verksemda oppfyller lovkrava innanfor det som er tema ved tilsynet.

Tilsynet omfattar både helsetenester og sosiale tenester. Fylkesmannen har tilsyn med dei sosiale tenestene og Helsetilsynet i fylket har tilsyn med helsetenestene. Samanheng og heilskap i tenestetilbodet er viktig for eldre som bur i omsorgs bustader. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylket har derfor gjennomført tilsyna som eit felles tilsyn. Det vert utarbeidd ein felles rapport.

Tilsynet er utført som systemrevisjon. Ein systemrevisjon vert gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju og ved verifikasjonar. Verifikasjon inneber at vi sjekkar om rutinar, prosedyrar og instruksar vert følgde i praksis, og om del fysiske tilhøva tilfredsstiller krava frå styresmaktene.

Rapporten handlar om avvik som er avdekte under revisjonen og gjev derfor inga fullstendig tilstandsvurdenng av det arbeidet verksemda har gjort innanfor del områda tilsynet har omfatta.

Avvik er definert som mangel på oppfylling av krav frå styresmaktene.

2. Skildring av verksemda - særlege tilhøve

Eldreomsorga i Årdal kommune er organisert i tre einingar; heimesjukepleien, heimehjelpstenesta og institusjonane. I 2008 har lelar for eldreomsorg også vore leiar for heimesjukepleien.

Heimesjukepleien er organisert i tre soner, heimesjukepleien ved Årdal bu- og servicesenter, heimesjukepleien øvre Årdal og heimesjukepleien Ardalstangen. Tilsynet vart undervegs avgrensa til å gjelde helse- og sosialtenester til bebuarar ved Årdal bu- og servicesenter.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Melding om tilsyn blei sendt ut 28.07.08.

Opningsmøte vart halde 04.11.08

Intervju 6 personar vart intervjua.

Verifikasjonar
Følgjande verifikasjonar vart gjennomførde:

  • Stikkprøvekontroll av pasientjournalane/klientmappene til 10 bebuarar ved Årdal bu- og servicesenter.
  • Døme på tiltaksplan for pasient
  • Døme på pasientark/dagplan for pasient
  • Søknadsskjema
  • lnformasjonsskriv om Årdal bu- og servicesenter
  • lnformasjonsskriv om heimesjukepleien
  • Informasjonsskriv om PLOS
  • Avviksmeldingar for 2008

Sluttmøte var halde 04.11.08

4. Reviderte områder

Tema for tilsynet var om tenestemottakarane som bur i omsorgsbustad i Årdal kommune får den helse og sosialhjelpa dei har rett til etter lov om helsetjenesten i kommunene § 2-1 og lov om sosiale tjenester § 4-2 og 4-3.

Tilsynet er avgrensa til å gjelde:

  • Kartlegging av behov ved søknad om tenester
  • Gjennomføring av vedtak om heimesjukepleie, heimehjelp/støttekontakt
  • Kontroll med eiga verksemd 

5. Funn

Det vart ikkje avdekt avvik ved tilsynet.

6. Regelverk

  • Lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Lov av 13. desember 1991 om sosiale tjenester
  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter
  • Lov av 2 juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v
  • Lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker
  • Forskrift om lovbestemt sykepleietjeneste i kommunens helsetjeneste
  • Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene for tjenesteyting etter lov av 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene
  • Forskrift om internkontroll i helse- og sosialtjenesten
  • Forskrift om individuell plan 

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon verksemda har sendt oss:
  • Organisasjonskart
  • Stillingsinstruksar for
    - leiar for heimesjukepleien
    - avdelingssjukepleiar
    - offentleg godkjent sjukepleiar
    - offentleg godkjent hjelpepleiar og omsorgsarbeidar med fagbrev
    - assistentar/pleiemedarbeidar
    - leiar for heimehjelpstenesta
    - heimehjelpsformidlar
    - heimehjelparar
  • Oversikt over tilsette i heimesjukepleien sone 1, 2, og 3
  • Oversikt over tilsette i heimehjelpstenesta
  • Årsmelding 2006 og 2007
  • Tiltaksplan for eldreomsorg 2008
  • Samtykkeerklæring
  • Datainnsamlingsguide/prosedyre for handtering av pasientjournal
  • Kartlegging av behov for omsorgsteneste/vurderingsbesøk
  • Sakshandsaming (samarbeidsgruppe)
  • Eldreomsorga for 2008 (frå Helse Vest)
  • Orientering til søkjarar om heimehjelpstenesta og heimesjukepleie
  • Retningslinjer og mal for individuell plan
  • Avvikshandsaming og rapportering
  • Dokument som gjeld legemiddelhandsaming
  • Dokumentasjon som gjeld 10 bebuarar i omsorgsbustad

Breveksling mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Melding om tilsyn, frå Fylkesmannen 28.07.08
  • Oversending av dokumentasjon, frå Årdal kommune 15.09.08
  • Program for tilsynet, frå Fylkesmannen 18.09.08

8. Deltakarar ved tilsynet

Oversikt over personar frå verksemda som var direkte involvert i revisjonen. i tabellen under er det gitt ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva for personar som blei intervjua

>
Deltakarar ved tilsynet

Namn

Funksjon / stilling

Opningsmøte

Intervju

Sluttmøte

Oddveig Rudi

avdelingssjukepleiar

X

X

X

-

Nina Einan

sjukepleiar

X

X

X

Petra Høgberg

hjelpepleiar

X

X

X

Astrid Aaland Sande

hjelpepleiar

X

X

X

Hildur Høyum

heimehjelp

X

Nina Dolmen

leiar eldreomsorg

X

X

X

lngvar Laberg

rådmann

X

Frå Fylkesmannen og Helsetilsynet i Sogn og Fjordane deltok:
Turid Måseide, revisjonsleiar
Arne Røyrvik, revisor
Beate Tollefsen, revisor